3.1.05

Sol. Sikke. Sol. Sikke. Sol. Kort hypertekstdokumentar. Dessverre med eit visst solipsistisk preg

"Jøss. Det ser ut som en ti meter høy solsikke, synes du ikke? Hvorfor i all verden ville noen plante en sånn?" skreiv ein lesar om biletet frå første juledag. Eg har stilt meg sjølv det same spørsmålet. Andre har stilt det spørsmålet til andre. Då eg først høyrde om ideen om ei fjorten meter høg solsikke i rustfritt stål, syntest eg – sjølvsagt – det var ein glimrande idé. Det eg ikkje hadde tenkt, var at ho skulle vere grøn og gul. Mellom anna som det konkret symbolske resultatet av det norske næringsdepartementet sin idé om innovasjon, er solsikka ein del av ei større historie som eg ikkje strekk heilt til til å legge fram heilskapleg her. Anekdotisk omfattar ho mellom anna æresvakter frå marinen, sitat:


RUVANDE: Over 14 meter høg er solsikka og ruvar i terrenget. Men dei fleste vi snakka med var samde om at ho fall godt inn i landskapet. Legg merke til æresvaktene frå marinen.


SISTE SKRIK har Asbjørn Lillebø kalla dette biletet. Han hadde målarutstilling på Combisenteret saman med mange andre utstillarar både ute og inne.

Bilete og bilettekstar frå Synste Møre. Fleire her.

Stemninga i Vanylven stod altså i kontrast til stemninga til dømes i Gjerstad kommune, som berre fekk fram ei solsikke på 14 cm.

Men alt står ikkje så bra til i Vanylven heller. Eit mildt positivt aspekt var at før eg drog til Bergen igjen sikra eg meg dei 13 eksemplara den synkande bokhandelen hadde igjen av Bondeforteljingar. Men det er jo ei anna historie.

2 kommentarer:

Ragnfrid Trohaug sa...

Vannylven er i vinden, just wait.

MGL sa...

Hjembygda di har blitt til en Frode Grytten-novelle!