5.7.05

Du forlet no republikken Užupis


Du forlet no republikken Užupio
Originally uploaded by ø.
Det tok meg nokre å skjøne dagar at det ikkje er elva Neris som er sjølve elva i Vilnius, men derimot altså den vesle elva Vilnia (som tyder «lita bølgje» og igjen skal ha gitt opphav til namnet på byen).

På den andre sida av Vilnia ligg republikken Užupis. Før Užupis (som tyder nettopp «på andre sida av elva») erklærte sjølvstende 1. april 2000, var det ein fattig bydel i Vilnius, ein tilhaldsstad for kunstnarar, forfattarar og fritenkjarar. (Litt som Kristiania København.)

Det slår meg elles at eg kanskje har stilt K. i eit dårleg lys. Det var ikkje meininga. K. er ein fenomenal fyr, og - viser det seg - ein nær ven av Robert Bringhurst, som har designa fleire av bøkene hans. Bringhurst er forfattaren av den fantastiske boka The Elements of Typographic Style, som eg på mange måtar har brukt som bibel etter at eg fekk den til jul for to år sidan av Audun og Susanne. At Vilnius ikkje er ein sinssjukt stor by, skjønar eg når eg tek fram Rough Guiden og får vite at forfattaren av denne er ein fast gjest i K.s hus.

Det var vel nok skryt for i dag. Skriv eg? Ja, gjett! Det blir saker!

Ingen kommentarer: