14.4.10

Sei at du køddar, Einar

«Omsett poesi er som regel berre tull,» seier Einar Økland i Syn og segn nr 1/2010. Han held fram, i samtale med Agnes Ravatn:

«Eg har mista trua på det. Hmm … nei … eg vil ikkje beklage det. Det er litt juks når nokon snakkar om store utanlandske dikt, og kor mykje dei har betydd … eg trur det er ein talemåte.
– Dette var då ganske avslappande å høyre.
– Ja, det har eg sagt mange gonger: Takk og pris for at folk er så upåverkelege som dei er. Eg blei veldig slått av det i Hellas, kor utanfor eg var. Det ville tatt eit liv å kome inn i det. Det same med Kina: Ein kan vere turist og seie «der gjer dei sånn og der gjer dei sånn», men so what? Då får eg lyst til å seie sarkastiske ting om dei sjølværklærte internasjonalistane som er så opptatt av å vere unorske.»

Og eg får lyst til å seie: You must be kidding me, gamle Einar. Eit greit motspørsmål kunne kanskje vere: Finst det nokon dikt som ikkje er utanlanske? Heldigvis avsluttar han svaret med: «Men eg er ikkje imot kunnskap om verda.» Det var godt. Eg er frista til å svare: Men eg er ikkje imot kunnskap om Einar Økland.

(Tvert imot, eg hadde t.d. gode ting å seie om den førre essaysamlinga hans, i Morgenbladet)

Men her er Økland der han likar å vere, og helst berre i overført tyding: på tur.

Og eigentleg var det ikkje dette eg ville skrive om. Eg ville eigentleg berre, i god egosentrisk tradisjon, oppsummere fjorårets utgjeving av mi gjendikting av 2 dikt om modernitet, av Álvaro de Campos skråstrek Fernando Pessoa. Samlinga fekk så vidt eg kunne sjå éi avismelding, i Adresseavisen, av Fartein Horgar. Eg siterer dei gjeldande avsnitta ... :

«Hurra for Flamme Forlag som finner frem til den gode, den viktige, poesien, og som kan kunsten å presentere den på en måte som gir lyst til å forfølge forfatterskapene. […] Fernando Pessoa, Portugals nasjonalhelligdom, publiserte ikke stort mens han levde, men under sine mange pseudonymer var han likevel en fornyende kraft i Lisboas litterære liv, en viktig medspiller i det intellektuelle Europas overgang til moderniteten. I et forbilledlig essay plasserer oversetteren forfatteren i den kulturelle kontekst hvor han hører hjemme.

De to diktene som utgjør denne diktsamlingen, er skrevet under pseudonymet Álvaro de Campos. ’Triumfode’ og ’Maritim ode’ ligner hverandre, og har svært beslektede tema, men er likevel strukturelt ulike. Der det første både begynner og slutter i ekstase, starter det andre i et roligere modus, for så å bygge seg opp mot en real utblåsning. Begge er tigersprang i retning av å forene en personlig fortid, en egen eksistens, en egen individualitet, med en mytisk. Og det slår meg at den utagerende kraften, volden mot sansene, og fantasirikdommen det skjer med, bare er mulig når det utføres under pseudonym. Med en vill eksaltasjon lar dikt-jeget seg begeistre av tingene, av byens ’komplekse liv’, av ’dampskip til kais, så individuelle på dei separate ankringsplassane sine’, av poesien i ’handel og kontor’. Med et blikk for tingene og hverdagslivets skjulte liv, og komikk, om du vil, var Fernando Pessoa en av det forrige århundrets virkelige fornyere.»

Og ikkje minst: I Adresseavisa si kåring av dei beste bøkene i 2009 (ligg på nett) kom 2 dikt om modernitet på andreplass i kategorien lyrikk, etter Sarosperiodene av Kaj Skagen. Og framfor Dikt i samling av Jon Fosse. Så det så. Velsigna vere Adresseavisen, får ein seie, framleis i det egoperipetale hjørnet, i Manteuffelstrasse i Berlin, der eg akkurat no står - ja, står - og jobbar med endå fleire utanlandske dikt, fleire enn to.