17.7.05

Omsetjing

I ånda til det parallelle og uferdige postar eg den engelske omsetjinga av «Byrkjelo» som eg på torsdag let meg overtale til å lese opp på sommarfesten til den vekentlege litteraturavisa Literatura ir menas. Når eg skriv «let meg overtale» er det ikkje for å prøve å indikere at folk hadde likt teksten og ville høyre den, men fordi eg har blitt kjend med dei som jobbar i avisa og dei var truleg var nysgjerrige på kva eg hadde å kome med. Og eg var også nysgjerrig på korleis til dømes denne teksten ville ta seg ut i ei anna språkdrakt. Bakgrunnen for omsetjinga er eigentleg at eg skal til forfattar- og omsetjarsenteret på Rhodos, som ville ha ein tekstbit på engelsk, men sidan eg var lat og nysgjerrig, byrja eg å omsetje sjølv i staden for å finne ein kompetent omsetjar. Eg er usikker både på resultatet (trass i god hjelp frå min svært så språkbevisste og intelligente husvert K.) og på teksten, særleg banninga, der det ikkje ein gong held med ei god språkjensle, ein må klare å bestemme seg for kva for kulturkrins og dia-/sosiolekt ein skal legge seg opp til, og resultatet er nok prega av at eg ikkje med ein gong bestemte meg for om det skal ha ein engelsk eller amerikansk aksent. Eg prøver jo alltid å legge meg opp mot det britiske, men lukta av møk er for meg på ein eller annan måte meir amerikansk.

6 kommentarer:

Susanne sa...

Jeg synes du skulle oversätte Byrkjelo med Boogaloo!

ø sa...

Vel. Det første alternativet var den engelske versjonen av namnet, nemleg Berkeley, men på ein eller annan måte blei det noko heilt anna.

Susanne sa...

Ja, det duer jo definitivt ikke: der ligger universitet og alt muligt.

Det Polemiske Jeg sa...

Lukten av møkk er svært lite amerikansk. Amerikansk møkk lukter air freshener. Lukten av møkk er irsk.

Helge sa...

England er for flatt iallfall.

fahrrad.de sa...

Vous avez un blog très agréable et je l'aime, je vais placer un lien de retour à lui dans un de mon blogs qui égale votre contenu. Il peut prendre quelques jours mais je ferai besure pour poster un nouveau commentaire avec le lien arrière.

Merci pour est un bon blogger.