"Why do you write nynorsk?" Det er heldigvis sjeldan eg kjem borti det spørsmålet, men det er vel greit at det kjem opp no eller då, som i Ragnfrid sin blogg, og då avstandsskapande nok på engelsk, eller som i det følgjande, eit e-post-intervju i finske Kontur, som eg svarte på for eit par månader sidan. Stemma som snakkar svensk tilhøyrer Malin Kivelä. Til slutt følgjer eit forsøk på ei liste over norske tidsskrift på nett, men den kunne nok ha vore meir utfyllande (og publisert på ein betre måte, får sjå på det seinare). Sjølvsentrert, kanskje, å presentere eit intervju med seg sjølv på sin eigen blogg, men kven veit, kanskje nokon synest det er nyttig òg, eller ikkje, det får eventuelt bli eit kjernepunkt i den blogg-debatten som er i emning.
- Vem är du?
Ikkje så lett å vite, eigentleg. Eg er 28 år, bur på Møhlenpris i Bergen. Livnærer meg som informasjonskonsulent på dagtid. Skriv og jobbar med andre former for publisistisk arbeid på andre tider av døgnet.
- Varför skriver du på nynorska?
Fordi det finst, kunne eg ha sagt. Eg er tilfeldigvis blant dei som finn det høgst naturleg å skrive nynorsk, og det gjer meg på mange måtar heldig. Det er mange som av ulike årsaker må skrive eit språk dei ikkje er heime i. Å bli spurt om kvifor eg brukar det og ikkje eit anna språk, blir litt som å bli spurt kvifor eg går med bukse og ikkje kjole, eller kvifor eg ikkje har utdanna meg til å bli yrkesmilitær eller prest. Ting eg kunne ha gjort, men ikkje gjer.
Eg kunne ha valt å skrive på eit anna språk, som til dømes bokmål eller engelsk, men det gjer eg altså ikkje. Kvifor? Å reise seg og lese opp på eit anna språk enn det ein brukar til vanleg, er ei form for reise vekk frå seg sjølv, eller ein resignasjon. Det er ikkje noko gale i det, alle må i større eller mindre grad tilpasse seg dei andre, men språket har også ei privat, kroppsleg side som motset seg tilpassing. Det er kanskje dette som kan få enkelte forfattarar til å gå så langt som å oppfinne sitt eige skriftspråk, enten basert på talemålet, eller på andre kjelder. Eit eksempel er diktaren Øyvind Rimbereid, som skriv på Stavanger-dialekt. Han kjem ikkje lesaren i møte ved å underlegge seg eit normalspråk, men han kjem likevel lesaren i møte. Når ein les det han skriv, verkar språket både veldig nært og veldig framandt på same tid. Det er sjølvsagt ikkje noko ideal at alle skal finne opp sitt eige språk, men det er på sett og vis det alle må gjere, i mindre eller større grad. Eg trur ikkje på idealet om det fullt forståelege og gjennomsiktige fellesspråket.
- Vilka är fördelarna/nackdelarna med att skriva på nynorska?
Fordelen er sjølvsagt at ein får skrive på eit språk ein kan. Ei ulempe kan vere at det eksisterer ein del motvilje mot nynorsken, og mange lesarar vegrar seg mot å lese nynorsk. I praksis viser det seg likevel at dei som les skjønnlitteratur i mindre grad enn befolkninga generelt let seg styre av dette. Det er nesten verre å høyre folk prise nynorsken fordi den er så poetisk. Det er ikkje noko poetisk ved nynorsken. Viss eg hadde følt at det var det, ville eg ha rømt frå landet på dagen. Det må gå an å skrive ein handlelapp utan å bli anklaga for å skrive poesi.
- En hur stor del av böckerna i Norge skrivs på nynorska?
I følgje offisiell statistikk er litt under ti prosent av norske bøker skrivne på nynorsk, og talet er stabilt for dei fleste typar bøker. Men det blir og har blitt skreve veldig mange gode bøker på nynorsk.
- Varför?
Sjå svaret over.
- Du jobbar också med tidskrifter, hur mår tidskriftsvärlden i Norge/den del av Norge där du bor?
Eg kan ikkje snakke på vegne av tidsskriftverda, berre meg sjølv. Og då kan eg seie: jo, takk, det står stort sett bra til. Eg er glad det finst andre stader å skrive enn aviser og bøker, der ein kan vere med på å legge premissa sjølv. Ein bonus er at det også finst nokon, om enn ofte ganske få, som er interessert i å lese det ein lagar. Det har kanskje karakter av å vere ei lita, nærmast undergrunnsaktig offentlegheit, men det er betre enn ingenting. Dessverre tek det mykje tid å drive tidsskrift- og publiseringsarbeid, og sidan eg for tida er i full jobb, blir det altfor lite tid til alt eg vil gjere. Grønn Kylling (arb. tittel) som eg har vore med og laga i nokre år, har ei pause. Eg er involvert i to andre tidsskrift, Prosopopeia og Syn og Segn, men det er stort sett berre teknisk, med å lage nettsider og layout.
