8.2.05

Kroppens årstider

Etter at kroppen min svikefullt nok har lete ei merkeleg kjend sjukdomskjensle herje i ei heil veke, har eg bestemt meg for at no er det nok. No skal eg ta rotta på den, i staden for omvendt. Merkeleg kjend, fordi eg kjem på at det var akkurat slik i fjor, akkurat på denne tida. Kva kan ein gjere? Kuren skulle vere som eg skreiv i ein e-post 6. februar i fjor:

Tome Tuborg-flasker blir fyllte med solhattolje for å ta med på fest saman med smågodtposar bugnande av trankapslar, likørflasker med svarthyllekstrakt, tolitersdunkar med god, gammal Sana-Sol og heimelaga potetgull steikt i Omega-3-feitt, med ein smak av Nycoplus Hvitløk.

Eg vil ikkje vere ein av dei som svergar til naturmedisin, ja, eg vil ikkje vere ein av dei som svergar til noko som helst, så eg begrensar meg i år til ei liten dose svarthyll, sjølv om det er tida, tilfeldigheitene og kroppens i prinsippet fine biologiske sjølvopprettingsevne eg set min lit til. Eg hugsar historia om oldemor mi. Då ho var til doktor i ein alder av over nitti år, kunne ikkje doktoren finne journalen hennar, uansett kor mykje han leitte. Det var ikkje så rart, kunne ho fortelje med ein viss triumf, for ho hadde aldri vore til doktor før. Ho hadde ein svarthyll i hagen, kan mor mi fortelje, som ho tilbereidde på ulike måtar.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Eg ber deg ut og gå, så skal du få eit godt råd:

eg har ikkje vore særleg sjuk på snart eit år, takka vere høgt inntak av C-vitamin (5-10 dagsdoser) kvar gong eg vaknar med den kjensla som seier at no, no blir eg snart sjuk. Det går litt ut over magen (og denne utsegna gjer at eg føretrekk å vere anonym-> kroppslaus), men ikkje så ille at det ikkje er verdt det framfor ei vekes sotteseng.

Ikkje at eg eigentleg trudde du var ute etter kjerringråd, men dette fungerer no altså.

Gaute sa...

http://www.nrk.no/programmer/tv/schrodingers_katt/4490438.html

Ragnfrid Trohaug sa...

Øystein du veit jo kva eg har lært deg: Active Defense, det gyldne middel med svarthyllekstrakt, sink, vitamin C og solhatt er det einaste som hjelp. Og eg har god empiri og forsøkt mykje anna. Det er mor di og eg-

glassdråpe sa...

Velkommen hjem, Øystein. Fra de høye kontorpulter i hovedstaden. Tilbake til den lille landsby. Håper du ikke ble forgiftet på noe vis.

ø sa...

Ragnfrid: Eg likar ikkje namnet Active Defense, det høyrest mistenkjeleg ut som amerikansk utanrikspolitikk. Og likevel, likevel er det det eg har gått på. Har det hjelpt? Jaudå, kanskje. No er eg i alle fall frisk.

SIlje/glassdråpe: Takk for det. Nattoget var kaldt og ufyseleg. Det verker i kroppen. På jobben feira vi ei komande substansiell utviding av verksemda med champagne til frukost klokka ni, og no skal eg straks inn på eit nytt jobbintervju. Ting skjer, men eg er ikkje heilt med.

glassdråpe sa...

Nytt jobbintervju. No? Er eg forlatt? Rotlaus på Sydneshaugen. Eg skulle jo kome på middag.

Glassdråpe ble hengjande ved som magesekken på julaften eller liknande.

Au. Under forelesningen stilte A glupe spm, om kobling til Baudelaire etc. Mens L.S. trodde jeg bare spurte om hvorfor Ales??? Men det var jo mykje djupare enn som so.

Vi snakeks

Espen sa...

Halllloooo!