26.6.05

Er anarkismen ein utopi?

Martins tilvising til Peter Krapotkin inspirerte meg til å gjere ei lita arkeologisk utgraving i mine eigne digitale arkiv, og av personleg nostalgiske årsaker klarer eg faktisk ikkje å la vere å poste resultet av utgravinga her. Så de får bere over med meg, dette er verkeleg for spesielt interesserte: i 1994 – kan ikkje heilt hugse om det var i andre eller tredje klasse på vidaregåande – skreiv eg ei oppgåve i politisk idéhistorie med tittelen «Er anarkismen ein utopi?», i stor grad basert nettopp på Krapotkin, og i mindre grad på Proudhon, som eg nesten ikkje skjønte noko av, men her er oppgåva/artikkelen, uredigert og i full lengde, redda frå Word Perfect 5.1-formatet.


Er anarkismen ein utopi?

Innleiing

Anarkismen er eit vanskeleg emne. Den vik unna, motseier seg sjølv og nektar å la seg analysere. Som eksempel kan eg nemne at medan menneskets frie vilje av mange blir sett på som eit av grunnpilarane til anarkismen, såg Bakunin på det totale fråværet av den frie viljen som grunnleggjande. Mennesket var etter hans meining ikkje anna enn det ufrivillige produkt av det naturlege og sosiale miljø som det er født oppvakse i, og som det lever i. På bakgrunn av det store mangfaldet av teori og praksis innanfor anarkismen ser ein klart ar det her er meir snakk om ei grunnhaldning enn eit ideologisk byggverk. Når eg likevel gjer eit forsøk på å skjematisere anarkismen er det på grunn av den posisjonen den sjølv påberopar seg som den einaste rette ideologi. Det burde vere mogleg å gjere ei vurdering av sannsynlegheita for ei gjennomføring av, og gjennomførbarheita av det anarkistiske samfunnet. Både på grunnlag av anarkistisk teori og den ublide lagnaden anarkismen har lidd dei siste åra etter renessansen i 60- og 70-åra. Mitt prosjekt er å prøve å lage ei oversikt over dei føresetnadane som er sett for gjennomføringa av det anarkistiske samfunnet, for så, på grunnlag av dette om mogleg å gjere den vurderinga som problemstillinga krevjer. På dei viktige punkta der anarkismen er usamd med seg sjølv har eg prøvd å presentere dei mest utbreidde retningane, mange stader har eg utelate meir perifere synspunkt og konsentrert meg om ei retning. (I parentes kan eg tilføye at Krapotkin nok er den teoretikaren som eg har brukt mest plass og tid på, både av di han er kanskje den mest konsekvente og gjennomtenkte av anarkismen sine teoretikarar, og fordi han er rimeleg lett å forstå.)

Anarkismen sitt forhold til kommunismen

Kommunismen og anarkismen hadde same utspring og same mål, anarkismen er eigentleg berre ei grein av kommunismen, men det har alltid vore konflikt mellom dei. For det fyrste er det grunnhaldninga, gemyttet. Bakunin skreiv om Marx: Han kalla meg ein sentimental idealist, og det hadde han vel rett i. Eg kalla han ein forfengeleg og trulaus kverulant, og det hadde vel eg òg rett i. Kommunistane tok - iallfall ikkje ideologisk - anarkismen heilt alvorleg. Lenin framstilte den som ein radikalismen barnesjukdommar som snart ville døy ut. Anarkistar har på si side sett på seg sjølve som meir idealistiske eller kompromisslause enn kommunistar: å opprette eit proletardiktatur for å oppnå eit klasselaust samfunn er litt av eit kompromiss. Og ikkje berre er det eit kompromiss, det er grunna i manglande tru på individet. Men dei utslaga dei store skilnadene i grunnhaldninga gav seg kan i høgaste grad kallast ideologiske. Den totale avvisinga av staten og verkemiddel som disiplin og styring er unik for anarkismen, saman med ideane om mutualisme og flat organisasjon.

