17.1.06

Offeret







Søndagen brakte oss til Närsholmen, der Tarkovski filma den siste filmen sin, Offeret. Det er slike landskap som gjer at ein byrjar å legge ut på nattlege sykkelturar, frykte atomkrigen, bli hysterisk og til slutt brenn ned eit hus.

(Det første biletet er frå filmen.)

9.1.06

Gult



Den gule himmelen over ruinen ved midnatt er ikkje ein photoshop-effekt: Eg trur det er måneskinet som speglar seg i havet og projiserer ein bleik kalott opp på det kvite skydekket. Det blir aldri skikkeleg mørkt her, sjølv om eitt sekunds lukkartid kanskje får det til å sjå ørlittegrann lysare ut enn det er.

5.1.06

Uddens gränd



Slik var utsikta frå vindauget mitt for ein time sidan, i Uddens gränd, Visby, Gotland. Her er eg, i Dagbladet står det mellom anna at Erna Osland kommer med romanen «Du er vel vakker», Jan Inge Sørbø med «Symfoni no. 3, Opus 41» og Øystein Vidnes med romanen «Ekstasar» til våren, og eg tenkjer at då er det vel sant, men det er ikkje vår heilt enno. Først skal det vere januar, ein streng januar. Her.