1.8.05

Ny bergensk horisont


Ny bergensk horisont
Originally uploaded by ø.
Eg er rett nok tilbake i business, med striskjorta på overkroppen og havrelefsa i veska, men eg kan jo late som om alt framleis er ferie og fridom. Eg kan late som om eg tok dette biletet medan eg på laurdag spelte poker på Eivind si takterasse. Vent, det var faktisk det eg gjorde.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Korleis går det an å nemne pokerkvelden utan å nemne dronninga av poker, ho som vann, ho som snart dreg til Las Veggis for å spela meir poker?

lille trille.

ø sa...

He he. Okei då. Den definitive dronninga av poker heiter Silje, det var ho som vann, og som etter det eg forstår allereie har byrja å førebu karrieren som profesjonell pokerspelar i gamblinga sin hovudstad.

stina sa...

Eg tykkjer sida di treng ein ny horisont snart.

Det var meint som ei oppmuntring.