Anarkismen har i betydning alltid stått i skuggen av kommunismen, og sidan kommunismen no berre ein skugge av seg sjølv finst det ikkje mange anarkistar att heller. Men det er eit paradoks at kommunismen sin lagnad dreg anarkismen med seg, når det først og fremst er det autoritære ved sosialismen som har møtt krittikk og nederlag, og når anarkismen sjølv har produsert kritikk av den autoritære sosialismen som ramma dei kommunistiske statane lenge før dei vart oppretta. «Fyrst Krapotkin forutsa for omtrent hundre år siden hvorledes de andre, mere systematiske deler av arbeiderbevegelsen ville utvikle seg: den centraldirigerte kommunisme ville bli et terrorsystem, til en politistat, hvis despoti langt ville overgå f.eks. polititerroren i det tsariske Russland. Det viste seg å stemme» (Jens Bjørneboe, «Anarkismen som fremtid»). Kommunismens problem er, ifylgje anarkisten Max Stirner, at den ikkje tenkjer utover arbeidaren og ser dermed vekk frå det vesentlege: å tillate arbeidaren å nyte livet som individ, etter at han gjort si plikt som produsent. I tillegg kritiserer han den kollektive eigedommen av produksjonsmidla som vil gi staten endå vidare makt enn den allereie har: «Med full rett reiser kommunismen seg mot dei individuelle eigarane si undertrykking av meg, men endå meir forferdeleg er den makta den legg i hendene på heilskapen».


Anarkismen sin posisjon i sosialdemokratiet

Kallar ein seg anarkist i dagens politiske miljø, vert ein, så langt mindre enn teken alvorleg, sett på som litt av ein kuriositet. No og då kan nok ein og annan anarkist skape overskrifter eller invitere seg sjølv til ein radiodebatt med tidlegare biskop Lønning, men dei er på ingen måte til stades i den generelle samfunnsdebatten. Dette gjer at folk flest sitt syn på anarkismen er prega av fordommar og fåkunne. Dei som ikkje er uvitande nok til gå gjennom livet i den tru at anarkisme er eit anna ord for totalt kaos, avskriv ein den som noko idealistisk upragmatisk vås, i beste fall ein utopi. Eit samfunn der einkvar vil vere i stand til å bruke sine kunnskapar og sine evner i ei organisme som er slik innretta at alle krefter virkar i foreining for å gje alle den størst moglege tilfredsstilling og fridom (Krapotkin), vil nok av dei fleste bli sett på som vel og bra, men dessverre ganske utopisk. Grunngjevinga for at det er ein utopi vil vere eit pessimistisk menneskesyn: det vil ikkje fungere, det vil ende opp i kaos.

Er anarkismen verkeleg berre ei kuriositet? I så fall, kvar var det dei store anarkistane tok så grundig feil at dei fortener å bli forviste til ein slik posisjon?


Moglegheitene

«Om den indre utvikling i sosialdemokratiet forutsa Krapotkin (...) at selve parlamentarismen - for at sosialdemokratiets parlamentariske representanter skulle kunne hevde seg i spillet - ville føre til at partiet måtte bli stadig mere centraldirigert, og at dets enkelte representanter mistet ethvert personlig syn og ansvar, idet de utelukkende ble til talerør for ledelsen. Avvikende meninger ville bringes til taushet av partipisken» (Bjørneboe). Eg vil påstå at der er eit snev av sanning i denne kritikken, og at anarkismens kritikk av samfunnet, om den enn var meir aktuell i den tida den vart skriven, ikkje er så forelda som ein kanskje kunne tru. Bjørneboe var på slutten av 60-talet, som det kanskje var grunn til på den tida, optimistisk på anarkismens vegner: «Man behøver ikke være noen stor spåmann for å forutsi at den (anarkismen) vil la høre fra seg i de kommende årtier, antagelig som den mest vitale puls fra nå av.» Her tok han feil, som dagens situasjon er eit bevis på. Men var Bjørneboe for seint ute eller for tidleg?

Eg set som ein føresetnad at det frie anarkistiske samfunnet i utgangspunktet er ynskjeleg, utan å ta stilling til om det er ein utopi eller resultat av eit misforstått menneskesyn. Å meine at anarkismen er uoppnåeleg er i utgangspunktet ein fordom.

Og kanskje vi kan gløyme Vest-Europa ein augneblink. «Ein må forstå at fridommen berre er ei løgn når det store fleirtalet av befolkninga er dømt til å føre eit tilvære i fattigdom, der dei er frårøva undervisning, fritid og brød, og der dei er bestemt til å tene som et springbrett for dei mektige og rike. (Bakunin). Passar dette nokon stad betre enn på autoritære, borgarkrig- og katastrofeherja statar f.eks. i Afrika? Er ein ikkje nettopp i Afrika på jakt etter alternativ til autoritær kommunisme og demokratiet - som ikkje ser ut til å fungere like godt i Afrika som i Europa og USA? Tankane er ikkje nye, men heller ikkje eigentleg tenkte.



