16.1.13

Imot poesien: Pessoa og Wittgenstein


Ein søndag for 99 år sidan sat to særingar i kvart sitt hjørne av Europa og fann opp høvesvis poesien og logikken på nytt. I forkant av eit flyktig antijubileum prøver eg å finne ut kva som hende.

Diktaren Alberto Caeiro er ein som har flykta frå kulturen, eller er fødd utanfor, busett i eit lite kvitt hus på ein åskam i Ribatejo på det portugisiske innlandet, ein stabeis, ein negativ positivist, eller positiv negativist, om du vil. Fernando Pessoa (1888–1935) dikta opp denne diktaren som ei antitese til seg sjølv. Alberto Caeiro kunne – i motsetnad til Fernando Pessoa – aldri ha funne på å skrive under pseudonym, for ikkje å snakke om heteronym, grepet Pessoa fann opp for å sleppe å bli det alle vil vere vere, men ingen veit kva er: seg sjølv.

Denne gjetardiktaren kunne aldri finne på noko så meiningslaust jålete og kunstig som å skjule seg bak eit anna namn, han veit kven han er, kva han vil og korleis ting er. Slike personar kan vere irriterande. Han kan finne på å bryte ut, midt i eit dikt: «Ver som meg – lid ikkje.» (Alberto Caeiros poesi, s 78) Men Alberto Caeiro er ikkje ein pratsom onkel. Om han hadde vore ein av gjestane i familieselskapet ditt, ville han ha vore han som står og lener seg mot rekkverket på verandaen og stirer ut i den halvmørke ettermiddagen, utan å seie noko, dersom ingen spør. Dersom du spurte om noko, ville du kanskje følt at du var modig.


[Illustrasjon: Alberto Caeiro slik Pessoas venn José Sobral de Almada Negreiros såg han for seg. Teikna av Aslak Gurholt Rønsen i Yokoland, basert på José Sobral de Almada Negreiros veggteikning på Universitetet i Lisboa]

Caeiro blei fødd i Lisboa i 1889, ifølgje Pessoa, 16. april, for å vere nøyaktig. Det er ti dagar før filosofen Ludwig Wittgenstein blei fødd, i Wien. Det kan vere urettferdig å samanlikne desse to, sidan Wittgenstein – i motsetnad til Caeiro – ikkje er ein fiksjon, men Fernando Pessoa var aldri ortodoks i slike spørsmål, så då ser ikkje eg nokon grunn til å vere det heller. Pessoa beskriv korleis Caeiro spring ut og ned på papiret, i ein skriveraptus, søndag 8. mars 1914, der heile diktsamlinga Sauegjeteren blir til. Denne raptusen er ei flukt ut av det rommet der han står og skriv – for han står og skriv, det legg han vekt på – ved ein kommode, og i dikta flyktar han ut av Lisboa, ut på landet, til ei anna utsikt og eit anna syn på livet.

På same tid sit Ludwig Wittgenstein i sitt usannsynlege eksil, langt utanfor folkeskikken, langt vekke frå det intellektuelle miljøet i Cambridge som han har flykta frå: i Skjolden heilt inst i den over 200 kilometer lange og krokete Sognefjorden i Norge, som eg også sit og ser ut på medan eg skriv dette.


[Wittgenstein i Skjolden, han ror til hytta si ved Eidsvatnet]

Men kva gjer Wittgenstein akkurat denne dagen, denne enno lite påakta kvinnedagen 1914? Tysdagen før skriv han eit brev til sin gamle mentor Bertrand Russel som er ein tydeleg gest for å bryte seg fri, dei er for ulike, seier han, ikkje som personar, nødvendigvis, «men ideala våre er det heilt og fullt». Torsdag skriv han eit begeistra brev til vennen G.E. Moore, og det må bli kort, seier han, for han er i godt jobbehumør: «I've got out LOTS of new logical stuff. (I don't dare to say more.)» Ingen brev eller dagboknotat viser akkurat kva Wittgenstein gjer på søndagen, men han er midt i ein raptus. Den same våren bygger han ei hytte ved eit vatn, Eidsvatnet, så langt frå folk at ikkje eingong bygdefolket kan forstå at han vil bu der. Her skriv han på manuset til Logik, forløparen til verket Tractatus Logico-Philosophicus [Logisk-filosofisk avhandling], fram til sommaren, då 1. verdskrigen bryt ut, og han dreg til Austerrike og verver seg som soldat. Tractatus kjem ut i 1922, og startar med desse setningane:

