16.10.09

Globaliseringsboka




Globaliseringsboka hamna akkurat i postkassa mi her i Berlin, og det var ei glede. Eg har stått for design og illustrasjon på denne boka, og må på eigne vegner seie meg svært godt nøgd. Og teksten til Teresa Grøtan er god og interessant, ei blanding av reportasje-, essay-, debatt- og opplysingsbok. For ungdom. Men det er sikkert mange andre òg som vil ha utbytte av denne. Ei klar og hundre prosent partisk anbefaling herifrå!

Meir om boka her.

29.9.09

Bloggintervju

«Om du har sett eit one man band ved t-banen ein stad, ein gatemusikant med både gitar og tangentbrett på magen, tromme på ryggen og munnspelstativ rundt halsen, så veit du kanskje litt om korleis eg kjenner meg av og til.»

Er dette sant? Eg veit ikkje, men det står i eit intervju med meg, på bloggen til Veslebror: Del ein er her, og del to er her. Fleire delar kjem dei nærmaste dagane, det kjem ikkje til å ta slutt.

OPPDATERING: Del tre her.


13.9.09

Doctorow

Litt reklame. Møt Cory Doctorow på Litteraturhuset mandag 14. sept kl 13:




Og kl. 19 er det debatt

15.6.09

Pessoa på Tronsmo




Flamme Forlag skriv følgjande, og eg stemmer i:

«Siste Flamme-arrangement før sommeren:

Vi lanserer 2 DIKT OM MODERNITET
av Álvaro de Campos, alias Fernando Pessoa

torsdag 18/6 klokka 17.00
på Tronsmo bokhandel
(Kr. Augusts gate 19).

Gjendikter Øystein Vidnes leser og foredrar
mens vi andre pimper pappvin.

Mer om boka her:
http://www.flammeforlag.no/katalog/f32

Vel møtt!»

Underskog-lenke
Facebook-lenke

14.6.09

Veslebror ser deg



Og slik blir det norske omslaget på underteikna si omsetjing av Cory Doctorows Little Brother.
Illustrasjon: Yuko Shimizu
Design: Øystein Vidnes
Lanseringsdato er 25. august, men allereie 24. juni er det klart for ein liten smakebit, på opninga av Dei nynorske festspela. På Ivar Aasen-tunet 24. juni kl. 19.00.

8.6.09

«Han vil bli pult av alt»

Epost-intervju med underteikna om Álvaro de Campos’ seksualitet hos Flamme Forlag.

7.6.09

Pessoas Vitner

Eit lite intervju om Pessoa er å finne her (lenke til google-cache ... eigentleg må ein vere Morgenbladet-abonnent for å lese det.)

Og boka, ja, boka kan kjøpast HER!

22.5.09

Kuba Komet 60


Eg har ikkje TV, men når eg ser denne får eg lyst på!


Kuba Komet blei produsert frå 1957-61, men tok visst aldri heilt av.

Prisen er sjølvsagt skamlaus (25-30 000 € seier dei).

(Via berlindesignblog.de)

18.5.09

Talet er to



Og slik blir omslaget på Pessoa-boka.
Design: Yokoland

Det blir opplesing på Norsk litteraturfestival på Lillehammer
fredag 29. mai kl. 16.00, ved Paviljongen, Søndre park,
frå denne og frå dei andre to bøkene i den samme serien, under arrangementstittelen «Utenlandsk flamme».

-----

2 dikt om modernitet
Av Álvaro de Campos / Fernando Pessoa
Gjendikta av Øystein Vidnes
89 sider

Innhald:
Forord ved Øystein Vidnes
1. Triumfode
2. Maritim ode
Bonus: Álvaro de Campos svarar på spørsmål
Etterord ved Jon Fosse

-----

30.4.09

Allen Ginsberg om Fernando Pessoa





Om ein god månad vil underteikna kome med eit lite bidrag til å bøte på den fundamentale mangelen på dikt av Fernando Pessoa på norsk. Bak tittelen 2 dikt om modernitet av Álvaro de Campos, på Flamme forlag skjuler det seg gjendiktingar av to lange dikt som det hasta med å få omsett til norsk før dei fekk 100-årsjubileum eller eit anna klamt påskot for å bli aktuelle (dei blir ikkje hundre år før i 2014 eller -15): «Triumfode» og «Maritim ode».

Medan vi ventar presenterer eg her ei fort-og-gale-gjendikting av Allen Ginsbergs dikt «Salutations to Fernando Pessoa», frå 1988. Kvifor? Det ser mest ut som eit nedlatande og vondskapsfullt angrep på ein død forfattar. Vi kan kanskje seie at dette diktet kan utvide forståinga vår av kva ein hyllest kan vere for noko? Det trengst, i så fall. Og parodiane på våre eigne sjølvgratulasjonar må vi skrive sjølve.