FØRESETNADENE

Dei grunnleggjande

Anarkismen legg vekt på at samfunnet slik det framstår først og fremst er menneskeskapt. Den historiske materialismen strid difor mot anarkistisk teori, i utgangspunktet også alle andre former for determinisme. (Men på dette punktet har anarkistane prøvd å fylgje etter Marx ved å skape si eiga form for determinisme: dagens samfunnsform er nøydd til å verte avløyst av anten kaos eller anarkisme, eller det uunngåelege kaoset er nøydd til å verte avløyst av anarkismen. På denne måten blir anarkismen som konsekvens av utviklinga uunngåeleg) I det at samfunnet er menneskeskapt ligg også at mennesket har kraft til å forandre samfunnet. Ei forutsetning for dette er at mennesket har ei fri vilje, og kan ta sjølvstendige val på grunnlag av eigne vurderingar. Målet for det anarkistiske samfunnet er at mennesket utelukkande skal styrast av eigne overveiingar. Når mennesket blir undertrykt og passivisert fungerer ikkje dette. Dette er eit sentralt punkt i den anarkistiske teorien, men på same tid gjer det ideologien lite handgripeleg for nøktern vurdering. Den viktigaste føresetnaden for anarkismen sin eventuelle suverenitet som ideologi i forhold til andre ideologiar, er samstundes ein konsekvens av målet for ideologien, og på den måten ikkje til stades utan at dei anarkistiske ideane blir gjennomførte til ytste konsekvens. Ei anarkistisk overtyding er nøydd til å springe ut av ei forståing eller optimisme som eit ferdig innført anarkistisk samfunn er den beste føresetnaden for å oppnå.

Alle menneske har dei same grunnleggjande behova for mat, bustad, personleg og materiell tryggleik og fellesskap. Vert desse behova dekte spring det ut nye behov, og i ei eller anna form kan alle desse behova kallast kunstneriske. Og det er fridommen, høvet til utfalding og dekking av desse behova som skal gjere det anarkistiske samfunnet til eit variert, ikkje einsrettande, individualistisk samfunn.

Dei sekundære

Anarkismen forutset initiativ frå einskildindivid, ein revolusjon vil ikkje kome i gang av seg sjølv, og det nye samfunnet vil ikkje automatisk kunne fungere. Poenget er at i staden for å delegere eller bebreide, skal ein anarkist sjølv setje i gang å gjennomføre det han ser som nødvendig; dersom alle handlar slik dei sjølv har bruk for blir staten overflødig. Men anarkismen må, for å gjennomføre ein revolusjon vere ei brei folkerørsle. Revolusjonære kan ikkje lage revolusjonar. Dei kan berre samordne og leie dei rørslene som har sitt utspring i det misnøgde folket sjølv (Krapotkin). Og: Vi forstår også at dei noverande begrepa om det nødvendige i autoritet og styring ikkje vil bli forletne av heile den siviliserte menneskeslekta på ein gong. Det vil krevje årelang propaganda og vedvarande protest før menneska kjem til å sjå at dei har teke feil når dei gjev herskarane og lovene æra for det som i røynda spring ut av deira eigne samfunnskjensler og vanar. Bakunin vart på sine gamle dagar ein pessimist når det gjaldt å oppnå dei måla han hadde sett for anarkismen: Til mi store sorg har eg oppdaga at massane ikkje bryr seg om revolusjonen, dei har ingen lidenskap og ikkje håp. Og der det ikkje finst håp kan ein agitere så mykje ein vil utan å oppnå resultat. Hovudoppgåva til den årelange propagandaen og vedvarande protesten som Krapotkin nemner som verkemiddel for å få folket med seg må altså vere å tenne håpet i folkemassane. Sjølv fylgde han opp dette gjennom å utgi revolusjonære tidsskrift, som til forskjell frå mange andre arbeidartidsskrift på siste halvdelen av 1800-talet ikkje var reine arkiv for klagesongar, men optimistiske, med bud om om at ei ny tid er i emning. Desse tidsskrifta både redigerte han og skreiv sjølv. Det er håp, ikkje fortviling, som skal skape seierrike revolusjonar.

Men hindringar som massane sin tregleik er ifylgje anarkismen og overfor den uimotståelege utviklinga berre for bremser å rekne. Utviklinga mot eit antiautoritært samfunn er naturleg og i seg sjølv uunngåeleg. Skal vi tru Bakunin står det etter den franske revolusjonen berre att å organisere samfunnet slik at det kan leve utan regjering. Mykje av arbeidet er allereie gjort, i og med at massane har trass i statens trykkjande og skadelege formyndarskap (...) uvilkårleg utvikla i sin midte, om ikkje alle element enno, så i alle fall mange av dei elementa som er essensielle for den moralske og materielle orden som utgjer det vesentlege av den verkelege menneskelege einskap. Det finst altså ein mellomting mellom autoritære og antiautoritære samfunn, og det skjer ei utvikling.

