Vi kan ikke fortsette denne samtalen
så lenge du befinner deg midt i et så langt brøl
som jeg har prøvd å avbryte med min taushet
Med dette sitatet (frå eit dikt han skreiv på 70-talet, så vidt eg kan hugse) slutta intervjuet eg gjorde med Georg Johannesen i 1999. Teksten kom på trykk etter utallige runder. Det var sjølvsagt nervepirrande, men han dedikerte trass alt fleire arbeidsdagar på denne «norskopplæringa» som han kalte det. Som eit siste sprell, meinte han at sitatet ovanfor måtte stå utan referanse. Prosopopeia sine nettsider har kutta navlestrengen til dei gamle sidene, men intervjuet kan framleis finnast her. I den versjonen manglar sitatet ovanfor linjeskift, og det same gjeld den følgjande strofen:
Du, jeg tror ikke at løven er et lam
Du, jeg tror ikke at lammet er en løve
Men jeg tror at bordet har fire bein
Det femte beinet er fantasi
og når det blir for mye fantasi
dør menneskene av hjerteinfarkt
No er han borte, og her er eit flott intervju med Einar Økland.
The Talk Show: ‘Pinkies on the Semicolon’
-
The state of the Mac, with special guest John Siracusa.
Sponsored by:
- Mack Weldon: Reinventing men’s basics with smart design, premium
fabrics, ...
for 12 timer siden
2 kommentarer:
er det noko eg hugsar frå gamledagar, så er den føljetongen av ei intervjuhistorie du hadde med Johannesen. Glad du fekk fargen din igjen etter den episoden. Ja til norskopplæring og folk som tar på alvor både det å intervjue og det å bli intervjua.
Det kjem nok mykje meir om Johannesen. Og det byrjar bra, når eg dømer etter intervjua på nettstaden din. (Eg skriv nettstaden no, sidan du har redigert om på sidene dine.)
Legg inn en kommentar