29.12.07

Georginene

Han bryr seg ikkje om nokon ting lenger. Finst ikkje noko som kan få han til å lee på augeloket ein gong. Eg tenkte eg skulle få han til å vakne litt, så eg nemnde georginene mine. «Det er dårleg år for georginene,» sa eg til han. Men nei. Han berre sat der. Han som brukte å vere så opptatt av georginene. Eg visste ikkje kva eg då skulle seie.

10.10.07

Kva skjer i Berlin?

Ein overaktiv laurdag lagde eg to ulike løpesedlar til samme arrangement. Dette var den første:



Og dette var den andre:



(Og web-versjonen er eigentleg her.)

Eventuelle lesarar som er i Berlin må naturlegvis kome til Fuchsbau på fredag.

Her ein dag stakk eg innom ei lokal bruktsjappe for TV og stereo: Prima Fernsehdienst. Innehavaren var ein hyggeleg, pratsom fyr. Han hadde ein bitteliten butikk og altfor mykje utstyr på for liten plass. Han lova å selgje meg eit supert stereoanlegg veldig billeg. Då eg fekk det levert på døra i går, klarte eg å springe ut av leiligheten utan å ta med meg nøkkelen. Mannen frå Prima Fernsehdienst fekk vondt av det heile og lovte meg ein gratis TV. Huseigaren let seg ikkje få tak i, så eg lot den halvferdige middagen på komfyren for alltid forbli halvferdig (eg hadde heldigvis slått av plata før eg gjekk ut), og stakk på teater for å sjå «Fruen frå havet». Etterpå havna vi på ein veldig mørk og dekadent klubb der det var konsert som minna om det eg trur ein ville fått sett og høyre dersom Penthouse Playboys hadde døydd i ei lei ulykke med turnébussen, men nokre år seinare stått opp igjen for ein siste konsert. I dag ringte eg Schlüsseldienst, og det kom ein mann og som på eit brøkdels sekund dirka opp døra mi til 100€. Det er vel meininga at ein skal bli så glad for å kome inn si eiga dør, at ein ikkje skal tenkje på kva det kostar. Og, ja, eg blei glad. Og no er det musikk.

Kva ellers? Om ei veke reiser eg til Bergen. Der blir eg til 12. november.

14.7.07

Mister/Miss Font 2006

Det tok si tid, men Typographica har endeleg lagt ut sine favorittfontar frå 2006: Our Favorite Fonts of 2006.

Our Favorite Fonts of 2004 og Our Favorite Fonts of 2005, er forresten også verdt å få med seg.

13.7.07

Er kjedeleg teknoblogging betre enn ingenting?

Seks månader i Berlin og kor mange bloggpostar har det blitt? Veldig få, veldig få. Dei store prosjekta tok knekken på formidlingstrongen, ser det ut til. Like mykje som i Berlin, kjennest det som eg har budd i eit virtuelt rom tapetsert med tidsskrift, infomateriale, bokomslag og haustkatalogar, frå Festspillene, Spartacus, Samlaget og mange andre, og fordi eg er ein somlepave gjekk det to månader før eg fekk installert internett i denne leiligheten, noko som gjorde at eg blei særs godt kjend med alle dei ulike kaféane i Kreuzberg som har trådlaust internett. Men no, no har eg både kontor (her!) og nett i heimen.

Teknologien. No når arbeidet har roa seg, har det endeleg blitt litt tid til det eg eigentleg skulle gjere her: skrive. Eg kjem på noko eg skreiv på denne bloggen i… i… i 2004! Om andre skriveverktøy enn det evinnelege Word: Eit liv utan Word. I den posten endte eg opp med eit program som heitte Ulysses. Faktum er at eg eigentleg endte opp med å skrive Ekstasar i CopyWrite, men det var etter at eg hadde skreve det meste i diverse skriveblokker på ulike bord og andre underlag i Vilnius og Bergen, og på Rhodos, Gotland og Møhlenpris. No er det framleis Moleskine for alle pengane, eller ein god del av dei. Men Moleskine treng ein kamerat, og CopyWrite blei for avgrensa etterkvart (til dømes var det altfor tungvint å endre rekkefølge på kapittel og liknande). For prisen av eit par Moleskine kan ein imidlertid kjøpe Scrivener, som eg har sverga til i nokre månader, og som er det beste skriveprogrammet eg har prøvd hittil. Veldig kjapt, enkelt og fleksibelt. Men igjen: det passar nok best for dei som har eit prosjekt, og ikkje for enkelte, små tekstar, sjølv om den innebygde fullskjermvisinga er så herleg at eg gjerne set meg ned for å skrive berre for å sjå på at bokstavane kjem fram på skjermen. Som veldig mange andre av dei kjekkaste og finaste programma finst det berre for mac.

To andre anbefalingar for folk med mykje å gjere:

1. Mailtags: Eit plugin til Apple sitt mail-program. Har blant mykje anna ein enkel og grei måte å gjere ein mail om til ein to-do, gjerne med ein tilhøyrande alarm. Veldig nyttig… Eg skulle ha begynt å bruke dette for lenge sidan. Denne integreringa mellom mail og kalendar er ein funksjon som Outlook for Windows allereie har, og som Apple planlegger å legge inn i det komande Leopard-systemet som kjem i oktober. Men Mailtags har mange fleire funksjonar enn dette, og er veldig lett å bruke. Det kostar 30 dollar.