Dei organisatoriske

Revolusjonen er eit av hovudemna innanfor anarkismen, sjølv om det også finst reformistiske anarkistar. Men i utgangspunktet ser ikkje anarkismen noka konflikt mellom reformisme og revolusjonisme. Revolusjon er ikkje noko anna enn evolusjon i rask takt, og såleis er all utvikling, rask eller sakte, i retning av eit anarkistisk samfunn, av det gode. Det er eit faktum at anarkismen alltid har hatt eit romantisk forhold til revolusjonen. Bakunin kalla den «ei høgtid utan byrjing og slutt». Men vitskapelege utgreiingar om den anarkististiske revolusjosjonen finn vi også. Krapotkin, som sjølv aldri deltok i revolusjonære handlingar og var imot valdsbruk, går skarpt i rette med revolusjonære brushovud som ser på revolusjonen som ein stor folkeleg fest, der alt av seg sjølv ordnar seg på beste måte. Ein revolusjon krevjer god førebuing, improviserte revolusjonar har gode føresetnader berre for anten å mislykkast eller å skape på nytt dei institusjonar og samfunnsordningar den opprinneleg ville avskaffe. Og her kjem det omtalte initiativet inn; det må takast fatt på dei praktiske oppgåvene som revolusjonen krevjer. Revolusjonen må gjennomførast i fellesskap og fellesskapet må vere på det reine med naudsynet av og formålet for revolusjonen. Folket kan ikkje overlate revolusjonen til eit fåtal utan å la den i stikken. Difor må det skapast ei levande overtyding og eit levande håp om ei ny tid blant folket.

For å nå dei fastsette måla gjennom dei fastsette verkemidla erkjenner anarkismen naudsynet av organisasjon, men den organiseringa det her er snakk om er det som Proudhon kallar den naturlege orden, i motsetning til til den falske einskapen som er medført av tvang. Eit samfunn organisert på denne måten tenkjer og handlar som ein mann, og det er nettopp av di det ikkje lenger er representert av ein mann, fordi det ikkje lenger anerkjenner den personlege autoritet, fordi sentrum er overalt, omkrinsen ingen stader i samfunnet, som i alle organiserte og levande vesen. Anarkiet er det organiserte, levande samfunn (...), den høgaste grad av fridom og orden mennesket kan nå fram til. Den italienske anarkisten Erico Malesta meiner endåtil at prinsippet om organisasjon er viktigare enn prinsippet om fridom: Dersom vi ikkje trudde det kunne finnast organisasjon utan autoritet, ville vi vere autoritære, fordi vi likevel ville føretrekke den autoriteten som hemmar livet og gjer det trist framfor desorganisasjon som gjer det umogleg. Voline, ein russisk anarkist frå dette århundret presiserer nærare korleis organiseringa skal skje: Denne nye organisasjonen må bli til på fritt grunnlag, sosialt, og framfor alt, frå grunnen av. Organisasjonsprinsippet må utgå, ikkje frå eit sentrum som er skapt på førehand, for å rive til seg heilskapen og påtvinge seg den, men - og det er akkurat det motsette - må utgå frå alle sider, for å kome fram til koordineringsknuter, naturlege sentra som kan tene alle desse sidene.

