26.8.05

Dei møysommelege orda

Eg ser at det har vore altfor stilt her ei tid. Det er vel slik det er når utdanninga skal internasjonaliserast og livet skal levast. Men det er ikkje verre enn at eg innimellom kastar vekk tid med å lese på nettet om dei unge og dumme høgrefolka som vi elskar å hate. Eigentleg likar eg ikkje å bruke tid på dette. Men eg kunne ikkje dy meg då ei setning dukka opp på ei nettside som heiter «Det siste fra Harald» (det skal fan ikkje vere noko lenking). Denne Harald er kjend for å ikkje gå av vegen for å brenne nynorskordbøker, men ting tyder på at han ikkje er spesielt glad i bokmålsordbøker eller riksmålsordbøker heller: «Ord er imidlertid betydningsfulle og bør brukes med møysomhet.»

5 kommentarer:

Espen sa...

Kom deg inn på sida hans no.
Dødfeite videoar!

Dessverre har eg til no ikkje fått sett Oslo Høgre sin video om SVs urix-pol.

ø sa...

Det må eg seie. Han dansar liksom uanstrengt i eit tomt rom, medan han preikar politikk.

Nebbhøna sa...

å, eg fekk så lyst til å stemme høgre! Det er det beste eg har sett! Kven vil vel identifisere seg med den bustete sosialisten Aksel når dei i staden kan vere på lag med den kule dansaren Harald?

ø sa...

Nebbhøna,

det kan virke freistande, eg veit det. Ja, for kven blir ikkje sitjande og nikke i takt med dette hovudet med dei stilige brillene og det sjølvsikre, men likevel søtt keitete smilet? Kven følgjer ikkje dei same stega som dei kvite skoa? Kven løftar ikkje sitt imaginære glas og skåler løyndomsfullt mot skjermen, eller trykkjer på sin eigen nøkkelhank i håp om å låse opp den næraste chrysleren?

Kven?

Dette kan berre gå ein veg.

Hilde sa...

Du store! Dette var saker! No ser eg storleg fram til valdagen. Med slike sneisne dansesteg over gymsalgolvet i Syltefjord skule, dei ti-tolv metrane mellom forhenget og urna, vil det ikkje levne ringaste tvil om kva stemmesetelen seier.