3.1.13

Godt nytt år, folkens! Eg er tilbake i heimlandet etter mi første jul utanfor Vanylven kommune. Eg har prata utanlandsk, men lese to norske bøker. Tore Skeies «Jomfruen fra Norge» stod for underhaldning og historisk bevissthet, Stig Sæterbakkens «Der jeg tenker er det alltid mørkt» stod for den dirrande uroen som ligg under. I tillegg har eg lese ferdig Stig Larssons «När det känns att det håller på ta slut», opprørande og lærerik (eg har lært at eg ikkje skal ha amfetamin i kaffien når eg skriv) og kome så langt inn Gombrowicz' «Dagboken 1953-1958» at eg har byrja å skjøne kva det dreier seg om (dvs. halvvegs). Det ser ut som eg er hekta på gretne menn. Eit mål for året: lese fleire gretne kvinner.

Windmills by Øystein Vidnes (oysteinvidnes)) on 500px.com
Windmills by Øystein Vidnes

Halle  by Øystein Vidnes (oysteinvidnes)) on 500px.com
Halle by Øystein Vidnes

Leipzig  by Øystein Vidnes (oysteinvidnes)) on 500px.com
Leipzig by Øystein Vidnes

Landing in Oslo by Øystein Vidnes (oysteinvidnes)) on 500px.com
Landing in Oslo by Øystein Vidnes

Ingen kommentarer: