Eg har flytta. Eg har flytta, innanfor same kulturkrins, innanfor dei same veggane, om lag femten meter i luftlinje, inn på eit anna rom, inn på nokon annan sitt rom, inntil vidare, eit stort rom som opnar seg opp mot verda, der ein kan høyre skipsverftet sine fresande krampetrekningar, og der eg kan høyre kranene ule. Det er sant, viss du var her, kunne du òg høyre kranene ule i natta, og om ettermiddagane: lyden av trommer som, dersom du hadde lent deg ut av vindauget, hadde vist seg å vere ein flokk gutar som stod og slo på trommer med hovudskallane sine, rente inn i trommeskinnet med panna først, eller slo dei handheldne trommene mot dei øvre delane av tinningane på den eine eller begge sidene med ei tromme i kvar hand, eller mot bakhovudet og pannebrasken, men no, bortsett frå enkelte spake, halvsøvnige ul (byggekranene? kan det vere kranene?), er det stilt.
Det er ein tilfeldig kveld. Nokon har sett igjen bokhyllene sine i dette rommet, med bøker i. Ein tilfeldig kveld – ikkje denne kvelden, men det kunne ha vore denne kvelden – plukkar eg ut ei bok eg har lyst til å lese. Ikkje ei tilfeldig bok – derimot ei eg har lyst til å lese – men det viser seg tilfeldigvis å vere Romklang av romandebutanten Knut Olav Homlong, ei bok eg blir overraska over å finne her, i mitt rom, men i ein annan si bokhylle. Og grunnen til at eg blir overraska over å finne denne boka her, er at eg trudde denne boka hadde forsvunne. Ikkje dette eksemplaret av boka (som eg ikkje ante eksisterte), men forsvunne som roman, forsvunne som bok, rett og slett forsvunne. Eg visste at ho skulle kome, og hadde høyrt forfattaren lese opp frå boka under debutantkvelden på forfattarsleppet i Bergen, eg syntest det var ei god opplesing og eg likte det han leste opp. Og etterpå gjekk eg fram til forfattaren for å seie at eg hadde likt det han leste opp, og såg fram til å lese boka. Men etterpå trudde eg at boka hadde forsvunne, som det tome ekkoet av ein litt under middels tjukk roman som fell mot golvet i eit tomt rom. Men ho hadde altså ikkje forsvunne, viste det seg, ho var her, i mitt rom, mellom hendene mine. Det er seint, klokka er eitt om natta, men før eg legg meg til å sove, gjer eg to ting: 1) Eg bestemmer meg for ikkje å sove før eg har lest ut Romklang som eg trudde hadde forsvunne og 2) eg set på ein cd, endå eg ikkje vanlegvis brukar å setje på ein cd dersom eg les på senga. Ikkje før langt ute i cd-en og eit lite stykke ut i boka oppdagar eg at det er eit samantreff i det faktumet at cd-en eg har sett på medan eg les Romklang i dette «nye» rommet er Songs from a Room av Cohen. Men eg les vidare. Og høyrer vidare. Eg merkar at eg er trøtt, men eg les vidare, og cd-en tek slutt. Det er ei bok om ikkje å sove, mellom anna, eller å sove på feil tidspunkt (mellom anna). Dette er ikkje ei bokmelding. Det er ei bok med eit språk eg fatta interesse for, og som eg difor gleda meg til å lese. Og det skuffar ikkje. Setningane i denne boka sveipar. Nokre gongar manar dei òg. Dette er ikkje ei bokmelding. Og likevel blir eg litt skuffa over boka (som eg trudde hadde forsvunne). Det er ikkje det at setningane ikkje fører nokon stad, tvert imot, dei fører alle stader, dei fører fram og tilbake i eit kvardagsleg og tvers gjennom vanleg tankerom, dermed til ei viss grad surrealistisk på overflata, men endå meir om ein pirkar litt i det, i dette tankerommet, hos ein litt for vanleg ung familiefar i sitt eige trygge hjørne av den intellektuelle middelklassen, og difor blei eg Skuffa, fordi eg hadde venta å finne Feber, der eg låg. Eg hadde nemleg (hemmeleg) venta å bli piska. Eg hadde (hemmeleg) håpa på noko (inni Forteljinga) som skulle piske meg vidare i Forteljinga. Men i staden fekk eg setningar som sveipa, og nokre gongar mana, og det er ingen som gir meg drops når eg kjem til side 115, som er den siste sida, klokka kvart på tre. Dette er (dessverre) ikkje ei bokmelding. Kunne eg ha sagt dette klarare, hadde eg sagt det klarare. Eg kunne ha sagt det klarare, men dette må bli om dagen, ikkje om natta.
