1.1.05

Residensen i vidvinkel

Det er stilt. Ein må vel innsjå at festen er over, sjølv om den siste gjesten enno ikkje har gått. Pål, vår kjære Pål, det vandrande essayet, ligg og søv på sofaen. Den mannen kan sove. Eg kan berre svime rundt og plukke opp glas og flasker. Det er alltid ein nedtur å vakne til restane av sin eigen fest, særleg når ein er åleine. Litt einsam og makteslaus kjenner ein seg, men stemninga, den gode stemninga som innleia det nye året har ikkje heilt sluppe taket. Blokkfløyte, trommer og mykje åttital.

Til alle som var her: takk for besøket, kom snart igjen! Og til alle andre: godt nytt år!

Orda sviktar meg, så eg slår på den vesle tromma og legg ut nokre bilete frå i går.









10 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære Øystein.
Eg er svært lei for at eg ikkje kom innom festen din, slik eg hadde lova. Men eg er litt glad for at ingen tok bilete av meg i går kveld som dei la på nettet:-)

Godt nytt år, gamle Ø!

Anonym sa...

Helsing Olaug

Susanne Christensen sa...

Å, alle de vakre mennesker! Savner jer allerede. Vi ses 3/2.

Susanne Christensen sa...

Pål stjal blokfløjten fra Øyvind, går jeg ud fra? He he

Unknown sa...

Vi hadde det kjekt sjølv om du ikkje kom, Olaug. Kven veit kva som hadde skjedd om du hadde kome. Kanskje vi rett og slett hadde mora oss i hel, og det hadde vel ikkje tent saka. Ja, Susanne, det var Øyvind som hadde med blokkfløyte.

Må elles få uttrykke litt flauheit over å poste heile to bilete av meg sjølv, men det blei i grunnen ikkje teke så mange gode bilete, dei fleste var ute av fokus, for lyse eller for mørke. Men det kan vere det same. Spesielt, sjølvsagt, i desse tider. Verda treng ikkje fleire festbilete, men til dømes omsorg, forståing og ein underleg - ja, beint fram snodig - revolusjon av ein type som enno ikkje er oppfunnen. Meir om dette seinare i 2005. Følg med!

Silje sa...

Hola!
Jeg har rappet noen av dine bilder, Øystein, og tilbyr en særs begrenset kavalkade på min side. Håper opprydningen gikk unna uten for stor mental slitasje. Kanskje du fikk hjelp av det snorkende essayet?

God mørebacalao!

Hilsen Silje.

mrtn sa...

Takk for en fin fest, Ø. Det var kjekt. Flere bilder på min blogg også.

Anonym sa...

Hey Øystein,

Du ser mig noget træt ud...

Godt nytår!

kh
Serup

Unknown sa...

Godt nyttår til deg òg, Serup!

Biletet blei teke ti over fire, og det hadde vore ein lang dag, det er alt eg kan seie.

Anonym sa...

fine bilder fra en finfin fest. hilsen synnøve