Blant dei anarkistiske teoretikarane var det stor usemje om måten eigedomsforholda burde vere organisert på. Proudhons verk Kva er eigedom? vart av Marx anerkjent som den fyrste avgjerande, kraftfulle og vitskapelege undersøkinga av privateigedommen sin natur. Men Proudhons skrifter kan ofte virke uoversiktlege og uklare, og dette ser ut til også å ha fått fylgjer for andre framstillingar av hans syn. Eg vil likevel prøve å kome med eit par oppklaringar: Proudhons slagord «eigedom er tjuveri!» må ikkje takast som eit angrep på den private eigedomsretten. «Eigedom» i denne samanhengen er retten til å eige dei store produksjonsmidla, og ikkje retten til kontroll over eigen bustad, jord, reiskapar og liknande. Rådvelde over eigne ressursar såg Proudhon på som ein føresetnad for mennesket sin fridom, den anarkistiske samfunnsordenen skulle vere ein mellomveg mellom kommunisme og privatkapitalisme. Han ville behalde den private produksjonsmåten og den frie konkurransen, men han ville bli kvitt dei ikkje-arbeidande eigarane av eigedom, og det er det han kallar mutualisme: all rente på jord og kapital skulle avskaffast og det måtte bli innført gjensidigheit (mutualité), alle økonomiske og handelsmessige forhold mellom menneske skulle vere utan profitt. Det ligg i dette at «eigedom» ikkje lenger skulle vere einstydande med «tjuveri». I Praksis skulle naturlege fellesskap, grupper av arbeidarar, kontrollere produksjonsmidla som dei arbeidde med. Krapotkin og Bakunin meinte begge at Proudhons syn var upraktisk og ikkje gjennomførbart i praksis, difor laga dei sine eigne organisasjonsmodellar for økonomien. Bakunin var forkjempar for kollektivismen. Kolletkivismen skiljer seg frå Proudhons syn når det gjeld eigedommen av produksjonsmidla, der den einaste og enklaste løysinga etter Bakunins meining ville vere eit fullstendig felleseige. Bakunin var altså, som Proudhon tilhengjar av den private eigedomsretten. Det var derimot ikkje Krapotkin. Krapotkin prøvde å utforme ein meir teoretisk vitskapeleg anarkisme, men var likevel, eller kanskje nettopp på grunnlag av dette, oppteken av realisme som motsetning til den absolutte idealismen som ofte har prega anarkismen. Han ville at eigedomsretten til produksjonsmidla skulle gå til kommunen, det lokale forvaltningsorganet som står nærast folket. Teorien hans gjekk ut på at kvar enkelt skulle yte - arbeide - etter evne og få etter behov. Ta av bunken! var parolen. Og bunken ville vere stor nok til at ein fritt kunne ta av den: Om vi ikkje lenger produserte luksusvarer, og all den energien som vert misbrukt i byråkratiet og i det militære i staden vart brukt på samfunnsnyttige oppgåver, ville det ikkje vere noko problem å gje nok til alle. Om alle menneske arbeidde både med hendene og hovudet i fem timar pr. dag, ville materiell tryggleik for alle vere sikra. Og materiell tryggleik er ei anna av føresetnadene for at det anarkistiske samfunnet skal fungere, fordi det er den viktigaste faktoren for dekking av mange av dei grunnleggjande behova til mennesket. Som tidlegare nemnt skal det anarkistiske samfunnet vere eit mangfaldig samfunn fordi dei sekundære - kunstneriske - behova varierer frå menneske til menneske. Men dei menneska som skiljer seg ut også i grunnleggjande trekk ved mennesket, som når det gjeld behov for å vere yrkesaktiv og å vere i stand til å yte til fellesskapen, dei som ikkje finn tilfredsstilling i arbeidet sjølv om det utførast frivillig, har sjølv sett seg utanfor: Er du fullstendig ute av stand til å produsere noko nyttig, eller nektar å gjere det - lev då som eit isolert eller sjukt menneske. Om vi rike nok til å gje deg det du treng, skal vi med glede gje deg det. Men det er meir enn sannsynleg at du kjem til å lide for det i ditt daglege samliv med andre menneske. Du kjem til å bli sett på som ein gjengangar frå det borgarlege samfunnet...


Den absolutte

Den franske forfattaren Rabelais beskreiv så tidleg som på 1500-talet, i det satiriske verket Gargantua og Pantagruel, grunnleggjande trekk av anarkismen sitt syn på betydninga av fridom. I det store klostersamfunnet fridommens rike der alle bor, lever folk ikkje etter lover, statuttar eller reglar, men etter eiga frie vilje og avgjerd. (...) I klosterreglane var det einast eitt punkt: gjer det du vil, fordi folk av god ætt og god oppseding, når dei omgåast pent selskap av naturen har eit instinkt og ein spore som alltid driv dei til gode handlingar og held dei borte frå lasten.(...) På grunn av denne fridommen innlet dei seg i edel kappestrid om å gjere det som dei såg ville tilfredsstille den enkelte. Slik er anarkismens ideal. Det vil nok overraske enkelte at det ligg nærare Kardemommeby enn ein terrorstat.

Fridom er anarki fordi det ikkje tillet tilfellet å herske, men berre lova sin autoritet, d.v.s. det nødvendige. (Proudhon) Det er altså berre dei vitskapelege lovene for naturen og samfunnet som skal danne grensene for den menneskelege fridommen. Fridommen er alle menneske sin absolutte rett til å ikkje søkje noko anna godkjenning av handlingane sine enn den dei får av eiga vilje, og som fylgje berre vere ansvarleg for dei overfor seg sjølv. (Bakunin) Fridommen må vere uinnskrenka, ein kan ikkje, som liberalistane vil, gi avkall på ein del av fridommen for å sikre resten. Fridommen kan og bør berre forsvarast ved fridommen; det er ei farleg motseiing å ville forgripe seg på fridommen under falsk påskot av å ville beskytte den (Bakunin)

Samanfatting av dei viktigaste føresetnadene

Føresetnader som anarkismen føreset tilstadeverande:
1. Mennesket har ei fri vilje til innanfor grensene av arv og miljø å velje til sitt eige beste.
2. Mennesket har vilje og evne til å sjå utanfor sitt eige beste under forutsetning av at det berre blir styrt av eigne overveiingar og ikkje umyndeggjort.
3. Fordi mennesket har skapt samfunnet må mennesket ha kraft til å forandre samfunnet.
4. Alle menneske har dei same grunnleggjande behova. Dei behov som ikkje kjem under omgrepet grunnleggjande kan stort sett kallast kunstneriske, og dei skiftar frå individ til individ.

