29.3.05

Påskesentimentalitet

Ei bølgje steig opp over fyllinga, ei mjuk rørsle i sollyset. Noko for opp derifrå og blei til luft. Dei høge grantrea bakom, det var som å sjå på dei gjennom ei væske, gjennom vatn, ei elv. Ei elv som rann oppover, med klart, fargelaust, reint vatn som rann sakte rett til vers. Og fyllinga låg der med sine vaskemaskiner, fjernsyn, bildekk, støvlar, plastposar, papir, kjolar, sko, bukser, oljefat, sjalusiar, høgtalarar, trinser, bokser, bilradioar, sofaer, stolar, paraplyar, bjelkar, gensarar, barnevogner, hjulkapslar, syklar, omnar, tørketromlar, omnsplater, plankar og stolar. Det gav ei glad spenning i heile kroppen å vere her, i tankane utgjorde det ei makt. Ikkje på grunn av det han kunne finne eller det han kunne sjå, han, den merksame observatøren av alt det folk ikkje ville sjå. Nei, berre over det å vere her, som var å vite noko om dei andre som dei ikkje visste sjølve. Å vere her, som tydde å kaste seg ut i det som berre var eit mørke for dei – det dei gjorde seg blinde for, det som flaut gjennom fingrane deira – det kjendest alltid som ein siger. Det var laurdag ettermiddag, og det var stengt. Det var vår og sol. Han var åleine og så glad at han hadde lyst til å synge. Og det gjorde han, Georg, tolv, gullstrupe mellom haugane av alt det som hadde blitt lagt der med eit sukk. Sukka som låg over fyllinga som eit tungt lag av utpust, det frå dekka under den overlessa tilhengaren når sofaen vart løfta av planet, det frå han og ho som bar han og sette han ned, sukket over å få ein gammal sofa ut frå ei overfylt garasje, det frå ei utsliten dotter då mors gamle sofa vart boren ut frå den snart tomme barndomsheimen, det frå ei gammal mor som berre sette seg om arbeidet var ferdig, det frå sofaen sjølv då den gamle strekte seg ut på sofaen og plutseleg var yngre igjen, det frå ein ung mann som berre fekk sove i tjue korte minutt etter middagen, det frå lærlingen ved Førde møbelfabrikk då ramma på fjerde forsøk passa i hop, det kollektive sukket frå systova då den nytilsette inspektøren lukka døra bak seg med den høgre handa, samtidig som han med den venstre handa plasserte klokka i jakkelomma, var eit kviskrande kor bak den skingrande stemma til Georg som no leitte seg fram i ein liten haug av kasser med gamle bøker og brev, ei herleg fråtsing i døde ting med hemmelege etterliv.

2 kommentarer:

Roberto Iza Valdés sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.