27.2.05

Frukost i det fri

På grunn av at eg har jobba altfor mykje, var det først og fremst inn gjennom vindauget ho kom, sola. Når eg gjekk ut, var det difor skuffande å kjenne kor kaldt det var. Den første optimismen kom då eg på veg til tannlegen ein dag i to sekund følte i ryggen, ganske langt nede på ryggen, ja, eigentleg var det vel på rumpa eg følte det, at sola varma ørlitegrann. I dag åt eg frukost på verandaen. Var det kaldt? Ja, men ikkje så ille. Veggen vår er ein solvegg. Var det fint? Ja.

20.2.05

Nattoget i flammer

Natt til onsdag tok eg nattoget frå Oslo til Bergen, faktisk for første gongen. Eg syntest ikkje det var ei god oppleving. Eg hadde ikkje sovekupé, togseta hadde blitt merkbart dårlegare sidan sist eg tok tog, og det var så kaldt at eg låg og skalv. Eg vart i dårleg humør, og då eg kom fram skreiv eg mellom anna følgjande setning som eg sende til Dag og tid:

"Ein mistenkjer Vold for ikkje å ha hatt eit einaste sanseinntrykk sidan 1960."

Ikkje veit eg om Jan Erik Vold fortente ein slik slakt (vi skulle kanskje til dømes ha ei felles sak når det gjeld togets forfall). Aftenposten er i alle fall av ei heilt anna meining.

19.2.05

Det einaste fornuftige ordet i verda

Ikkje trudde eg at eg i kveld skulle sitje framfor ein ekstremt diger Silicon Graphics-skjerm på Bygg for biologiske basalfag på Haukeland og lage tidsskrift for biokjemi, men det gjer eg altså. Alt eg seier ja til.

Det einaste fornuftige ordet i verda er "ja". Det er ei setning som heng igjen etter å ha lest Deleuze si bok om Nietzsche, for eit års tid sidan, antakeleg hugsar eg ganske feil, men det er i alle fall ei støtte.

18.2.05

Bli kommune

Med ein tittel stjelt frå Ole Halvorsen si artige diktsamling [melding, debatt], over til noko heilt anna:

Det nye nummeret av Syn og Segn er ute no, og det har ikkje gått upåakta forbi i kommune-Norge:

Ei kjærleikshistorie frå kommune-Noreg (frå Synste Møre)

(Ein augneblink tenkte eg å kalle denne posten "From Vanylven with love", men for å sitere Audun Lindholm frå januar 2001: "Tross alt. Bare tittelen på Ole Halvorsens bok er bedre enn en hel høst med norsk krim!")

8.2.05

Kroppens årstider

Etter at kroppen min svikefullt nok har lete ei merkeleg kjend sjukdomskjensle herje i ei heil veke, har eg bestemt meg for at no er det nok. No skal eg ta rotta på den, i staden for omvendt. Merkeleg kjend, fordi eg kjem på at det var akkurat slik i fjor, akkurat på denne tida. Kva kan ein gjere? Kuren skulle vere som eg skreiv i ein e-post 6. februar i fjor:

Tome Tuborg-flasker blir fyllte med solhattolje for å ta med på fest saman med smågodtposar bugnande av trankapslar, likørflasker med svarthyllekstrakt, tolitersdunkar med god, gammal Sana-Sol og heimelaga potetgull steikt i Omega-3-feitt, med ein smak av Nycoplus Hvitløk.

Eg vil ikkje vere ein av dei som svergar til naturmedisin, ja, eg vil ikkje vere ein av dei som svergar til noko som helst, så eg begrensar meg i år til ei liten dose svarthyll, sjølv om det er tida, tilfeldigheitene og kroppens i prinsippet fine biologiske sjølvopprettingsevne eg set min lit til. Eg hugsar historia om oldemor mi. Då ho var til doktor i ein alder av over nitti år, kunne ikkje doktoren finne journalen hennar, uansett kor mykje han leitte. Det var ikkje så rart, kunne ho fortelje med ein viss triumf, for ho hadde aldri vore til doktor før. Ho hadde ein svarthyll i hagen, kan mor mi fortelje, som ho tilbereidde på ulike måtar.

6.2.05

Å opne munnen

Det å opne munnen krev noko. Noko? Kunne eg ha vore meir spesifikk? Eg er ikkje alltid den beste på å vere den første til å opne munnen. Kven var den første til å opne munnen? Spørsmålet gjev ikkje meining, men ein kan godt tenkje seg alt som blir sagt som eit framhald, ei forgreining, av ein samtale som byrja for lenge sidan. Og i mellomtida har det bygd seg opp reglar. Her på Sunnmøre (der eg akkurat no er) byrjar dei fleste samtalar positivt, dvs. med eit "ja". Tonefallet og lengden varierer, men som regel eit langt og spørjande ja. Ofte er dette også heile samtalen. (Ein kommunikasjonsmåte som ein gjerne knyter til eldre folk, men her rammar syndromet ung og gammal. Eg latar ikkje som at dette er noko spesielt, eg berre observerer det. At eg observerer der, gjer meg dårleg i stand til å delta. Eg kan seie ja-a-a, og drage det ut så mykje eg berre vil, men det let ikkje heilt rett. Ingen hindrar nokon i å legge ein ironisk snert inn i det heller, ein skjelmsk flir, noko som slett ikkje er sjeldan, men min eigen ironi blir eit kaldt og humørlaust våpen mellom leppene mine. Men dette var ein digresjon.) Slik sett er det ein konvensjon eller ein tradisjon som er den direkte foranledninga til alle samtalar. Det kan vere heilt andre ting enn eit ord, alt frå ei framstrekt hand til eit spesielt ansiktuttrykk. Eg hugsar å ha sett eit intervju med ein dansk politimann på fjernsynet ein gong som byrja alle setningane sine med "nei", eller i alle fall som opninga på alle svar, om han ville bekrefte eller avkrefte, men dette er òg ei avsporing. Eg tenkjer ikkje på den direkte årsaka til at ein pratar med folk, at ein har lyst til å prate, eller finn seg sjølv i ein situasjon der ein prate, men det ein viser til, det i samtalen som er ekvivalent til den akademiske fotnoten. Ein samtale som byrjar utan ei slik tilvising har noko frekt over seg, som tilsvarer den altfor spissa formuleringa utan dekning eller underbygging; det ein berre i visse tilfeller tek alvorleg. Men kva hender med den som ikkje pratar? Nokon innbiller seg kanskje at det dannar ein viss mystikk, eg veit ikkje. Presset utanfrå til å halde kjeft og til å opne munnen, er ofte akkurat like stort. Det same er spegelbiletet av det same krysspresset innanfrå, og kor vidt ein gjer det eine eller det andre, er ofte reint tilfeldig. Ikkje veit eg kvar eg ønska å ende opp med å skrive om dette, anna enn i overført tyding å opne munnen. I går hadde eg akkurat det motsette ønskjet med det innlegget eg ikkje skreiv. Også det ønskjet vart innfridd. Andre dagar vil kanskje bere på betre ønskjer.