27.2.05

Frukost i det fri

På grunn av at eg har jobba altfor mykje, var det først og fremst inn gjennom vindauget ho kom, sola. Når eg gjekk ut, var det difor skuffande å kjenne kor kaldt det var. Den første optimismen kom då eg på veg til tannlegen ein dag i to sekund følte i ryggen, ganske langt nede på ryggen, ja, eigentleg var det vel på rumpa eg følte det, at sola varma ørlitegrann. I dag åt eg frukost på verandaen. Var det kaldt? Ja, men ikkje så ille. Veggen vår er ein solvegg. Var det fint? Ja.

8 kommentarer:

mrtn sa...

*Utrolig* fint design, Ø.

Unknown sa...

Takk skal du ha, Martin!

Redesignet var ein biverknad. Eigentleg skulle eg berre øve meg i css-koding. Gjenstridige greier, kanskje fordi eg har brukt altfor store mengder kode for å oppnå altfor lite (no ser vel sida til slutt ganske lik ut i dei fleste nettlesarar, men litt annleis ut i Opera). Eg fekk det ikkje heilt som eg ville til slutt, men det får vere inntil vidare.

Nok om det.

Anonym sa...

Det vart litt for gult, Ø. Eg kjenner det svir i augo, som om nokon har tatt fleirfoldige bilete av meg med blits. Ellers fantastisk!

Unknown sa...

Du får skru ned kontrasten på skjermen din, Nebbhøne.

I alle fall til det blir varmare i veret, så eg slepp å insistere på varme og intensitet på denne litt maniske og fåfengde måten gjennom fargar.

Kven er du, forresten? Eg har hatt mine teoriar, men dei burde eg kanskje halde for meg sjølv.

S sa...

Ikkje for gult, nei - snasent!

Anonym sa...

ærlig talt, Ø, det er jo MEG!

Unknown sa...

Ja, deg var det, umf, kunne eg gløyme det? Merkeleg. Eg forstår det ikkje. Eg har ikkje fått nok søvn i det siste. No kjem eg til å drøyme om deg.

Om det kan vere ei trøyst.

Silje sa...

gult er bra, du må gjerne oppusse min side i samme slengen, og finne kairo.