Føresetnader som må skaffast til vegs for å innføre ein anarkistisk samfunnsorden:
5. Forståing av og sympati for anarkismen sine idear blant massane.
6. Optimisme, eller håp i forhold til desse ideane si gjennomføring. Ei forutsetning for dette igjen er at dei som har innsett samfunnets beste (anarkismen) ikkje må gi opp kampen mot massane sin tregleik. I denne samanhengen har terrorisme blitt brukt som verkemiddel av anarkistiske grupperingar, men dette er å sjå på som ei avsporing. Krapoktin peikar på propaganda og vedvarande protest som hovudverkemiddel. Anarkistane sine forslag (for dei er forslag ikkje doktrinar) til endringar av samfunnet må spreiast til massane for kritisk og praktisk avprøving.
7. Behov for handling må avløysast av handling: den einaste makt anarkismen anerkjenner er eksemplets.
8. Revolusjon. Den totale omveltinga av samfunnet, der heile folket skal vere med på gjennomføringa. Massane er utspringskjelde, kraft og nødvendig forbundsfelle for revolusjonen. 5., 6. og 7. skal fungere som førebuing til revolusjonen.

Føresetnader som må vere til stades i det anarkistiske samfunnet:
9. Total fridom. Einskildindividet i samfunnet utan stat skal berre styrast av eigne overveiingar. Ein føresetnad for dette er at eit samfunn der mennesket ikkje blir diktert, både fremjar forståing og vilje og initiativ til å tileigne seg forståing. Den totale fridommen skal gi massane høve til å la seg styre berre av eigne overveiingar og gje høve til utfalding og sjølvutvikling.
10. Organisasjon. Organisering innanfor anarkismen er av ein annan type enn den kunstige orden som blir påtvinga ovanfrå: Den naturlege orden som får samfunnet til å opptre som ein einskap, og utgått av frivillig initiativ og i felles interesse. Organisasjonen skal vere resultatet av ei ekte forståing av at den er nødvendig, og ikkje resultatet av nokon form for tvang eller disiplinær autoritet.
11. Lover. Dei lover og reglar som ein innser er naudsynte skal bestemmast i form av avtaler til felles beste. Poenget er at desse skal fylgjast fordi ein innser at det er naudsynt eller til eigen og andre sin fordel om ein fylgjer lovene, og ikkje av di ein er redd for å bli straffa.
12. Forandra eigedomsforhold. Tre retningar:
-Kollektivisme. Eigedomsrett til opparbeidde verdiar men ikkje til produksjonsmidla (Bakunin).
-Kommunistisk anarkisme. Fellesskap både i produksjon og forbruk, fri rett til nyting av felles goder (Krapotkin).
-Mutualisme. Eigedomsrett utan rett til utnytting. Felleseige av produksjonsmidla, privateige av tileigna verdiar (Proudhoun)
13. Materiell tryggleik. Dekking av grunnleggjande behov som mat, klede og bustad er ei viktig føresetnad for at den fredelege sameksistensen som det frie samfunnet er avhengig av.
14. Kommunikasjon. Tanken er at det frie mennesket vil søkje forståing og kunnskap fordi det er til eige og felles beste, og at det vil finne det fordi drivkrafta kjem innanfrå, ikkje utanfrå som tilfellet er i dagens samfunn.


Ein slags konklusjon?

Anarkismen byggjer på at organisasjon skal vere frivillig, men uunngåeleg fordi den er naudsynt for kvart menneske i seg sjølv. Frie individ vil ifylgje anarkismen danne eit ordna samfunn, der alle samfunnet sine behov og forhold skal vere sørga for av fritt inngådde avtalar, på alle trinn. Fordi ingen er bunden av ein avtale som ikkje lenger tener eins eige formål vil avtalar stadig bli oppløyst og inngått. Dette er ein prosess som eg meiner er tvilsam dersom fridommen er målet. Fordi ein avtale som opprinneleg kanskje var inngått i felles interesser og naudsyn vil binde den som har minst å yte. Dei personar eller grupper i samfunnet som har lite å tilby, og som kanskje vil ha vanskeleg for å finne avtalepartnarar, vil kome i ein makteslaus situasjon. Og på same måten kjem dei som har noko ekstra å fare med til å få ei makt som eg ikkje kan sjå sjå har vore rekna med. Naturressursar er ein faktor som kan skape denne ubalansen. Både etter Proudhons, Bakunins og Krapotkins modell kan ressursar i hendene på enkelte geografiske grupper gi dei ei makt innanfor føderasjonen som kan skape konflikt, eller i det minste ei avhengigheit som ikkje er gjensidig.

