15.7.05

Starkjohann

Her ein dag fekk eg ein e-post frå ein som heitte Starkjohann til etternamn. Det var berre ei masseutsending, men eg googla litt rundt, og fann ut at det er mange borte i statane som heiter Starkjohann. Artig namn.

4 kommentarer:

Hilde sa...

Ikkje berre eit artigt namn, men også eit namn ein bør notere seg i boka si. Kunne passe på ein av karane i romanen "Brakkehorene" som eg ein gong har tenkt å skrive. Handlinga er lagt til ei lita bergverksindustribygd på søre sunnmøre, der det skjer store endringar då bedrifta Kapp Mineral skaffar seg leigearbeidarar frå Finland som bur i brakker nede ved kaia. Kvinnfolka tek til å gå med leppestift, og er tidt og ofte å sjå nede ved brakkene. Ja, ikkje berre utanfor, heller.
Eg nemner: kvinner som forlet ektemennene sine til fordel for finnane, sabotasje av sand-elevatorar med fatal utgong i form av drukning i sandsilo med særleg finkorna sand.
Og så vidare. Synopsisen er skriven. Der finst namn som Ystebakkjen og Rælen.
Starkjohan kunne også passe godt.

Du skjønar nok at denne romanen ikkje kan skrivast på nokre år. No har jo Olivin skifta namn til North Cape Minerals og alt. Og tida då kvinnene i bygda søkte ned mot brakkene, står nok enno friskt i minne hos somme.

Unknown sa...

Nei, ikkje vent, Hilde! Eg vil lese denne boka no!

Hilde sa...

Du har rett, Øystein. Kvifor vente? Vente på kva? At dei ein gong forsmådde ektemennene skal kome over det eller døy? Nei, slikt kan ein ikkje vente på. Eg skal ta til å skrive med det same.

mrtn sa...

Min gamle historielaerer hed Storejohann. Han snakket oxfordengelsk og gikk aldri med sokker. Vi kalte ham Giovanni Grandiosa bag hans rygg.