2. iGTD: kan brukast til mange av dei same tinga som Mailtags, det er ikkje ein plugin, slik som Mailtags, men eit eige program som kan halde styr på alle slags oppgåver. Og det er gratis! Og kan synkroniserast med det innebygde iCal-programmet. Dessverre er det ikkje så veldig intuitivt å kome i gang med bruken – den første gongen eg prøvde det, vart det berre liggande ubrukt – men om ein les bruksanvisinga, er det ikkje så vanskeleg likevel. Problemet er berre at eg ikkje likar bruksanvisingar.

Heimen. Heimen ligg i Kreuzberg, og eg har ingen planar om å flytte. Men norgesturar blir det: om nokon har har lyst til å leige/byte ei 55 kvm Kreuzbergleilighet mot ei oslo- eller bergensleilighet frå 8.–26. august (ca.), så sei frå.

13.3.07

Og & å (etter midnatt, vel å merke)

Eg merkar meg at det no er fleire google-treff på vel og merke enn på vel å merke. Kva skal ein seie til det?

17.2.07

Språkstridintoleranse

Språkstrid på norsk er for meg litt som bløtkaker: Det kan sjå fristande ut på avstand, men eg klarer ikkje ein gong eit lite stykke. Eg blir fort kvalm. Eg burde sikkert like språkstrid betre enn bløtkaker betre sidan eg både er opptatt av språk og kan like ein god krangel, men nei.

Listen carefully, I shall say this only once*: Med dette vil eg erklære at eg angrar på at eg har teke opp verdifull spalteplass på dette innlegget, som rett nok berre på berre på overflata ser ut til å ha noko med språkstrid å gjere, og så vil eg helst ikkje tenkje meir på det.

* Ok, maybe twice if I have to.

13.2.07

Reaksjonsratio: statusrapport

Eg registrerer at etter at eg byrja å skrive om litteratur i Morgenbladet i staden for om film i Dag og tid, har talet på lesarinnlegg og andre motreaksjonar pr. artikkel auka frå 0 til 0,23.

Sist ut er Jon Rognlien.

Svar følgjer.

2.2.07

Ut av fiksjonen

Ei melding av to bøker av Dave Eggers kan lesast her. Merk at bildeteksten inneheld ein grov feil: «flyktningen Deng» er ikkje «fiktiv».

Fordi det ikkje har eller hadde noko som helst med saka å gjere, publiserer eg her eit avsnitt som eg kutta frå meldinga:

«Når opninga av denne teksten likevel allereie har spora av kunne eg tenkje meg å nemne at den norske tittelen på debutboka til Eggers, Et forbløffende talentfullt, dypt rystende verk ikkje sparka på langt nær så godt frå seg som den originale tittelen [«A Heartbreaking Work of Staggering Genius»], truleg litt fordi «heartbreaking» blei omsett med det offisiøse «dypt rystende», men mest fordi «staggering genius» blei «forbløffende talentfullt». Og spørsmålet blir då om det er eit gode at ein på norsk ikkje berre har avskaffa geni-dyrkinga – ein har òg avskaffa ordet geni, sjølv til ironisk bruk. Svaret er kanskje ja.»

26.1.07

Dagens sitat

Dei tankar eg hadde fikla med om at revolusjonen ville verte annonsert på nynorske plakatar hadde eg for lenge sidan gått vekk frå

(Tormod Haugland: No Mar, ei av dei få bøkene som nådde opp i konkurransen om å kome med i bagasjen til Berlin der det no har snødd, og det blir fyrt med kol i desse enorme beista av nokre omnar i desse store romma. Om to dagar flyttar eg inn i ei eiga leilighet, der det heldigvis er sentralfyring.)

19.1.07

Kolerud-koden

Den eigentlege historia:

Stemninga i redaksjonslokalet til Giga forlag var låg. Dei hadde nettopp innsett omslaget til Eli Hagen si bok var heilt feil. Akkurat kva som gjorde at det var feil, var det ulike meiningar om.

«I dette forslaget er hun objekt, hun har ikke kontroll over situasjonen. Her er det ikke Eli, men fotografen som er subjekt og avsender,» blei det sagt høgt og tydeleg, i det laserutskrifta av forslaget blei slengt på bordet:


Då er det at dei ulike delane av den gamle kjempen Haavik sitt ansikt løsna frå kvarandre og sette seg saman på nytt til eit smil. Han sa:

«Eg veit kva vi må gjere. De kjenner vel alle til Arnfinn Kolerud?»

Han såg seg om i lokalet.

«Nei? Har de ikkje lest Arnfinn Kolerud?!»

Alle såg ned.

Haavik tok fram dei velbrukte eksemplara sine av Berre ikkje brøyteplogen kjem, Langt frå bambus, og Den som ikkje har gøymt seg no. Han delte dei ut til dei andre i rommet.
«Arnfinn Kolerud er ein av dei aller beste ungdomsbokforfattarane i landet, ja, kanskje den beste! Men det er ein ting han ikkje har skjønt.»

Haavik trakk pusten.

«Det er ein ting han ikkje har skjønt,» gjentok han, litt raskare, med eit anna tonefall, «og det er at dersom han hadde teke forfattarbiletet sitt og plassert over heile framsida på boka, ville folk ha sprunge hælane av skorne for å kome raskt nok fram til bunkane av bøker som ville ha lege stabla midt i bokhandellokala, trykkeria ville ha gått seg varme, og Arnfinn Kolerud ville ha vore ein rik mann. Sjå godt på dette, sjå godt på denne bjørka, og godt på dette blikket.»

Han tok ei lang kunstpause.

«Denne bjørka,» sa han sakte, «denne bjørka skal gjere oss rike».




(Takk til Hilde Myklebust som fann ut korleis dette hang saman)

2.1.07

Godt nytt år

… og takk for det gamle. Eg snur meg ikkje tilbake, men eg la igjen ein lapp.