7.1.05

Nettene, tekstboksane

Nettene, å, alle dei seine nettene, når ein veit ein skal tidleg opp på jobb neste morgon og alt. No jobbar eg med ikkje mindre enn fire nye bøker i denne serien. Ja, eg skriv ikkje, då, men utformar, typograferer, ja, dei greiene der. Det er kjekt heilt til korrekturen kjem som eit ras rett mot det opne ansiktet mitt. Og det er kjekt heilt til ein les vendepunktet i Jon Øystein Flinks debutroman Ole-Kristian Oksrød, der hovudpersonen si negative openbering kjem i det han sit og ser på layoutmannen i Klassekampen som lenkar saman to tekstbokser. Dette verkar så lite meiningsfylt på Ole Kristian-Oksrød at han sporenstreks må seie opp jobben og gå inn på eit toalett og mishandle og terrorisere ein fyr på det aller grovaste.

Feiltolkar eg handlinga her? Det kan hende. Uansett ikkje slik å forstå at eg ikkje likte boka, for det gjorde eg, eg likte den godt, men eg blei altså indignert på denne detaljen. Eg synest nemleg den handlinga å lenke saman to tekstboksar må vere noko av det mest meiningsfulle ein kan gjere.

Men dette var ein digresjon. Fire bøker. Dei blir veldig gode! Og pene!

Ingen kommentarer: