30.4.09

Allen Ginsberg om Fernando Pessoa





Om ein god månad vil underteikna kome med eit lite bidrag til å bøte på den fundamentale mangelen på dikt av Fernando Pessoa på norsk. Bak tittelen 2 dikt om modernitet av Álvaro de Campos, på Flamme forlag skjuler det seg gjendiktingar av to lange dikt som det hasta med å få omsett til norsk før dei fekk 100-årsjubileum eller eit anna klamt påskot for å bli aktuelle (dei blir ikkje hundre år før i 2014 eller -15): «Triumfode» og «Maritim ode».

Medan vi ventar presenterer eg her ei fort-og-gale-gjendikting av Allen Ginsbergs dikt «Salutations to Fernando Pessoa», frå 1988. Kvifor? Det ser mest ut som eit nedlatande og vondskapsfullt angrep på ein død forfattar. Vi kan kanskje seie at dette diktet kan utvide forståinga vår av kva ein hyllest kan vere for noko? Det trengst, i så fall. Og parodiane på våre eigne sjølvgratulasjonar må vi skrive sjølve.

Eller noko slikt.

Her kjem det:

Helsingar til Fernando Pessoa

Kvar gong eg les Pessoa tenkjer eg
eg er betre enn han eg gjer det same som han
meir ekstravagant – han er berre frå Portugal,
eg er amerikansk viktigaste landet i verda
akkurat no slutten av det XX. hundreåret sjølv om Portugal
hadde eit stort imperium i det 15. hundreåret same kan det vere
no krympa til eit hjørne av den iberiske halvøya
medan New York tenk på New York for eksempel
sjølv om Mexico City er større er N.Y. rikare tenk på Empire State
Building for ikkje lenge sidan høgaste skyskrapar i verda –
same kan det vere eg har opplevd 61 år av det XX. hundreåret
Pessoa gjekk ned Rua do Ouro berre til 1936 [sic]
Han gjekk inn i Whitman så eg går inn i Pessoa same kva
dei seier i tillegg til at han er død ville han ikkje ha noko imot det.

Så korleis er eg betre enn Pessoa?
Kjend på 4 kontinent eg har 25 bøker på engelsk han berre 3
hans var for det meste på portugisisk, men det var ikkje hans feil -
USA er eit større land
berre 2 billionar i gjeld ei forbigåande utskeiing
Reagans skitne arbeid eit unntak i Det amerikanske hundreåret
representerer ikkje nasjonen vår som Whitman song på episk vis
men også var bekymra for i «Democratic Vistas»
Som buddhist ikkje stolt over å vere betre enn Pessoa
eg er audmjuk Pessoa var sprø det er noko heilt anna,
men sannsylegvis homse – same som Sokrates,
tenk på Michelangelo Da Vinci Shakespeare
umistelege kamerat Walt
Sant nok eg blei stempla som raud i ung alder berre ein bagatell
Vitskapen sjølv øydelegg ozonlag denne tidsalderen antistalinistar
forgiftar verda med radioaktiv antikommunisme
Kanskje eg laug litt
sjeldan på vers, berre for å verne andre sine namn og rykte
Heilt ærleg for utleverande om mor mi men meinte det godt
Nemnde Pessoa mor si? ho er interessant,
sterkt å føde sekslingar
Alberto Caeiro Álvaro de Campos Ricardo Reis Bernardo Soares & Alexander Search samtidig som
Fernando Pessoa sjølv ein klassisk seksofren
Forvirra personar ikkje så populært
utanfor det vesle landet Portugal (inntil nyleg ein politistat av andre klasse)
La meg kome til poenget eh eg har gløymt kva det var
men heilt klart gøy å samanlikne denne Ginsberg & Pessoa
som folk snakkar om i Iberia nesten ingen bøker på engelsk
i dag det største diplomatspråket utbreidd heilt til Kina
Dessutan var han ei lita reke, innrømmer det sjølv i den uendelege «Helsing til Walt Whitman»
medan eg er 1,72 på sokkelesten
litt over verdsgjennomsnittet, ikkje for å skryte,
eg snakkar alvorleg om meg & Pessoa.
Uansett han påverka aldri meg, hadde aldri lest Pessoa
før eg skreiv mitt feira «Hyl» alt gjendikta til 24 språk,
til denne dag ikkje engsteleg for å bli påverka av Pessoa
Midnatt 12. april 88 berre å ta ein kikk på boka hans
påverkar meg litt forbigåande, det er berre rimeleg
men å lese ei gjendikta side beviser ikkje akkurat «påverknad»
Når vi ser på Pessoa, kva skreiv han om? Whitman
(Lisboa, havet etc.) spesielt langtekkeleg metode,
munndiaré seier nokon – Pessoa Schmessoa.


(Frå Allen Ginsberg: Cosmopolitan Greetings. Poems 1986–1992, Harper Perennial 1995)

27.4.09

Hjemås, Rorgemoen & Carmona-Alvarez

Dagens opptur: Rune F. Hjemås sin blogg jegborher, og det nye intervjuet med Kjersti Rorgemoen, og det ikkje så nye intervjuet med ein Pedro Carmona-Alvarez i storslag. Og ein heil del andre ting eg ikkje har rokke å lese enno.

21.4.09

Festspillprogram



Akkurat sendt i trykken: Magasin/programhefte (60 sider) om utvalde delar av Festspillene sitt program for i år.

Vagant 1 2009



Blogge? Det er jo det siste eg har tid til! Og likevel, likevel, likevel, eg er tilbake, eg er tilbake, eg er tilbake, og eg skriv alt tre gonger. Inntil vidare ville eg berre minne om at årets første Vagant-nummer er ute. Og Vagants nettsider køyrer i gang med omsetjingar av utanlandske artiklar på nettsidene. Meir her og her [underskog.no].