Viser innlegg med etiketten dikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dikt. Vis alle innlegg

30.11.11

Prolog til Kosmopolis

På oppfordring postar eg her den prologen eg skreiv som notat i går medan eg bladde meg gjennom Cornelius Jakhelln si nye diktsamling Kosmopolis, og som blei framført i kveldinga på det fine antikvariatet Cappelens Forslag:

Det startar som ein frigjeringsinvasjon,
Dei feltgråe dikti bryt bølgjone,
Heiter det
Og dei stig opp frå Atlantis.
Dikta skal blåse austover, mot himmelen over Berlin,
Heiter det.
Og diktet stiller seg på denne måten over alle personar,
Og utanfor tida
Og likevel finst det eit sjølv der
Og det vil ha vernet frå ein engel, seier det, eller ei kvinne med vengjer,
Vert personleg med eitt.
Og så fortel det om ein barndom i bomberom,
Og med eitt ser sjølvet ut til å vere stort som eit imperium,
Der sola aldri går ned,
Og dette sjølvet manar seg sjølv fram,
Vil vere noko for lesaren, kanskje meir enn lesaren er førebudd på.
Eg bur her fordi eg skal skriva myten om Kosmoplois for deg,
Seier det.
Eg skal skriva Europa i Kosmopolis for deg, seier det.
Myten om Tyskland, nemner det, dette sjølvet som snakkar, før
Sjølvet blir mindre igjen,
Manar seg sjølv mindre,
Og beveger seg frå Berlin til Norge
og påkallar ein død,
Hentar Olav Aukrust opp frå ei ukjend grav,
Let Olav Aukrust snakke gjennom seg,
Som i sin tur påkallar det norrøne,
Som let det norrøne, det nye norrøne som han kallar det,
Snakke gjennom seg.
Og sjølva i desse dikta let stadig andre snakke gjennom seg,
Let seg besette av andre,
Og sjølvet i stemma hevdar at han ikkje lenger er seg sjølv,
Kven det no er,
Han kjem ikkje frå Vågsbygd meir, seier han,
Men frå dei norske utbygdene i vest i millomalderen,
Og dette sjølvet ottast, seier det, at menneski det ser i kvardagen
Ikkje er nok til eit dikt,
Men innser at det må ta feil,
Diktet motbeviser seg sjølv, kunne ein seie,
Og sjølvet i dikta manar seg stort og manar seg smått,
Europeisk og personleg, mytisk og privat,
Historisk og lokal,
Men aldri lokalhistorisk.
Det var mor mi som gjorde meg til menneske,
Ikkje dei som kalla meg albino og jøde,
Blir det sagt,
Og denne lesaren tenkjer at det som møtest her
Er krefter som kjemper mot kvarandre,
At det som møtest er eit, eitt komma femm, eitt komma sju, to eller fleire sjølv
Som manar seg sjølv eller kvarandre fram i eitt og same dikt,
Som formar seg sjølv i språk,
Men som ikkje er språk,
At språket er klede som dei tek på seg,
Men dei blir på sett og vis desse kleda
På same måten som at det å kle seg,
Eller kle seg naken, også er eige språk,
Med sine eigne reglar.
Vere ortodoks med hatt og skjegg,
Som det heiter seinare i diktet,
Er også eit språk,
Noko å vere
Og samtidig vere i,
På same måten som dei ulike språka
I dei ulike dikta i denne boka
Har mindre til felles
Enn dei 14 siste folka du møtte på trikken,
Som når alt kjem til alt var ein og same person,
Og ingen av dei var Cornelius Jakhelln.

Eg skal vera jøde, innbilt ikkje sann,
Seier sjølvet i diktet,
Men med litt skjelv i stemma,
For kva tyder eg, kva tyder skal, kva tyder vera, kva tyder jøde,
Kva tyder innbilt,
Kva tyder ikkje,
Kva tyder sann
I dette diktet,
Eller i det heile tatt,
Anna enn det det er,
Til ei kvar tid
For desse orda
Å bli ytra
Og få selskap av kvarandre,
Anna tyding enn dei tankane ordet har
I det poeten dukkar opp i baren
Og ber dei bli med på diktet
Og dei ser alle dei andre
Som òg skal vere med.

Ei stemme som kallar seg Sturmgeist
Snakkar ein stad om si vertsorganisme
Cornelius Jakhelln.
Dessse dikta snakkar om eit biologisk system:
Som si første årsak hev diktet eit biologisk system, Cornelius Jakhelln,
Heiter det,
På den same måten som ein religiøs filosofi
Som prøver å forklare det biologiske mangfaldet i verda rundt seg
Utan å gi slepp på konseptet om Gud,
Som ei første årsak – noko bakanforliggande, som ein ikkje kan sjå –
Prøver dette diktet å forklare mangfaldet i
Poesien rundt seg
Utan å gi slepp på konseptet Cornelius Jakhelln

Men ein ikkje-filosofisk lesar
Kunne finne på å seie
Som Fernando Pessoas naturpoet Alberto Caeiro:
Eg trur ikkje på Gud for eg har aldri sett han.

