1.7.06

Yngel

I det klare vatnet like utanfor her, under her: yngel eller små fisk. Eg burde nok ha visst det, kva dei er, kven dei er, om dei skal halde fram å vekse, eller om dei er nøgde slik, i flokk på kryss og tvers, med kvar si eiga vilje, brukt til ein tilsynelatande tilfeldig sving til venstre der, til høgre der, 33 graders kursendring med eit lite rykk, som om det var ein viktig ting dei kom på at dei hadde gløymt, heilt til noko får dei til å snu, unisont, og symje mot land, i flokk. Noko i vatnet, djupt nedanfrå, ei rørsle eller ein lyd eg ikkje kan høyre her oppe, får alle til å symje mot steinen der vi sit, ei kort stund før dei igjen finn fram til sine eigne tankar og gjeremål. Men så det dei tydeleg fryktar mest: Ein måse flyg lågt over vassflata og kastar ein skugge på botnen av det grunne vatnet. Dei sym hitover: vi er dei høge beskyttarane no. Måsen held seg unna oss. Eg reiser meg og etterliknar ein måse, får skuggen min nede i vatnet til å likne ein måse ved å veive med armane, og dei rømer, dei ser ei rørsle som forvirrar dei, før dei innnser: Det er jo berre eg. Det er berre eg som står over dei og veivar med armane, det er forvirrande, dei er usikre, men dei er trygge no, trass alt, som aldri før, som aldri ellers, det er jo berre vi, og dei kan trygt halde fram med å virre, i flokk.

15.6.06

Stamsund



Nokon nyt sola, ser eg. Det gjer ikkje eg. Eg er nemleg i Stamsund. Og her skal eg vere til juni blir juli. Hittil har det vore sol berre om natta. Om dagane piskar vinden og regnet. Eg fyrer i omnen.

4.6.06

3.6.06

Liv lell

I sola utanfor Galleri Dreyer, Lillehammer, Norsk litteraturfestival: Arild Linneberg har akkurat presentert den nye omsetjinga av Adornos Minima moralia, og eg oppdagar at det er 41 dagar sidan eg sist skreiv noko her. Dette er kanskje betre enn ingenting, men det skal ikkje bli langt, eg må nyte sola. I staden kan ein eventuelt lese ei ny melding av ekstasane i Dag og Tid, eit intervju i lag med Gunnhild Øyehaug i BT eller ei anna melding i Morgenbladet (dersom ein har abonnement). No gjer eg nettopp det eg ikkje hadde tenkt å gjere, nemleg lenke til meldingar av boka, men så sjølvoppteken er eg altså i svake augneblinkar, og skal dette vere ein blogg (skal det det?) så kan det like gjerne piple slike ting ut her. Når det ikkje skjer så mykje anna, meiner eg. I sola!