5.1.06

Uddens gränd



Slik var utsikta frå vindauget mitt for ein time sidan, i Uddens gränd, Visby, Gotland. Her er eg, i Dagbladet står det mellom anna at Erna Osland kommer med romanen «Du er vel vakker», Jan Inge Sørbø med «Symfoni no. 3, Opus 41» og Øystein Vidnes med romanen «Ekstasar» til våren, og eg tenkjer at då er det vel sant, men det er ikkje vår heilt enno. Først skal det vere januar, ein streng januar. Her.

10 kommentarer:

Hilde sa...

Å, som eg lengtar til Gotland!
(- sjølv om eg aldri har vore der. Ja, det er underleg, men sant.)
Eg gler meg til boka di kjem.
Nyt ein streng januar.

Anonym sa...

Eg trur det er sant. Og eg trur det kjem ein ny "Garborg-roman". Iallfall gratulerer eg, og eg gler meg til vi kan seie at det er vår. Forresten var det ei interessant vårliste på Samlaget, innehaldande også Ottar Ormstads Samlaget-debut (det er nesten feil å skrive eit slikt ord). Sprekt av Samlaget.

Unknown sa...

Ottar Ormstad, det var eg ikkje klar over! I alle fall er eg einig: det er sprekt! Mykje å glede seg til, altså.

I det eg hadde bøygd meg over teksten i dag tidleg (ikkje så veldig tidleg, rett nok), ringde Synste Møre for å intervjue meg om den nye boka. Eg fekk ikkje til å seie noko, eg sat jo der og skreiv! Det er vanskeleg å snakke om noko medan ein held på med det. (No kan ein kanskje innvende at eg burde vere heilt ferdig no dersom det skal kome ut straks, men det er ei anna historie.)

Unknown sa...

Hilde:
Så kom då! Det er rom ledig.

Hilde sa...

Å! JA!
..men kva med saudene mine?
Kan eg ta dei med, trur du?

Unknown sa...

Viss du kan ha dei på rommet så går det bra, trur eg. Det er mange andre sauer her dei kan leike med om dagen.

Martin Glaz Serup sa...

Ja, BCWT er FANTASTISK; har aldrig været der om vinteren, men hvor ser det fedt ud. Lige til at skrive i. Selv er jeg på vej til Malmø lige nu, på hotel, et par dage abre, for at skrive.

Alt godt, hils Lena og Gerda!

/M

Unknown sa...

Synnik, du kan òg, du må nok fylle ut søknadsskjema, men hels frå meg så kan det gå!

God skrving i Malmö, Martin!

Anonym sa...

Du må komme heim. Vi lyt diskutere den nye, pompøse fonten din.

Lille Trille.

Unknown sa...

Så eg blir heimkalt? Ånei! Fortel meg at det ikkje er sant! Er eg pompøs? Har eg husarrest?