1.7.06

Yngel

I det klare vatnet like utanfor her, under her: yngel eller små fisk. Eg burde nok ha visst det, kva dei er, kven dei er, om dei skal halde fram å vekse, eller om dei er nøgde slik, i flokk på kryss og tvers, med kvar si eiga vilje, brukt til ein tilsynelatande tilfeldig sving til venstre der, til høgre der, 33 graders kursendring med eit lite rykk, som om det var ein viktig ting dei kom på at dei hadde gløymt, heilt til noko får dei til å snu, unisont, og symje mot land, i flokk. Noko i vatnet, djupt nedanfrå, ei rørsle eller ein lyd eg ikkje kan høyre her oppe, får alle til å symje mot steinen der vi sit, ei kort stund før dei igjen finn fram til sine eigne tankar og gjeremål. Men så det dei tydeleg fryktar mest: Ein måse flyg lågt over vassflata og kastar ein skugge på botnen av det grunne vatnet. Dei sym hitover: vi er dei høge beskyttarane no. Måsen held seg unna oss. Eg reiser meg og etterliknar ein måse, får skuggen min nede i vatnet til å likne ein måse ved å veive med armane, og dei rømer, dei ser ei rørsle som forvirrar dei, før dei innnser: Det er jo berre eg. Det er berre eg som står over dei og veivar med armane, det er forvirrande, dei er usikre, men dei er trygge no, trass alt, som aldri før, som aldri ellers, det er jo berre vi, og dei kan trygt halde fram med å virre, i flokk.

2 kommentarer:

MGL sa...

Det med flokken som endrer retning kalles for emergens.

Sjåast i morgon.

Moon sa...

Så fint, Øystein. Minner om ein gong eg gjekk oppover ein fjellbekk. Der kom ein røyskattunge i fult firsprang nedover. Bak han, i lufta, sveva ørna. Røyskatten blei heilt forfjamsa då han såg meg, stilte seg på to og skakka på hovudet. Lurte på kven som var farligast. Så snudde han og pilte oppover att.