5.7.05

Litterær sjølvmelding

På dobbel oppfordring frå Stina og Susanne ser eg ikkje anna råd enn å berre bite i graset og legge det på bordet, som vi seier:

1) Hvor mange bøker eier du? Har aldri telt. Eg ser at nokon tidlegare har svart " Tre bokhyller, kanskje 500?" Eg har også tre bokhyller, men dei er djupe, og eg har sett meg nøydd til å sette bøkene i doble rader. Pluss at det ligg og flyt. Svaret er altså kanskje tusen.

2) Hvilken bok var den siste du kjøpte? Det må ha vore The Poetry of Du Fu for fem kroner på Frelsesarmeen. (På norsk er han vel mest kjent som Tu Fu og omsett av Georg Johannesen.)

3) Hvilken bok var den siste du leste? T. Singer av Dag Solstad, på lydbok. Det er fint med lydbøker på reise, i dette tilfellet frå Bystasjonen i Bergen til ei grøn skråning i Vilnius. Lydbøker tel vel? Elles må eg kanskje nemne Girl With Couriuos Hair av David Foster Wallace, som eg akkurat har lest.


4) Nevn fem bøker som har betydd mye for deg og som du har lest mer enn tre ganger! Det var då voldsomt til krav. Men barneboka Blikk-Lise må eg ha lest minst 30 gongar. Ho gjorde inntrykk. Fleire barnebøker må eg sjølvsagt òg ha lest om lag like mange gongar, utan at alle har betydd like mykje. Den einaste vaksenboka eg i farten kan kome på å ha lest tre gongar, er Ulysses av James Joyce. Eg byrja på henne i første klasse på vidaregåande, sikkert mest fordi eg høyrde at det skulle vere ei av dei vanskelegaste bøkene som finst. Eg leste henne på nytt i andre klasse på vidaregåande, og ein tredje gong i tredje klasse. Det er vel det ein kallar eit nerde-prosjekt. Men det betydde mykje. Likevel, det vil sikkert ta endå nokre år før eg les henne igjen, og dermed oppfyller kravet om meir enn tre gongar.

Egentlig ville fru Blum bli kjent med melkemannen av Peter Bichsel er ei bok eg vel har lest meir enn to gongar, og sikkert kjem til å lese meir enn to gongar til. Verda verkar aldri så full av muligheiter som når ein akkurat har lest Egentlig ville fru Blum bli kjent med melkemannen.

Elles: Labyrinter av Jorge Luis Borges. Stik modsat af hvadsomhelst av Pessoa. Brief Interviews With Hideous Men av David Foster Wallace. Vi har så korte armar, Olaug Nilssen. Mange menn, før dette siste. Eg er vel i eit mannleg modus i augneblinken, antek eg.

5) Oppfordre fem personer til å fylle ut disse spørsmålene i bloggen sin. Ok: Synnøve Lindtner, Cathrine Holst, Arild Robinson, Maria B. Solheim, Natasha (Dei tre første på same blogg.)

9 kommentarer:

Unknown sa...

Eg angrar litt på at eg skreiv dette. Kjedebrev får meg alltid til å kjenne meg som det veikaste leddet. Paal har eit mykje betre svar.

Rue de Bernières sa...

Det er jo nesten bare barnslig.
Når man først har gått til anskaffelse av en blogg/nettjournal, gir det lite mening å holde seg for god for et harmløst spørreskjema.

Det eneste motargumentet jeg kan komme på er at slike skjema i verste fall er overflødige ettersom det beste redskapet for enhver form for selvpromotering er nettopp nettjournalen.
Og Paal gjør en god jobb med kuttingen i så måte. Gratulerer!

Mvh,
Susanne Steingildra

PS: Kom igjen, da Øystein. Det sterkeste leddet er det som ikke bryr seg om hva de andre leddene synes, er det ikke sånn?
Man lærte da noe av de seks årene på barneskolen.

Unknown sa...

Er det ikkje folk med gullkjeder og BMWar som er den skrytande middelklasseungdommen?

Men eg er litt einig med Espen/Synnik, utan at det vel er så mykje å diskutere. Som Synnik seier, det finst viktigare spørsmål. Definitivt.

Og ja, Synnøve, lenge sidan. Vi må ta ein øl i august!

Paal Bjelke Andersen sa...

Steingildra,

ja, du har rett. Dette var barnslig, men veldig gøy. Og: "Det sterkeste leddet er det som ikke bryr seg om hva de andre leddene synes, er det ikke sånn?" Ja nettopp, Burroughs, og hva veldig mange andre (tilsynelatende) har holdt på med. En god beskrivelse.

Anonym sa...

Synnik, din pseudo-marxist: Alt kulturelt forbruk er på den ene eller andre måten klassebestemt. Men skal vi av den grunn slutte å oppgi hvilke bøker vi liker? Hæh? Fordi det å ha lest Ulysses tre ganger, som Vidnes her, er en skjult fornærmelse mot arbeiderklassen? Smakshierarkier blir ikke borte på den måten, vettu. Og snobbing nedover, som åpenbart er Espens forslag, gjør bare vondt verre.

Anonym sa...

Eg synest den siste boka du nemner i oversikta over bøker som har betydd mykje for deg, men som du likevel ikkje har lese meir enn tre gongar, er ei skikkelig viktig og god bok!

Her viser du klasse, Ø!

Anonym sa...

Kølle bikkje! Om du forstod det med BMWer og gullkjeder som et forslag, så bør du nok lese mer
(en slik tolkning vitner om funksjonell analfabetisme).

Mvh. Espen

Anonym sa...

Ja, du...det er nesten så einkvar blogg burde hatt ein eigen kommentarplass for dei kommentarane som ikkje har det spor med innlegga å gjere(ikkje at det innlegget var utan interesse, men...)

Skulle berre seie at du er ein kjekk kar, som eg dessverre ikkje kjenner godt nok, men slikt kan ein ikkje tenkje for mykje på.

Det var ikkje noko utom det, berre at eg har eit "klem-ein-ven-så-blir-i-alle-fall-mi-verd-litt-betre"-prosjekt gåande. Det var din tur til å få ein klem i natt etter ein lang kveld ute på livet i Bergen, og det er sjølvsagt ein av intensjonane at di verd òg skal bli litt betre av ein god klem!

Unknown sa...

Ja, det klarte du. No vart verda mi straks litt betre!