23.4.08

På kjøkkenet



Bergen Folkebibliotek spurte meg om eit boktips i høve verdas bokdag, som visst er i dag, og her er det eg svarte, i hui og hast:

Aud Olsen:

På kjøkkenet

eller maset med Gustav Haarnack, Ernst Ernst, 
Kestr Aschnitz, Arve Kleiva & Aud Olsen


På kjøkkenet er ei stor – truleg raud eller blå – bok, forkledd som ei lita gul bok. Eg var så heldig å få mitt eksemplar av boka signert, og der står det:

Til Øystein,

sånn ble Aud bok,

Signert «Arve». Og det er sant: dette er Aud Olsens bok om korleis Aud blei bok, men det er også ei akt i Arve Kleivas lågmælte maskespel av eit drama, der han let personar med namn som Gustav, Ernst, Kestr og altså Aud slynge ut lange replikkar i form av bøker. Om ein ikkje kjenner denne forfattarskapen frå før, er kanskje dette den beste staden å starte: Aud Olsens vesle gule, der ho prøver å finne ut kvar det heile byrja og kvar det slutta. Det er ikkje mindre lett, morosamt, spennande og forvirrande enn ein skikkeleg omgong med gøymeleiken.

Ingen kommentarer: