15.7.05

Litauisk litteratur: eit feltstudium

Eg skreiv eit utkast til noko som hadde tittelen «Litauisk litteratur: eit feltstudium», men det verka heilt umogleg å gjere det ferdig. Og om eg hadde skreve det ferdig, hadde eg nok likevel ikkje kunne posta det. Kvifor? Fordi resultatet av studiet rett og slett og slett ikkje seg skildre, sånn utan vidare. Det må opplevast på kroppen. Og kroppen, kvar er han? Han verkar langt frå denne bloggen.

11.7.05

Sjølvportrett med Puddefjordsbru


EG
Originally uploaded by ø.
Eit gammalt minne frå det mørke året 1996.

9.7.05

Sterk kost

«Men eg må berre fortelja deg den jævla sprøe historia ferdig først. Kubba altså på sofaen hos Bønnaen i fem-halvseks-tida i dag tidleg. Vakna for ein time sia av at noko glei ut og inn av nasen min. Var som om det var nokon som køyrde eit jævla røyr opp i nasen på meg eller noko. Var faen så langt borte at eg ensa det knapt, ikkje sant? Men faenskapet ville ikkje gje seg. Så når eg endeleg fekk slått gluggane mine opp, veit du kva? Jo, då stirar du faen meg rett på nokre små knudrete apeballar som heng og dinglar rett framfor augene dine. Viste det seg at denne jævla apa står og knullar deg i nasen. Hæ? Hadde eg fått tak i den satans apefilla, hadde eg vridd hovudet av på han og togge av han ballane.»

Frå Hundedagane av Arild Rein.

Tru det eller ei, men det er ein merkeleg vakker og omtumlande kvardagspoesi som stig opp av dei uendelege samtalane i desse bøkene. Heldigvis har eg med meg heile trilogien.

5.7.05

Ettermiddagssol


Same kveld
Originally uploaded by ø.
Vilnius sett frå Užupis. Fleire bilete finst her