11.7.05

Sjølvportrett med Puddefjordsbru


EG
Originally uploaded by ø.
Eit gammalt minne frå det mørke året 1996.

6 kommentarer:

Susanne sa...

Jeg husker det billede - eller et lignende, findes der flere versioner?

ø sa...

Eg laga ein ny versjon som eg trykte til ei sak i BT i 1998, men denne er litt betre, i retrospekt.

Hilde sa...

Øystein, Øystein, du er ein mann med eit utal talent, skjønar eg. Bra bilete! (I fleirtal, altså)
- noko som gjev eit framragande fyrsteinntrykk for ei enkel landsens jente som har rota seg inni/oppi/borti/nedi blogge-verda.
Som jo er ei ganske fin verd, for så vidt.

ø sa...

Takk for det, og velkommen skal du vere, Hilde! Det er fint å sjå og høyre nytt frå Syltedalen

Espen sa...

Vart dette publisert over to sider saman med ein David Bowie inspirert tekst?

ø sa...

Espen,
du tenkjer på eposet «Stjerneregn», publisert i Studvest, som ingen – heller ikkje eg – skjønte særleg mykje av. Nei, det hadde ein annan illustrasjon, sjølv om Puddefjordsbrua hadde ein sentral posisjon også i den teksten, som eg no med glede kan melde ikkje finst nokon stad på nettet. Dette var på den tida då eg bestemte meg for å nemne Puddefjordsbrua i absolutt alle artiklane eg skreiv. Det kuliminerte vel i artikkelen om «kloninga» av Puddefjordsbrua, i Tid & Sted i 98, der eg laga ein ny og ikkje så fin versjon av dette biletet her. Nok om det.