Eller noko slikt.

Her kjem det:

Helsingar til Fernando Pessoa

Kvar gong eg les Pessoa tenkjer eg
eg er betre enn han eg gjer det same som han
meir ekstravagant – han er berre frå Portugal,
eg er amerikansk viktigaste landet i verda
akkurat no slutten av det XX. hundreåret sjølv om Portugal
hadde eit stort imperium i det 15. hundreåret same kan det vere
no krympa til eit hjørne av den iberiske halvøya
medan New York tenk på New York for eksempel
sjølv om Mexico City er større er N.Y. rikare tenk på Empire State
Building for ikkje lenge sidan høgaste skyskrapar i verda –
same kan det vere eg har opplevd 61 år av det XX. hundreåret
Pessoa gjekk ned Rua do Ouro berre til 1936 [sic]
Han gjekk inn i Whitman så eg går inn i Pessoa same kva
dei seier i tillegg til at han er død ville han ikkje ha noko imot det.

Så korleis er eg betre enn Pessoa?
Kjend på 4 kontinent eg har 25 bøker på engelsk han berre 3
hans var for det meste på portugisisk, men det var ikkje hans feil -
USA er eit større land
berre 2 billionar i gjeld ei forbigåande utskeiing
Reagans skitne arbeid eit unntak i Det amerikanske hundreåret
representerer ikkje nasjonen vår som Whitman song på episk vis
men også var bekymra for i «Democratic Vistas»
Som buddhist ikkje stolt over å vere betre enn Pessoa
eg er audmjuk Pessoa var sprø det er noko heilt anna,
men sannsylegvis homse – same som Sokrates,
tenk på Michelangelo Da Vinci Shakespeare
umistelege kamerat Walt
Sant nok eg blei stempla som raud i ung alder berre ein bagatell
Vitskapen sjølv øydelegg ozonlag denne tidsalderen antistalinistar
forgiftar verda med radioaktiv antikommunisme
Kanskje eg laug litt
sjeldan på vers, berre for å verne andre sine namn og rykte
Heilt ærleg for utleverande om mor mi men meinte det godt
Nemnde Pessoa mor si? ho er interessant,
sterkt å føde sekslingar
Alberto Caeiro Álvaro de Campos Ricardo Reis Bernardo Soares & Alexander Search samtidig som
Fernando Pessoa sjølv ein klassisk seksofren
Forvirra personar ikkje så populært
utanfor det vesle landet Portugal (inntil nyleg ein politistat av andre klasse)
La meg kome til poenget eh eg har gløymt kva det var
men heilt klart gøy å samanlikne denne Ginsberg & Pessoa
som folk snakkar om i Iberia nesten ingen bøker på engelsk
i dag det største diplomatspråket utbreidd heilt til Kina
Dessutan var han ei lita reke, innrømmer det sjølv i den uendelege «Helsing til Walt Whitman»
medan eg er 1,72 på sokkelesten
litt over verdsgjennomsnittet, ikkje for å skryte,
eg snakkar alvorleg om meg & Pessoa.
Uansett han påverka aldri meg, hadde aldri lest Pessoa
før eg skreiv mitt feira «Hyl» alt gjendikta til 24 språk,
til denne dag ikkje engsteleg for å bli påverka av Pessoa
Midnatt 12. april 88 berre å ta ein kikk på boka hans
påverkar meg litt forbigåande, det er berre rimeleg
men å lese ei gjendikta side beviser ikkje akkurat «påverknad»
Når vi ser på Pessoa, kva skreiv han om? Whitman
(Lisboa, havet etc.) spesielt langtekkeleg metode,
munndiaré seier nokon – Pessoa Schmessoa.


(Frå Allen Ginsberg: Cosmopolitan Greetings. Poems 1986–1992, Harper Perennial 1995)

27.4.09

Hjemås, Rorgemoen & Carmona-Alvarez

Dagens opptur: Rune F. Hjemås sin blogg jegborher, og det nye intervjuet med Kjersti Rorgemoen, og det ikkje så nye intervjuet med ein Pedro Carmona-Alvarez i storslag. Og ein heil del andre ting eg ikkje har rokke å lese enno.

21.4.09

Festspillprogram



Akkurat sendt i trykken: Magasin/programhefte (60 sider) om utvalde delar av Festspillene sitt program for i år.

Vagant 1 2009



Blogge? Det er jo det siste eg har tid til! Og likevel, likevel, likevel, eg er tilbake, eg er tilbake, eg er tilbake, og eg skriv alt tre gonger. Inntil vidare ville eg berre minne om at årets første Vagant-nummer er ute. Og Vagants nettsider køyrer i gang med omsetjingar av utanlandske artiklar på nettsidene. Meir her og her [underskog.no].