13.7.07

Er kjedeleg teknoblogging betre enn ingenting?

Seks månader i Berlin og kor mange bloggpostar har det blitt? Veldig få, veldig få. Dei store prosjekta tok knekken på formidlingstrongen, ser det ut til. Like mykje som i Berlin, kjennest det som eg har budd i eit virtuelt rom tapetsert med tidsskrift, infomateriale, bokomslag og haustkatalogar, frå Festspillene, Spartacus, Samlaget og mange andre, og fordi eg er ein somlepave gjekk det to månader før eg fekk installert internett i denne leiligheten, noko som gjorde at eg blei særs godt kjend med alle dei ulike kaféane i Kreuzberg som har trådlaust internett. Men no, no har eg både kontor (her!) og nett i heimen.

Teknologien. No når arbeidet har roa seg, har det endeleg blitt litt tid til det eg eigentleg skulle gjere her: skrive. Eg kjem på noko eg skreiv på denne bloggen i… i… i 2004! Om andre skriveverktøy enn det evinnelege Word: Eit liv utan Word. I den posten endte eg opp med eit program som heitte Ulysses. Faktum er at eg eigentleg endte opp med å skrive Ekstasar i CopyWrite, men det var etter at eg hadde skreve det meste i diverse skriveblokker på ulike bord og andre underlag i Vilnius og Bergen, og på Rhodos, Gotland og Møhlenpris. No er det framleis Moleskine for alle pengane, eller ein god del av dei. Men Moleskine treng ein kamerat, og CopyWrite blei for avgrensa etterkvart (til dømes var det altfor tungvint å endre rekkefølge på kapittel og liknande). For prisen av eit par Moleskine kan ein imidlertid kjøpe Scrivener, som eg har sverga til i nokre månader, og som er det beste skriveprogrammet eg har prøvd hittil. Veldig kjapt, enkelt og fleksibelt. Men igjen: det passar nok best for dei som har eit prosjekt, og ikkje for enkelte, små tekstar, sjølv om den innebygde fullskjermvisinga er så herleg at eg gjerne set meg ned for å skrive berre for å sjå på at bokstavane kjem fram på skjermen. Som veldig mange andre av dei kjekkaste og finaste programma finst det berre for mac.

To andre anbefalingar for folk med mykje å gjere:

1. Mailtags: Eit plugin til Apple sitt mail-program. Har blant mykje anna ein enkel og grei måte å gjere ein mail om til ein to-do, gjerne med ein tilhøyrande alarm. Veldig nyttig… Eg skulle ha begynt å bruke dette for lenge sidan. Denne integreringa mellom mail og kalendar er ein funksjon som Outlook for Windows allereie har, og som Apple planlegger å legge inn i det komande Leopard-systemet som kjem i oktober. Men Mailtags har mange fleire funksjonar enn dette, og er veldig lett å bruke. Det kostar 30 dollar.

2. iGTD: kan brukast til mange av dei same tinga som Mailtags, det er ikkje ein plugin, slik som Mailtags, men eit eige program som kan halde styr på alle slags oppgåver. Og det er gratis! Og kan synkroniserast med det innebygde iCal-programmet. Dessverre er det ikkje så veldig intuitivt å kome i gang med bruken – den første gongen eg prøvde det, vart det berre liggande ubrukt – men om ein les bruksanvisinga, er det ikkje så vanskeleg likevel. Problemet er berre at eg ikkje likar bruksanvisingar.

Heimen. Heimen ligg i Kreuzberg, og eg har ingen planar om å flytte. Men norgesturar blir det: om nokon har har lyst til å leige/byte ei 55 kvm Kreuzbergleilighet mot ei oslo- eller bergensleilighet frå 8.–26. august (ca.), så sei frå.

2 kommentarer:

mrtn sa...

Eg seier: hurra (!) for at du bloggar igjen. Det går så lang tid mellom romanane dine. R & meg er i Bergen for å male og selge leilegheit.

Horowitz sa...

Artig at du har funnet kontor ved Spree. Var du på konserten med bandet som spilte på lørdag 7.7? Die Herren K - jeg kjenner tilfeldigvis vokalisten Christoph godt, han tøffe med rastahåret. Die Herren K er et tvers igjennom koselig band som jobber knallhardt på hver konsert. Det er ikke energien det står på, det må man innrømme.