OS Updates: iOS 16.4, MacOS 13.3, WatchOS 9.4, tvOS 16.4, and More
-
I’m linking here to Michael Tsai’s roundup of links pertaining to iOS (and
iPadOS) 16.4, but Apple has pretty much released updates to *all* of their
pla...
for 13 timer siden
5 kommentarer:
Ikkje berre eit artigt namn, men også eit namn ein bør notere seg i boka si. Kunne passe på ein av karane i romanen "Brakkehorene" som eg ein gong har tenkt å skrive. Handlinga er lagt til ei lita bergverksindustribygd på søre sunnmøre, der det skjer store endringar då bedrifta Kapp Mineral skaffar seg leigearbeidarar frå Finland som bur i brakker nede ved kaia. Kvinnfolka tek til å gå med leppestift, og er tidt og ofte å sjå nede ved brakkene. Ja, ikkje berre utanfor, heller.
Eg nemner: kvinner som forlet ektemennene sine til fordel for finnane, sabotasje av sand-elevatorar med fatal utgong i form av drukning i sandsilo med særleg finkorna sand.
Og så vidare. Synopsisen er skriven. Der finst namn som Ystebakkjen og Rælen.
Starkjohan kunne også passe godt.
Du skjønar nok at denne romanen ikkje kan skrivast på nokre år. No har jo Olivin skifta namn til North Cape Minerals og alt. Og tida då kvinnene i bygda søkte ned mot brakkene, står nok enno friskt i minne hos somme.
Nei, ikkje vent, Hilde! Eg vil lese denne boka no!
Du har rett, Øystein. Kvifor vente? Vente på kva? At dei ein gong forsmådde ektemennene skal kome over det eller døy? Nei, slikt kan ein ikkje vente på. Eg skal ta til å skrive med det same.
Fraa Sarajevo:
Eg vil berre seie at Stor-Johann er ein figur sagnomsust figur fraa Vesteraalen. Han gjekk visst under namnet Stor-Johann ogsaa, rett og slett fordi han var djevlsk sterkt. Over to meter hoeg og brei som ei laavedoer.
Min gamle historielaerer hed Storejohann. Han snakket oxfordengelsk og gikk aldri med sokker. Vi kalte ham Giovanni Grandiosa bag hans rygg.
Legg inn en kommentar