1. Verden er alt som er tilfelle
1.1 Verden er totaliteten av kjennsgjerninger, ikke av ting.

Samstundes som Wittgenstein sit Sogn, og seinare i skyttergravene i Russland, og skriv på Tractaus, sit Pessoa på cafeane i Lisboa og let skrifta fylle alt han kan skaffe av papir, konvoluttar, serviettar og ledige sider i trykte bøker. På innsida av omslaget til sitt eksemplar av boka Pioneer Humanists av av John M. Robertson skriblar Alberto Caeiro ned eit dikt som sluttar slik:

Nei: alt er ei mengd av ting.

Alt er definert, alt er avgrensa, alt er ting.
(Alberto Caeiros poesi, s 166)

Caeiro og Wittenstein er altså ueninge, ser det ut til. Wittgenstein ser ikkje på verda først og fremst som substans, men som fakta. For Caeiro ville eit slikt syn vere å gjere ting avhengige av noko utanfor dei, og dermed fornekte dei. Som han seier: «Kvar gong eg tenkjer på ein ting, svik eg han.» Ei av dei sentrale innsiktene til Caeiro er at tankane våre om heilskap og samanhengar er nettopp det: tankar. Og tankar er ikkje noko konkret som han kan sjå og ta på.

Det Caeiro og Wittgenstein har har felles er at begge er stabeisar, og begge er opptekne av at problema våre – t.d. dei filosofiske – er noko vi finn opp sjølve: Dei kan avskaffast ved å la vere å finne dei opp. Wittgenstein vil bruke filosofien til å oppløyse filosofien, allereie i Tractatus skriv han at «det er ikke forunderlig at de dypeste problemene egentlig ikke er problem.»

Caeiro er motstandar av filosofi: «Der det er filosofi, finst det ingen tre: Det finst berre idear.» (Alberto Caeiros poesi, s 177) Grubling er for han knytt til sjukdom og forvirring, men det tilhøyrer det mennesklege, «eg begynner å gruble over problema eg finn opp» (Alberto Caeiros poesi, s 135). Det som reddar han er evna til å fortape seg i det han ser rundt seg, i naturen:

Eg lukkar auga og den harde jorda eg legg meg ned på,
er så reelt reell at til og med ryggen min kan kjenne det.
Eg treng ikkje rasjonalitet så lenge eg har skulderblad.
(Alberto Caeiros poesi, s 144)

I alle sine mislykka forsøk på å seie ting som ikkje kan seiast, forvirrar og tilslører filosofien meir enn han avslører, hevdar Wittgenstein. Den einaste måten å teikne noko slags bilete av det uutseielege på, er å halde seg til å seie det som lèt seg seie, eller som Wittgenstein sjølv oppsummerer boka si i føreordet: «Det som i det hele tatt lar seg si, lar seg si klart, og om det man ikke kan tale må man tie.»

Caeiro er ikkje berre imot filosofi, han er også, strengt tatt, imot poesi. Dikta hans er skrivne som ein reaksjon på dei han kallar «mystikarar», som rammer det som tidlegare har blitt skrive av pastoraldikting, som står for eit syn på verda som seier at «ingenting er det det ser ut til å vere», som rammar alle former for symbolistisk poesi (som den samtidige saudosismo-rørsla, i portugal). Men i eit «intervju» (Alberto Caeiros poesi, s. 244) lèt Caeiro det skine gjennom kor mykje han har til overs for stort sett all poesi før han: «Det er med ting som betyr ingenting, altfor mykje ingenting, at folk har skrive poesi fram til no. Det må bli slutt på det.»

(omarbeida utdrag frå ein tekst publisert i litteraturtidsskriftet Lasso, desember 2012)

Ingen kommentarer: