Eg fekk det nye nummeret av Syn og Segn i posten i dag. Eg har ikkje lest det enno, bortsett frå det eg står bak sjølv… Det inneheld ei relativt lang reportasje om Teufelsbergs relativt utrulege historie, skriven saman med den gode Ellen Engelstad. Ideen var berre å gjere noko ut av dei
bileta eg tok der i november, men så blei det jammen ein tekst av det òg. 11 romslege sider. I butikkane/postkassene om nokre dagar, tenkjer eg.
2 kommentarer:
Eg vil berre minne om at 'å lese' framleis er eit sterkt verb på nynorske: å lese - les - las - har lese. Takk!
Helsing Idar Stegane
Forfallet i nynorsken er stort.
Legg inn en kommentar