Det virkar på meg som uttrykk for konsekvens at Krapotkin brukar fridommen som argument for ikkje å gi nærare presiseringar av korleis det nye samfunnet bør organiserast. På same måten er det ikkje heller uttrykk for inkonsekvens at han kritiserer dei som vil sjå bort frå teori og legge vekt på praksis, men eigentleg berre vil ha sine eigne meir eller mindre gjennomtenkte teoriar gjennomførte. Ein kan nok diskutere Krapotkins konklusjon i verket Innbyrdes hjelp, om at samarbeid er meir utbreidd i naturen enn konkurranse, men hans agitasjon for dette synet er vitskapleg og slett ikkje til å avfeie som tøv. Men eg trur han gjer seg skuld i ei forenkling av mennesket sin natur når han deler behova som mennesket har inn i to grupper, dei materielle og dei kunstneriske. Eg trur ikkje punktet for full tilfredsstilling av dei materielle behova er eit punkt som er likt for alle menneske. I utgangspunktet er ikkje dette i strid med anarkismen, fordi sjølv om ein innser at alle menneske har varierande behov for ting som tryggleik og fellesskap, kanskje også (som ein konsekvens av det) for materiell tryggleik, treng ein ikkje sjå på det som eit problem. Dekking av behova kan kome på forskjellige nivå og tidspunkt, hovudsaka er at den kjem. Men det er ikkje sikkert at dette fungerer i praksis, fordi det kan skape konflikt dersom enkelte ikkje får tilfredsstilt sine behov på same tidspunkt som andre kjempar for å få det. Denne nyanseringa av ein av grunnpilarane i anarkismen kan også vere med på å skape forvirring når det gjeld anarkismen som heilskap, og endå verre: den forståinga som er føresett for at mennesket skal kunne fungere i den frie tilstanden står i fare. Eg meiner også at grensa mellom dei primære og sekundære behova er flytande, og er ikkje berre forskjellig frå menneske til menneske, den forandrar seg over tid. Såleis trur eg at den absolutte, for ikkje å seie uendelege, kommunikasjonen mellom menneska som er nødvendig, fyrst for å skape ein revolusjon, så for å byggje opp eit samfunn, er umogleg. Så lenge verda består av sjølvstendige individ må forholdet og forståinga mellom dei i stor grad vere bygd på fordommar. Men desse fordommane vil ikkje vere nok til å skape det anarkistiske samfunnet, fordi den forståinga av kvarandre som ville gjere det til det einaste rette må vere ekte. Mennesket er godt, men det er ikkje eitt. Difor er anarkismen umogleg.

Ein utopi er, i fylgje definisjonen, ei utmaling av ein idealstat. Og sidan dette passar godt på anarkismen vil eg ikkje nøle med å kalle den ein utopi, sjølv om alle alle lengre utgreiingar om den blånektar, set seg på bakbeina og brukar kapittel på kapittel til å overbevise meg om at den ikkje er det. Men eg innrømmer at anarkismen er mykje meir enn berre ein utopi. Den er ein teori om mennesket sin natur som tek det på alvor på ein heilt annan måte enn den vi finn i dei fleste andre ideologiar. Den peikar på problem sjølv innanfor vart noverande politiske system som vi burde ta på alvor, og den prøvar å finne heilt nye løysingar på gamle problem. Men, for igjen å vere litt urettferdig, dersom vi brukar ein meir folkeleg definisjon på ordet utopi (noko som ein med si beste vilje ikkje kan sjå er oppnåeleg) vil ein kunne kalle anarkismen ei heil lita samling av utopiar.

