30.12.05

Vi kan ikke fortsette denne samtalen

Vi kan ikke fortsette denne samtalen
så lenge du befinner deg midt i et så langt brøl
som jeg har prøvd å avbryte med min taushet

Med dette sitatet (frå eit dikt han skreiv på 70-talet, så vidt eg kan hugse) slutta intervjuet eg gjorde med Georg Johannesen i 1999. Teksten kom på trykk etter utallige runder. Det var sjølvsagt nervepirrande, men han dedikerte trass alt fleire arbeidsdagar på denne «norskopplæringa» som han kalte det. Som eit siste sprell, meinte han at sitatet ovanfor måtte stå utan referanse. Prosopopeia sine nettsider har kutta navlestrengen til dei gamle sidene, men intervjuet kan framleis finnast her. I den versjonen manglar sitatet ovanfor linjeskift, og det same gjeld den følgjande strofen:

Du, jeg tror ikke at løven er et lam
Du, jeg tror ikke at lammet er en løve
Men jeg tror at bordet har fire bein
Det femte beinet er fantasi
og når det blir for mye fantasi
dør menneskene av hjerteinfarkt

No er han borte, og her er eit flott intervju med Einar Økland.

Suppe og skattefrådrag



Einmannsforetaket mitt har i dag investert i nytt kamera og dokumentert at Silje et suppe.

22.12.05

Den poseringa eg har lagt bak meg






Som ein bonus for dei som har venta lenge på ein intimiserande post på denne bloggen: her er to bilete frå siste halvdel av 70-talet. For meg var det ei ordentleg glam-periode.

12.12.05

Setningar eg aldri skulle ha skrive IV

Internasjonal organisering ved høgare utdanningsinstitusjonar er utruleg viktig å sjå i samanheng med utviklinga av internasjonaliseringa av internasjonalt samarbeid.

7.12.05

Ein kritisk lesar

I påvente av at eg skal få gnisten tilbake (han er på veg, eg kjenner det på gikta), og i påvente av den nye boka, som enno ikkje er heilt ferdig, presenterer eg Pelle, ein svært kritisk lesar av Bondeforteljingar, borte på Vår blogg.