Viser innlegg med etiketten språk: norsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten språk: norsk. Vis alle innlegg

2.6.08

Dagens metafor

Ah, metaforen, språkets utskjelte stylte, poesiens svar på taxien: over korte distansar kan det vere den raskaste måten å kome fram på, men prisen er høg. Og av og til tek metaforen styringa sjølv. Det ein ville seie blir stilt i skuggen av det ein faktisk seier. Noko slikt kan ein vel seie skjedde med gode gamle Schopenhauer her:

«En tankes nærvær er som en elskedes nærvær. Vi mener at vi aldri vil glemme denne tanken, og den elskede vil aldri kunne bli oss likegyldig. Men ute av øye, ute av sinn! Den skjønneste tanke står i fare for å bli ugjenkallelig glemt hvis den ikke blir nedskrevet, og den elskede for å bli forlatt av oss hvis vi ikke gifter oss med henne.» (Arthur Schopenhauer)

1.6.08

Mircea Cărtărescu

Eg har ikkje vore på litteraturfestivalen på Lillehammer i år, og det kjennest som eit sakn. Dette er ei vanmektig helsing frå Berlins bakgater til alle dykk eg denne gongen ikkje fekk tatt eit glas med på Håkons pub!

Denne bloggen utviklar seg til eit reint spammefelt for prosjekt eg har fingeren borti, og om det ikkje er det beste som kunne hende så er det vel kanskje ikkje det verste heller. I byrjinga av mai fekk eg spørsmål frå Audun i Gasspedal om å lage satsen på Mircea Cărtărescu si essaysamling Europa er formet som hjernen min (omsett av Steinar Lone) og det blei gjort i kunstig oppblåste virtuelle tidslommer i det fargerike lappeteppet av ein månad dei kallar mai. Judith Nærland fiksa omslag:



Fredag blei resultatet slengt på bordet under litteraturfestivalen, saman med Orbitor. Venstre vinge, som Bokvennen forlag gir ut.

22.5.08

Reportasje om Teufelsberg

Eg fekk det nye nummeret av Syn og Segn i posten i dag. Eg har ikkje lest det enno, bortsett frå det eg står bak sjølv… Det inneheld ei relativt lang reportasje om Teufelsbergs relativt utrulege historie, skriven saman med den gode Ellen Engelstad. Ideen var berre å gjere noko ut av dei bileta eg tok der i november, men så blei det jammen ein tekst av det òg. 11 romslege sider. I butikkane/postkassene om nokre dagar, tenkjer eg.

20.5.08

Dag Solstad on Brand



Dag Solstad's interesting essay ‘On Henrik Ibsen’s Brand’, as free, downloadable pdf.

(The essay was commissioned by the Bergen International Festival, but it's more involved than your average commissioned essay. He's also just written a new essay on freedom of speech for the magazine Samtiden. More in Dagsavisen.)

Design: Yours truly
Cover illustration: Grandpeople.