22.12.04

Stormen Finn

Dei siste åtte åra har eg teke båt heim til jul. Hurtigbåten tek fem timar nordover frå Bergen. Men i år fekk "ekstremvarsel" for nordvestlandet meg til å tenkje meg om, eg som vanlegvis ikkje høyrer eller ser på vermeldinga.

Skulle eg ta fly? SAS melder på sine heimesider om "ekstreme værforhold", og at det dermed kan forventast "uregelmessigheter" i flytraffikken.

Skulle eg ta buss? Metereologisk institutt melder om skredfare og "vanskelige kjøreforhold" i Sogn og Fjordane.

Så blir det båt, likevel, tenkte eg. Full storm ved Stad, i dag, i følgje Metereologisk institutt. Forrige veke vart båten innstilt ein dag, men då var det sterk, og ikkje berre full storm. Det går bra. Storm Weather Center derimot, melde på sine sider at det var "stormen Finn" som kjem. Dei advarte at stormen Finn kunne setje liv og helse i fare, og at det var vinterens sterkaste lågtrykk som kom. Det er fint å vite kven ein skal møte, tenkte eg. Stormen Finn, her kjem eg! tenkte eg. No kjem eg og tek deg! tenkte eg, og hytta veldig hurtig med neven, så ikkje dei andre her på kontoret skulle sjå meg. Og så kviskra eg intenst: Stormen Finn, eg har sett mora di naken! Etter dette såg eg at også Metereologisk institutt omtaler Finn, så at han finst skulle det vel då ikkje vere tvil om. Men då eg for å undersøkje nærare klikka meg inn på detalj-sidene til Storm, ser eg at dei i ettermiddag melder "flau vind" på nordvestlandet. Det skulle ikkje mykje til å gjere Finn flau, tenkte eg, reise nordover slik med halen mellom beina, Finn, ikkje mykje til ekstremist, Finn. Ei alvorleg stemme bak i hovudet fortel at ein ikkje skal spøke med veret, men vermeldinga kan ein spøke med. Vermeldinga skriv flaue små dikt om ein som heiter Finn, medan eg i dag heller vil tenkje på ein som heiter Arild.

Ønsk meg god tur.

1 kommentar:

Silje sa...

god tur! personifiserte stormer kan man nok være dus med...

Silje