27.4.09

Hjemås, Rorgemoen & Carmona-Alvarez

Dagens opptur: Rune F. Hjemås sin blogg jegborher, og det nye intervjuet med Kjersti Rorgemoen, og det ikkje så nye intervjuet med ein Pedro Carmona-Alvarez i storslag. Og ein heil del andre ting eg ikkje har rokke å lese enno.

21.4.09

Festspillprogram



Akkurat sendt i trykken: Magasin/programhefte (60 sider) om utvalde delar av Festspillene sitt program for i år.

Vagant 1 2009



Blogge? Det er jo det siste eg har tid til! Og likevel, likevel, likevel, eg er tilbake, eg er tilbake, eg er tilbake, og eg skriv alt tre gonger. Inntil vidare ville eg berre minne om at årets første Vagant-nummer er ute. Og Vagants nettsider køyrer i gang med omsetjingar av utanlandske artiklar på nettsidene. Meir her og her [underskog.no].

2.6.08

Dagens metafor

Ah, metaforen, språkets utskjelte stylte, poesiens svar på taxien: over korte distansar kan det vere den raskaste måten å kome fram på, men prisen er høg. Og av og til tek metaforen styringa sjølv. Det ein ville seie blir stilt i skuggen av det ein faktisk seier. Noko slikt kan ein vel seie skjedde med gode gamle Schopenhauer her:

«En tankes nærvær er som en elskedes nærvær. Vi mener at vi aldri vil glemme denne tanken, og den elskede vil aldri kunne bli oss likegyldig. Men ute av øye, ute av sinn! Den skjønneste tanke står i fare for å bli ugjenkallelig glemt hvis den ikke blir nedskrevet, og den elskede for å bli forlatt av oss hvis vi ikke gifter oss med henne.» (Arthur Schopenhauer)