23.4.08

På kjøkkenet



Bergen Folkebibliotek spurte meg om eit boktips i høve verdas bokdag, som visst er i dag, og her er det eg svarte, i hui og hast:

Aud Olsen:

På kjøkkenet

eller maset med Gustav Haarnack, Ernst Ernst, 
Kestr Aschnitz, Arve Kleiva & Aud Olsen


På kjøkkenet er ei stor – truleg raud eller blå – bok, forkledd som ei lita gul bok. Eg var så heldig å få mitt eksemplar av boka signert, og der står det:

Til Øystein,

sånn ble Aud bok,

Signert «Arve». Og det er sant: dette er Aud Olsens bok om korleis Aud blei bok, men det er også ei akt i Arve Kleivas lågmælte maskespel av eit drama, der han let personar med namn som Gustav, Ernst, Kestr og altså Aud slynge ut lange replikkar i form av bøker. Om ein ikkje kjenner denne forfattarskapen frå før, er kanskje dette den beste staden å starte: Aud Olsens vesle gule, der ho prøver å finne ut kvar det heile byrja og kvar det slutta. Det er ikkje mindre lett, morosamt, spennande og forvirrande enn ein skikkeleg omgong med gøymeleiken.

16.4.08

Jag är inte lektuel

Tekstarkivet er oppdatert med eit par tekstar, mellom anna den om Abo Rasuls Unfun.

7.4.08

typografi.org

Typografen Torbjørn Eng har flytta, oppdatert og utvida dei rikholdige nettsidene sine: typografi.org. Interessante artiklar om norsk typografihistorie, men også oppdaterte artiklar om god typografi. Kapitla om justering av typografisk tekst er obligatorisk lesing for alle som jobbar med å sette tekst i Indesign (eller framleis sit fast i QuarkXpress). Og ei veldig bra liste med lenker til andre ressursar/bloggar.

Dagens andre anbefaling er textism.com. Ganske berømt blogg frå nokre år tilbake av Dean Allen, som no er tilbake, ser det ut som. Typography & emotion, noko slikt: Alright.

Og, naturlegvis: Our Favorite Typefaces of 2007 (typographica.org)

25.2.08

Samtidsruinar



Snart på veg til ei bokhylle i nærleiken: Samtidsruinar av Marit Eikemo. Ei totalt inhabil anbefaling herifrå, naturlegvis, sidan underteikna har stått for formgjevinga, men likevel: Det er ei fantastisk bok.

oppdatering:Lansering i Oslo 27. mars, på Mono. Meir her.