Men eg vil ikkje med det avvise dei anarkistiske grunnideane. Ein kan ikkje nekte for at ein del prinsipp som allereie har fått innpass i samfunnet, som f.eks. ansvar for eiga læring, har klart anarkistiske trekk. Det å gje kvar enkelt ansvaret for seg sjølv og la drivkrafta for læringa kome innanfrå i staden for frå kateteret er om ikkje inspirert av, så iallfall ein parallell til anarkismen. Å la haldningskampanjar erstatte vedtak, lover og straff er også idear som ikkje ville vere framande for anarkismen. Men eg kan ikkje seie med entusiasme at eg, sjølv om eg anser utopien for god, vil gå ind i det konstruktive arbejde for at skaffe de betingelser til veje, som gjør utopien mulig (Laurits Lauritsen, Anarkismen og syndikalismen). Negative fordommar ser ut til å vere på moten, men håpet kan vi ikkje gi oss over til, det ville vere naivt, urealistisk og upraktisk.

Forresten: var ikkje dagens samfunn ein utopi for tusen år sidan?


————————————

Kjeldeliste:

Anarkistisk lesebok – Tekster fra Krapotkin til Cohn-Bendit. Pax Forlag 1970

Politiske ideologier – fra Platon til Mao. Politikkens Forlag 1972

Politisk idehistorie. Erik Sølvberg, Aschehoug 1990

Anarkismen. Daniel Guerin, Pax Forlag 1977

De store anarkister Yngvar Ustvedt, Tiden Norsk Forlag 1977

Anarkismens grundideer. Michael Helm, Hans Reitsels Forlag 1980

Pax Leksikon

24.6.05

Anarko-royalisme II

Eg endra fargen på passet (og på bloggen) frå grønt til svart, for når passet kom frå trykkeriet viste det seg at dei hadde trykt omslaget på så mørkegrønt papir at det ser svart ut, unntatt i veldig sterk sol, og det er det jo som kjent lite av for tida.

«Incidentally, there IS something called anarchoroyalism, the symbol of which is the black rose» står det her, men eg tviler litt på opphavet til merknaden, og finn ingen andre kjelder. Er det nokon andre som kjenner omgrepet?

22.6.05

Samanhengen

Etter jobb i går gjekk eg på biblioteket. På vegen til biblioteket traff eg ei kvinne som trilla på ei vogn der det sat ein liten unge som heitte Sivert. Eg innrømmer at eg ikkje hugsar kva kvinna heitte, sjølv om eg har snakka med henne fleire gongar. Eg er dårleg på sånt. Men Sivert handhelste på min peikefinger, med si vesle hand, og ville ikkje sleppe. Så eg gjekk mot biblioteket med hans fingrar rundt min. På biblioteket fekk eg tilbake passet mitt, som eg for ein månad sidan hadde gløymt igjen, liggande mellom to sider i den norske Statskalenderen for 2005, då eg skulle gjere typografisk og grafisk research for produksjonen av fusapasset. Det dumme er at eg i mellomtida var nøydd til å skaffe meg nytt pass. Så no har eg to. På biblioteket lånte eg sju eller åtte bøker av Rolf Sagen (som eg skal intervjue på mandag). Etterpå gjekk eg ein tur på Clas Ohlson, og då traff eg den same kvinna ein gong til, denne gongen utan unge, ståande i køen for kundeservice. Ho sa at ho ikkje trengde service, men berre stod der. Eg gjekk for å kjøpe ein liten USB-disk (så eg kan ha ein trygg backup av tekstar og andre data på nøkkelhanken til ei kvar tid), men dei diskane Clas Ohlson hadde var ikkje små nok. Eg vil ha ein slik som Martin har. På veg til Bølgen og Moi såg eg den same kvinna for tredje gong, på avstand, eg helste ikkje. På Bølgen og Moi åt eg burger medan eg byrja å lese Skog av Rolf Sagen. Etter maten gjekk eg på Legal, der eg leste boka nesten ferdig medan eg drakk øl, berre avbrote av ein hyggeleg samtale med Tor Brødreskift. Etter ein øl gjekk Tor for å treffe nokre kameratar ein annan stad. Eg leste ut Skog, og gjekk ein tur på Henrik. Der traff eg Finn Tveito, og vi hadde ein lang samtale om La Poétique de l'espace (Rommets Poetikk) av den lite påakta filosofen Gaston Bachelard. Då såg eg Tor Brødreskift igjen. Eg helste med handa. Han såg meg ikkje. Kva er samanhengen i dette? Eg vil så gjerne finne samanhengen.

15.6.05

Anarko-royalisme

Eg veit ikkje om den vyrde visekongen av Fusa vil gå god for omgrepet i overskrifta, men det får stå for mi eiga rekning. Det er er eg som er anarko-royalisten. Dei siste vekene har eg jobba på spreng for visekongen, for å få dette til å sjå fint ut:

Ting å sjå fram til

Ein fin ting med å jobbe er at ein kan ta ferie. Og etter ein månad her, blir eg kanskje klar for å jobbe litt meir, før eg, i september, skal hit. Om eg får tid. Eg må få tid.