Kvifor trudde eg at boka hadde forsvunne? Det var fordi eg visste at ho skulle kome, men aldri møtte henne, i avis eller levande live. På nett finst det berre to (skeptiske) meldingar, i Universitas og i Stavanger Aftenblad, som siterer dette frå boka, som ein implisitt poetikk:
«Det er som om dei som skriv, ikkje verkeleg skriv med mindre dei i fullt alvor sit og kokar i hop eit drama, (...) med skikkelsar, klumpete innretningar som trampar rundt i blottlagde heimar og ter seg, og oppsøkjer kvarandre og unngår kvarandre på dei mest klossete vis (...)». Noe senere kommer følgende modifikasjon: «Eg trur eg aldri har vore interessert i litteratur, berre i det som bind tekstane saman og bryt dei opp.»
Eg ville seie noko, men hugsar ikkje kva. Dette er ikkje ei bokmelding. Eg ville kanskje seie at eg syntest at det var ein for enkel poetikk, samtidig som eg var medviten om at sitatet var drege ut av fiksjonen, utan å gjere meg til eksponent for Forteljinga, for der vil eg ikkje vere, eg vil ikkje vere for, i, av, på, med, under Forteljinga. Eg ville balansere, og samtidig vere Ytre fløy, ein stad, på Ytre fløy, men dette er ikkje ei bokmelding av den boka eg trudde hadde forsvunne, som eg blei litt skuffa over (der eg låg utan Feber og lurte på om eg var eksponent for Forteljinga i ein time og tre kvarter ei tilfeldig natt), men som eg ikkje desto mindre, fleire gongar undervegs, avsnitt for avsnitt, der og då tenkte med meg sjølv at var ulande, hovudtrommande (pannebrasken mot trommeskinnet) godt skrive, eksempelvis:
«Og så er det dette kjøkkenbordet. Mykje ligg i at ein ikkje er på botnen, men her oppe. At ein klarer å sitje oppreist. Mykje ligg i at ein ikkje ligg på golvet under kjøkkenbordet og hyler med kjaken ned i brødsmulane og støvet og dei størkna feittdropane. Det utgjer ein skilnad. Det ligg eit fall i dette, det er eit fall mellom sitjande på stolen og liggjande hylande på golvet, ellere berre så vidt pustande på golvet. Imellom ligg kjøkkenbordet, kjøkkenbordet markerer ein overgang mellom over og under. Over bordet, under bordet. Over bordet er bra, under bordet, under bordet er ikkje bra.»
Og dette skriv eg medan verda brenn, og det einaste eg kan sjå er noko gult som speglar seg i Puddefjorden, som eg ser ein flik av, berre ein flik.
1Password: The Infinite Loop of Security
-
My thanks to 1Password — which, earlier this year, acquired frequent DF
sponsor Kolide — for sponsoring last week at DF. The 2024 Verizon Data
Breach Inv...
for 3 timer siden
5 kommentarer:
Eller for å sitere noe jeg nettopp leste av Derrida: "I will not mix genres. Genres are not to be mixed."
Hm, er vi de eneste der står tidligt op i denne by, Grüner?
Øystein, bogen kom i posten for nogle uger siden: til Gasspedal med kærlig hilsen fra forlaget. Du kan helt sikkert få lov at beholde den.
usj, forlagskærtegn, hørtes en anelse klamt ut;)
s
«Eg trur eg aldri har vore interessert i litteratur, berre i det som bind tekstane saman og bryt dei opp.»
Anten drøymer eg, eller så har eg nett lest denne setninga i ein annan (relativt ny) roman, for berre nokre dagar sidan. Det er ein viss fare for at eg rotar no, så eg vil ikkje seie kva bok det er før eg har fått sjekka.
Ja, jeg foretrækker absolut også rå forlagsvold anytime.
Legg inn en kommentar