1.6.08

Mircea Cărtărescu

Eg har ikkje vore på litteraturfestivalen på Lillehammer i år, og det kjennest som eit sakn. Dette er ei vanmektig helsing frå Berlins bakgater til alle dykk eg denne gongen ikkje fekk tatt eit glas med på Håkons pub!

Denne bloggen utviklar seg til eit reint spammefelt for prosjekt eg har fingeren borti, og om det ikkje er det beste som kunne hende så er det vel kanskje ikkje det verste heller. I byrjinga av mai fekk eg spørsmål frå Audun i Gasspedal om å lage satsen på Mircea Cărtărescu si essaysamling Europa er formet som hjernen min (omsett av Steinar Lone) og det blei gjort i kunstig oppblåste virtuelle tidslommer i det fargerike lappeteppet av ein månad dei kallar mai. Judith Nærland fiksa omslag:



Fredag blei resultatet slengt på bordet under litteraturfestivalen, saman med Orbitor. Venstre vinge, som Bokvennen forlag gir ut.

Ingen kommentarer: