15.6.05

Anarko-royalisme

Eg veit ikkje om den vyrde visekongen av Fusa vil gå god for omgrepet i overskrifta, men det får stå for mi eiga rekning. Det er er eg som er anarko-royalisten. Dei siste vekene har eg jobba på spreng for visekongen, for å få dette til å sjå fint ut:

12 kommentarer:

Kjetil sa...

Meget pent! Sånt gjør det fristende å bli fusing; skjønt jeg vet at om jeg skulle komme til å flytte dit, vil det bare føre til at Bergen endelig blir egen republikk (på samme måte som at det blir regn når man vasker vinduene), og at president Friele går til krig mot de nærestliggende statene for å rydde plass og skaffe arbeidskraft til kaffeplantasjene sine, og at vi voksne menn som ikke har styrke til å dyrke kaffe, men heller er bygget for å drikke den, gjerne sammen med andre på kafé, eller hjemme i ensomhet, mens vi leser førmodernististiske romaner under svakt, gult lampelys, kommer til å bli solgt til sirkus og bli gjenstand for allmenn forlystelse, med mindre vi heller blir solgt til den jugoslaviske mafiaen, og sendt til Oslo for å arbeide som luksusprostituerte, hva vet vel jeg, det er sikkert bare et spørsmål om profittmaksimering. Det er uansett en grusom fremtid, så jeg håper det går an å få tak i dette passet/etc. uten å bli fusing.

Og når jeg får tenkt meg om, husker jeg at Gasspedal sine utgivelser kommer i et hendig pass-lignende format. Det er jo en lettelse. Eller er det det?

Susanne sa...

Gasspedalistan is the new Utopia, get yer passport ready!

Anonym sa...

Ser jo fint ut. Fargevalet står godt i høve til fusabygdene sine mange flotte skoger.

MEN:

1
Men kvifor engelsk og ikkje fusisk (eventuelt eit av okkupantane sine to språk, som jo framlies er mykje brukt i Fusa).

Det norske passet har jo engelsk først på 3.plass: "NORGE NOREG NORWAY"

2
Kva er dei to ulike flagga som løva og reven(?) held?
Burde vel helde med det fusiske flagget.

3
Og når ein blandar essay inn i passet. Da tenker eg: Dette er er jo ikkje alvor. Kunstnartøv!

Espen

Susanne sa...

Kunst er kunstigt og derfor dårligt?

ø sa...

Espen,

1. Det offisielle skriftspråket i Fusa er nynorsk. Og nynorsk er kongens skriftspråk. Dermed er det heilt naturleg at passet berre brukar nynorsk og engelsk. (Fusisk har vel enno ikkje blitt eit eige skriftspråk)

2. Eg veit ikkje, men eg trur dei to flagga er ein diplomatisk gest til den norske staten. Ein ønskjer ikkje å starte krig. "Reven" er for øvrig ein ulv.

3. Vel, det finst dei som seier heile kongedømet er eit kunstverk. Eigentleg er det vel slik at kongen er gissel av kunsten: Folk har kome til han og bedt tynt om å få inn sine tekstar i det etterkvart tjukke passet. ISBN-nummeret på baksida tilhøyrer kunsthøgskulen. Kunsten snik seg inn.

S sa...

Veldig fint pass mm., men eg får ei ekkel kjensle av at det er litt... skeivt eller noko. Står teksten øverst litt til venstre for monogrammet (eller logoen eller kva det no heiter), eller er det berre noko eg biller meg inn?
Det hadde vore pent om det blei trykt på pass-aktig papir. Men det blir kanskje litt dyrt?

ø sa...

S,
når ein ser framsida presentert for seg sjølv, ser det kanskje litt feil ut, men både skrifta og skjoldet er sentrert på satsflata, og ikkje på papiret. Satsflata har større yttermarg enn innermarg, og dermed er alt plassert nokre millimeter til venstre. Dette er ein konvensjon som ikkje gjeld berre for pass, men for alle bøker og publikasjonar som følgjer dei gamle typografiske tradisjonane. Det kan også vere noko med plasseringa av løven og ulven som burde vere meir symetrisk, det skal eg innrømme. Eg innrømmer og at eg brukte meir tid på dette skjoldet - på grunnlag av visekongen sine skisser - enn på resten av publikasjonen til saman, endå resten er på 140 sider, og også inneheld ei fyldig samling av kongen sine talar.

Omslaget blir forresten trykt på pass-aktig papir. Fargane her er berre ei antyding av den djupe royal-grønfargen og gull-påtrykket publikasjonen vil ha til slutt.

Nebbhøna sa...

Kjartan Slettemark hadde nokre pass til sals for 500 kroner i fjor eller forfjor sommar. Det var prisen for borgarskap i Kjartanistan. No skulle eg ha hugsa meir om dette, men eg er for lat.

Espen sa...

Susanne: Humor er vanskeleg og difor kunst.

Sammelsurium sa...

Hey Øystein,
har overnatte hos dokka i R. Fant webloggen din, og satte lenk til den med en gang. Sjekk ut: http://pudding.pu.funpic.de

Hilsen,
R.

mette karlsvik sa...

hei øystein. kjenner du til alec finlay, son til iain hamilton finlay? alec driv eit forlag. det gir ut "artists books", biletbøker for vaksne, og antologiar resulterande frå samarbeid mellom forfattarar og biletkunstnarar.
"passport" var den første boka til finlay. 25 skotske kunstnarar bidro til "passport". dei lagde kvar sin fantasistat; skreiv grunnlov, teikna kart, valgte statsminister osb.
"passport" er ei reise gjennom statane. gjennom sjelelandskapa til 25 kunstnarane.

Mari sa...

Kjære Øystein,

Pass nummer 12 er mitt, det ligg ved sida av meg her og ser hjartans flott ut! Lanseringa på Fjord`n senter var ei fin markering sjølv om det ikkje kom mange fusingar.

Fusisk ville vere vanskeleg å skriva, då det verserer ulike former av ord i blant (å ha vore vert uttalt både "våre" og "vøre"). Det trengst kanskje ei fusisk Aasen, som kan samla formene til eit fusisk skriftmål? Nei, det tykkjer eg ikkkje. Nynorsk er fint.

Og til slutt: ein treng ikkje vera Fusing for å passet (mot dokumentavgita som er langt lågare enn kva ein må ut me for norske pass!), og det går an å bli statsborgar, eg siterer frå heimesida: "Personar som ikkje bur i Fusa, og som ynskjer statsborgarskap, blir gitt statsborgarskap i 1. til 5. år etter søknad."

Beste helsing Mari Raunsgard, Fusing og konsul til Trondheim.