17.1.06

Offeret







Søndagen brakte oss til Närsholmen, der Tarkovski filma den siste filmen sin, Offeret. Det er slike landskap som gjer at ein byrjar å legge ut på nattlege sykkelturar, frykte atomkrigen, bli hysterisk og til slutt brenn ned eit hus.

(Det første biletet er frå filmen.)

11 kommentarer:

Anonym sa...

Nice! Kan du sende en mail til LT med tips om kva for kvite eplemaskin ho bør ønske seg? Gjerne ein link. Ikkje den dyraste. LT er ei lavtlønna kulturarbeidar.


Vennleg,
LT

Espen sa...

Frekt fontvalg!

Ragnfrid Trohaug sa...

Du burde ha lese "Til" av Tor Eystein Øverås mens du er på Gotland. Det burde forsåvidt alle andre også gjere, Gotland eller ikkje. Men no synest eg du skal kome heim. Eg vakna i morges og tenkte at no er det på tide at Øystein kjem tilbake. Ein slags abstinens kan ein kalle det.

Unknown sa...

Ei lita veke igjen no. Eg byrja på Til, men gløymde å ta ho med. Her traff eg jo imidlertid forfattaren sjølv.

Hilde sa...

I natt drøymde eg at du skulle opphalde deg i 75 dagar i ei lita hole midt oppe i steilaste fjellet her. Du vart frakta dit i helikopter. Frå stoveglaset kunne eg fylje med det heile i kikkert. Ettersom dagane gjekk såg du stadig meir oppgitt ut, så eg bestemte meg for å trosse faren og klatra opp til deg på besøk. Du vart særs glad.

(Kanskje er denne draumen påverka av Fakta på Laurdag i går, der ei tapper kvinne segla aleine jorda rundt i løpet av nokre og sytti dagar. Men likevel.)

Unknown sa...

Det var ein draum eg kan identifisere meg med, inkludert gleda.

No er det sol her, og eg vinkar til alle som måtte ha kikkerten retta hitover.

Anonym sa...

Lille Trill gler seg til du kjem med ei tjukk bok under haka, søvnlause auge, og lukke i lomma. Då vert det vin!!!!! Og bursdag!!!

Anonym sa...

Offeret er Tarkovskijs beste film. Har du sett restene av huset som brant?

Unknown sa...

Nei, det såg eg ikkje, men eg fekk høyre historia om at huset ikkje brann ned på rett måte, og at det ikkje berre er å rope "cut, cut!" til eit hus som brenn, slik at dei dermed måtte bygge det opp igjen, så han kunne brenne det ned ein gong til.

Anonym sa...

No må det skje noko her.

Ragnfrid Trohaug sa...

Eg elskar snirklane på sida, minner meg om rokokko og Anthony and the Johnsons og kongeleg dansk. Einig med Anonym. Her bør det skje noko. Folket ligg i feber og treng cyberkontakt med verda.
Men i mens kosar eg meg med snirklane.