6.12.04

Polen, biletleg tala frå eit hotellrom i Krakow



Slik såg det ut nede ved elva her i går kveld. Eg veit: eg er ein håplaus romantikar, eller ikkje håplaus, snarare full av håp og kjærleik til menneska, blir rørt av solnedgangar, får kjensla av å tilhøyre eit stort system av planetar, månar, solsystem og galaksar, kjenner meg nær verdas ende ved å sjå sola henge som ei feit juletrekule over huset til Doloreta og Czeslaw Floriénska eller kva dei no måtte heite der borte over elva, det var like før eg svømte over for å helse på.



Det skjedde i forgårs. Eg gjekk forbi ein av dei mange kirkene her. Utanfor stod det ei rekkje statuer av helgnane. Ikkje noko spesielt, eigentleg. Akkurat i det eg gjekk forbi såg eg nokre rørsler i augekroken, og jammen trur du ikkje dei stod der og dansa, helgnane, med hoftevrikk og veivande hender. Eg var snar opp med kameraet, skifta raskt til vidvinkellinsa for å få med meg mest mogleg, og her er dei, dei dansande helgnane.



Dette er dei to norske studentane eg har intervjua her nede. Dei bur på eit trippelrom saman med ei polsk jente. Bad deler med tjue andre. Kjøleskap har dei ikkje, og heng maten utanfor vindauget, noko som går bra om vinteren, men ikkje så bra når det er varmare i veret. Dei klagar ikkje, tvert imot, dei er blide.

3 kommentarer:

Silje sa...

hei, hå. velkommen til denne fredelige plett på jorden. jeg har funnet mitt eget dyneslott og gjesper til lyden av Maria Solheim, min musikalske heltinne. Derav et fornøyd gjesp.

God natt!

Unknown sa...

Eg har nett oppdaga bloggen din! Det var stas å lese, og særleg staseleg med helgenane.

Vennleg helsing frå Maria Solheim.

Unknown sa...

Kjekt at du likte helgnane, Maria. Det er ikkje mange som veit å setje pris på ein god helgen i våre dagar.