2.7.05

Dei fullaste poetane i Litauen

Før eg stig på bussen i Oro Uostas, tenkjer eg at det var noko som L.O. på jobben sa som fekk denne reisa til å stille seg i eit anna lys. Eller kanskje det ville vere rettare å seie at det peikte framover og fekk reisa til å stå fram, slik ho var, allereie på førehand. Det er ikkje eit såkalla negativt lys, eg tenkjer på, dersom det då finst noko som heiter ‘negativt lys’, men det fekk meg til å tenkje at «no må eg passe meg». Kvifor gjorde det det? Passe meg for kva? Og er dette ei type skam eg ønskjer å stå fram med: den typen skam som omfattar kva éin på jobben har sagt om deg - til ein annan på jobben? Det veit eg ikkje, men eg veit at det eg her skriv på ein eller annan måte blir prega av denne skamma, og at eg difor like gjerne kan seie det rett ut som å mislukkast i å legge skjul på det. L.O. sa ikkje noko anna enn som sant var at Ø. - altså eg - skal sitje på sin mørke loftshybel i Vilnius og skrive. Dette er heilt sant, og i det eg prøver å betale dei fire kronene bussen til byen kostar, med ein altfor stor seddel, tenkjer eg at eg ikkje veit kva eg gjer, eller at det eg veit botnar i ein grenselaus naivitet, og at eg prøver å kompensere for denne kjensla med å ta bussen. Å ta bussen er eit forsøk på å meistre byen allereie no frå første stund, følgje med på gatenamna med blikket ut vindauget og ein finger på kartet, i staden for å ta taxi og bli brakt til døra som ein postpakke. When I see a man of 30 taking the bus, I see a man who has failed in his life. Thatcher sine ord, og trass i at eg ikkje er 30, kan orda få meg til å hoppe av bussen. Iikkje i skam, men i sinne, for å ta flyet frå Vilnius igjen, umiddelbart, til London, og ta ei svart London-drosje, nei, for å ta bussen direkte til House of Lords. Går han ikkje dit, så kaprar eg han, og går direkte inn for å gjere eit eller anna svært brutalt mot den gamle dama. Men dette gjer eg ikkje, av forståelege grunnar. Eg har jo nettopp kome hit, og alt eg eigentleg har i tankane er å finne fram til staden der eg skal bu, noko som forresten viser seg uventa lett. Eg veit ikkje ordet av det før eg står på min hybel i selskap av K., som er husverten. Det er ganske riktig eit loftsrom.

K. viser meg rundt og seier at han også vil vise meg byen. Dette takkar eg ja til, trass i L.O.s ord som ringjer i bakhovudet, sitje på sin mørke loftshybel, som får meg til å tenkje at eg må «passe meg», og at eg skal gjere nettopp det, ikkje noko anna, men no har K. allereie byrja å ta telefonar. Han har nemleg fått vite at eg kjenner A., noko som berre er halvsant, og seier at i dag er det A. sin store dag. A. er ein novelleforfattar eg møtte på Gotland, og i dag har han bursdag. K. ser på klokka, og seier at no har A. og gjengen hans allereie drukke i fire timar, så dei er truleg svært fulle. Men det skadar ikkje å gjere eit forsøk på å treffe dei. Å vere novelleforfattar i Litauen kan er rett nok kanskje vere litt betre økonomisk enn å vere poet i Litauen, men det vil ikkje seie mykje. A. er dermed å rekne som fattig. Vennane til A. er poetar. A. og vennane hans har difor som vane å kjøpe drikkevarene der det er billegast, og innta dei på trappa utanfor forfattarforeininga sitt bygg. Forfattarforeininga har ei av dei finaste og mest ærverdige gamle bygningane i sentrum av Vilnius, og kantina i første etasje er eit av dei sentrale vasshola. Dei sju kronene det der kostar for ein halvliter øl, og endå meir for andre ting, er ikkje økonomisk forsvarleg i lengda. K. tek sine telefonar og finn ikkje ut anna enn at ingen veit kvar A. og poetene befinn seg. Han må skaffe nye nummer, for dei mistar mobilane sine heile tida, seier K. og ristar på hovudet. Her i Vilnius er det eit problem at unge forfattarar, og særleg poetar, som det er flest av, drikk seg halvt eller heilt i hel, seier K. To gongar i det siste har det hendt at unge lovande forfattarar har ramla ned trappa som går frå første etasje i forfattarforeininga sitt bygg til toaletta i kjellaren, og døydd.

A.&co er ikkje på trappa utanfor for forfattarforeininga. Vi går likevel inn. På veggen heng det bilete av forfattarane, deriblant A. Mange er tenksame, svært ofte skjeggete og med briller. Ein av dei dukkar levande opp i same augneblink, og blir presentert som Z. (de opparbeider kanskje ein viss irritasjon over at eg berre omtaler folk med forbokstaven, men det kjennest ikkje rett å gjere noko anna). Z må eg fortelje om ein annan gong, for akkurat no tek K. ein raud ballong frå brystlomma - han har alltid ein raud ballong i brystlomma, seier han - som han skriv namna våre på, og kastar ut på dansegolvet. Tanken hans, seier han, er at dette skal gjere folk heilt ville.

Konstaterer eg dermed at eg er ein stad der ein mann er i ferd med å blåse opp ein raud ballong han har henta frå brystlomma? Nei, det kunne ikkje falle meg inn. Kven er han? K. er seksti år, og sju av dei åra har han tilbrakt i Litauen. Før det har han vore andre stader. Amerikanar. Eg er hos folk som bles opp raude ballongar, og eg synest ikkje det er det minste merkeleg. Folk skal bli heilt ville. Og dei ser ganske riktig heilt ville ut der dei dansar til ein eller annan obskur 80-talslåt, men dei ensar ikkje den raude ballongen. Det får K. til å klage over at forfattarmiljøet ikkje er som før. Før ville folk blitt heilt ville av ein raud ballong, men no blir dei ikkje heilt ville av ein raud ballong.

K. gjer eit siste forsøk på å få tak i A., men får vite at dei kanskje er på veg heim til L., noko som er betryggande, for han er den mest edru poeten i Litauen.

Eg ventar i det lengste med å gå på toalettet, eg tenkjer at eg må «passe meg», men då eg ikkje kan halde meg lenger, overraskar det meg at trappa er ei vanleg, ikkje spesielt bratt trapp, og at det ikkje kjennest som ein risiko å gå ned, men eg tenkjer nok ein gong at eg må «passe meg», og at eg skal sitje på min mørke loftshybel.

1 kommentar:

espenedvardsen sa...

Det er mykje drikking i utlandet. Det skjønnet eg allerede i 1983 etter å ha vore på Mallorca.

Men gamalt nytt fortalt på ein elegant måte, er vel ofte god litteratur. Reknar med du kjem i mål.