Eller som det skeptiske diktet kunne seie:
Eg trur ikkje på Cornelius Jakhelln for eg har aldri sett han

Om han ville at eg skulle tru på han,
Ville han heilt sikkert kome og snakke med meg,
Han ville kome inn døra
Og seie, Her er eg!

Men det gjer han, faktisk,
Cornelius Jakhelln

14.4.10

Sei at du køddar, Einar

«Omsett poesi er som regel berre tull,» seier Einar Økland i Syn og segn nr 1/2010. Han held fram, i samtale med Agnes Ravatn:

«Eg har mista trua på det. Hmm … nei … eg vil ikkje beklage det. Det er litt juks når nokon snakkar om store utanlandske dikt, og kor mykje dei har betydd … eg trur det er ein talemåte.
– Dette var då ganske avslappande å høyre.
– Ja, det har eg sagt mange gonger: Takk og pris for at folk er så upåverkelege som dei er. Eg blei veldig slått av det i Hellas, kor utanfor eg var. Det ville tatt eit liv å kome inn i det. Det same med Kina: Ein kan vere turist og seie «der gjer dei sånn og der gjer dei sånn», men so what? Då får eg lyst til å seie sarkastiske ting om dei sjølværklærte internasjonalistane som er så opptatt av å vere unorske.»

Og eg får lyst til å seie: You must be kidding me, gamle Einar. Eit greit motspørsmål kunne kanskje vere: Finst det nokon dikt som ikkje er utanlanske? Heldigvis avsluttar han svaret med: «Men eg er ikkje imot kunnskap om verda.» Det var godt. Eg er frista til å svare: Men eg er ikkje imot kunnskap om Einar Økland.

(Tvert imot, eg hadde t.d. gode ting å seie om den førre essaysamlinga hans, i Morgenbladet)

Men her er Økland der han likar å vere, og helst berre i overført tyding: på tur.

Og eigentleg var det ikkje dette eg ville skrive om. Eg ville eigentleg berre, i god egosentrisk tradisjon, oppsummere fjorårets utgjeving av mi gjendikting av 2 dikt om modernitet, av Álvaro de Campos skråstrek Fernando Pessoa. Samlinga fekk så vidt eg kunne sjå éi avismelding, i Adresseavisen, av Fartein Horgar. Eg siterer dei gjeldande avsnitta ... :

«Hurra for Flamme Forlag som finner frem til den gode, den viktige, poesien, og som kan kunsten å presentere den på en måte som gir lyst til å forfølge forfatterskapene. […] Fernando Pessoa, Portugals nasjonalhelligdom, publiserte ikke stort mens han levde, men under sine mange pseudonymer var han likevel en fornyende kraft i Lisboas litterære liv, en viktig medspiller i det intellektuelle Europas overgang til moderniteten. I et forbilledlig essay plasserer oversetteren forfatteren i den kulturelle kontekst hvor han hører hjemme.

De to diktene som utgjør denne diktsamlingen, er skrevet under pseudonymet Álvaro de Campos. ’Triumfode’ og ’Maritim ode’ ligner hverandre, og har svært beslektede tema, men er likevel strukturelt ulike. Der det første både begynner og slutter i ekstase, starter det andre i et roligere modus, for så å bygge seg opp mot en real utblåsning. Begge er tigersprang i retning av å forene en personlig fortid, en egen eksistens, en egen individualitet, med en mytisk. Og det slår meg at den utagerende kraften, volden mot sansene, og fantasirikdommen det skjer med, bare er mulig når det utføres under pseudonym. Med en vill eksaltasjon lar dikt-jeget seg begeistre av tingene, av byens ’komplekse liv’, av ’dampskip til kais, så individuelle på dei separate ankringsplassane sine’, av poesien i ’handel og kontor’. Med et blikk for tingene og hverdagslivets skjulte liv, og komikk, om du vil, var Fernando Pessoa en av det forrige århundrets virkelige fornyere.»

Og ikkje minst: I Adresseavisa si kåring av dei beste bøkene i 2009 (ligg på nett) kom 2 dikt om modernitet på andreplass i kategorien lyrikk, etter Sarosperiodene av Kaj Skagen. Og framfor Dikt i samling av Jon Fosse. Så det så. Velsigna vere Adresseavisen, får ein seie, framleis i det egoperipetale hjørnet, i Manteuffelstrasse i Berlin, der eg akkurat no står - ja, står - og jobbar med endå fleire utanlandske dikt, fleire enn to.