-Berätta något om tidskrifterna och ge lite tips om hur man kan få tag i dem/läsa dem, typ linkar?
Her er ei kort liste over nokre gode tidsskrift. Rekk visst ikkje å skrive noko særleg om dei. Om ikkje anna er oppgitt har dei redaksjon i Oslo:
• Avsagd hagle: Opprørsk litteraturfanzine
Sjå også her.
• Bøygen: Litteraturtidsskrift gitt ut av studentar på Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo
• Fett: Heilt nytt feministisk tidsskrift
• Grønn Kylling (arb. tittel) blir gitt ut av forlaget Gasspedal, som også har minibokserien Biblioteket Gasspedal. Redaksjon i Bergen
• Localmotives: Nettmagasin for samtidskunst og –kultur, med redaksjon i Stavanger
• Luj: Litteraturtidsskrift med base i Trondheim
• Ny poesi: godt og oppdatert nettmagasin om poesi
• Prosopopeia: Litteraturtidsskrift utgitt av litteraturstudentar i Bergen •
• Ratatosk: Nytt Trondheims-basert tidsskrift
• Samtiden: Allmennkulturelt tidsskrift, stort og prestisjetungt, men ofte med frisk debatt, utgitt av Aschehoug
• Syn og Segn: Allmennkulturelt tidsskrift på nynorsk, med redaksjon i Bergen, utgitt av Det norske Samlaget (som ikkje tyder det same på norsk som på svensk!)
• Utflukt: Feministisk tidsskrift
• Vagant: Aschehougs litteraturtidsskrift, med redaksjon i Bergen
• Vinduet: Gyldendals litteraturtidsskrift
WorkOS
-
My thanks to WorkOS for, once again, sponsoring the week at Daring
Fireball. WorkOS is a modern identity platform for B2B SaaS. Start selling
to enterpri...
for 17 timer siden
1 kommentar:
"Å reise seg og lese opp på eit anna språk enn det ein brukar til vanleg, er ei form for reise vekk frå seg sjølv, eller ein resignasjon."
Men sproglig praksis er jo ikke noget som er fast. Jeg flyttet til Norge når jeg var 8, og min sproglige praksis må siges at ligge langt fra både bokmål, dansk og nynorsk, men alligevel at have fællestrek med disse. Jeg er på mange måder understregningen af ideen om at det ikke findes nogen korrelasjon mellom tegn og tale. Siden skriftsprog er en normeret praksis reguleret af statlige institutioner, så bliver sproget en abstrakt størrelse, i stor grad frit flydende i forhold til sproget.
Så hvilken skriftlig sprogpraksis hører jeg hjemme i? Jeg føler mig vel omtrent ligeså hjemme i bokmål som i engelsk, og omtrent halvparten så hjemme i dansk skriftlig, og er mer eller mindre Bambi på isen når det kommer til nynorsk.
Derfor tror jeg ikke at der er noget forhold mellom "seg selv" (en størrelse som jeg foriøvrigt, postmoderne som jeg er, ikke helt tror på), og sproget som skrives. Man har bare grader af komfort med forskellige sprogpraksiser. Der er ikke snak om noget morsmål, hjemstavnsprog, etc. Der er bare de sprog man lærer sig og bruger i skriften til forskellige formål. Der er ikke noget forhold mellom det og hvem man selv er. Ikke noget nødvendigt forhold, ihvertfald.
"Det er nesten verre å høyre folk prise nynorsken fordi den er så poetisk. Det er ikkje noko poetisk ved nynorsken. Viss eg hadde følt at det var det, ville eg ha rømt frå landet på dagen."
Jeg har hørt den mange gange (også om dansk, foriøvrig, men det er en anden historie). Det er selvfølgelig et orientalistisk udsagn, baseret på det at det er et fremmed sprog, som man ikke desto mindre forstår, og derfor får det et strøg af eksotisme, af fremmede klange, trange vestlandske fjorde, fjell, mennesket i kontakt med naturen, depresjon, Jon Fosse, vinden, vær, langhornete bukke som springer rundt og danser med vikinger og trolde, og all det der bullshit, og det giver det altså en forlokkende kraft.
Men når det er sagt, så tror jeg at man ikke kan nægte for at nynorsk, når det læses højt, er et klanglig, lydlig, fysisk meget smukt sprog. Det er altså det jeg mener, hvis jeg nogensinde har blevet taget for at mene det andet.
Legg inn en kommentar