13.12.04

Omtanke og omvendt parodi

Som tidlegare nevnt, dei tinga ein les samtidig med noko anna, gjer at det eine smittar over på det andre på ein viss måte. Det gjeld vel alle ting. Til dømes gir det vel ein eigen effekt å ete marsipanbrød medan ein sym tusen meter, eller å hekle ein kvit duk medan ein fargar håret raudt, berre for å kome med eit par døme. I alle fall: å lese Mattis Øybø si bok Alle ting skinner samtidig med at ein les White Noise av Don DeLillo må gi ein eigen effekt. Først kjem den fine effekten, som rett nok blir litt privat for meg, av å kunne gå inn på ein bok-café i Krakow og kjøpe eit stykke eplepai, ein dobbel espresso og eit ulest, men brukt eksemplar av White Noise, alt til 50 kroner til saman.

På eit tidspunkt i lesinga, trudde eg godt ein kunne bruke dei to bøkene i ein debatt rundt kor mykje frå ei anna bok ein forfattar kan bruke før ein kan stille spørsmål med sjølvstenda til den eine, og då i dette tilfellet Øybø. Etterkvart har eg kome til at det er å trekke det langt, og at Øybø si bok har mykje med White Noise å gjere, men det er i alle fall lysår frå noko juridisk spørsmål. Dette skriv eg for tidleg, sidan eg ikkje har lest ut White Noise enno, men eg kan ikkje vente, og tida spring frå meg som ein testosteronlada hingst. Uansett: eg synest Øybø si bok er veldig, veldig bra, og DeLillo si bok er jo allereie etablert som god, og eg skal ikkje gå inn på det, sidan eg ikkje har lest ho ut enno.

I White Noise finn ein mange av dei same byggesteinane som i Alle ting skinner. DeLillos hovudpersonen er professor i Hitler, Øybøs er amanuensis i terrorisme. Begge hovudpersonane har ein son frå eit tidlegare forhold (tolv år i Alle ting, fjorten i White Noise), at han no er gift og har fleire ungar. I begge bøkene skjer ein katastrofe som ser ut til å ha mennesklege årsaker, i begge bøkene blir familiene evakuert, i begge bøkene førekjem køar som er delt inn etter forbokstavane i personane sine etternamn, etc. På eit tidspunkt byrjar det å snø voldsomt i White Noise, akkurat som i Øybøs bok (men lenger uti). Likevel er grunntonane så forskjellige i desse bøkene, at dersom ein hadde lest dei om la oss seie hundre år utan å vite kva tid dei var skrivne, kunne ein godt tenkje seg White Noise som ein harselas over Alle ting skinner, men slett ikkje omvendt. Den kalde ironiske tonen til DeLillo, dei fullstendig parodiske monologane til enkelte av personane, det satiriske utgangspunktet, og så vidare, har hos Øybø blitt snudd til ((av og til litt pratsomme) forsøk på) alvorleg filosofisk refleksjon. Den pessimistiske medie- og marknadskritikken til DeLillo som verkar svært åttitals i dag, har blitt forsøkt oppdatert av Øybø, slik eg ser det. Om han klarer det, eller når det kjem til stykket mest unngår dei spørsmåla som for DeLillo er presserande i 1985 er ei anna sak, men det er i alle fall eit forsøk som er alvorleg, nesten fram mot det naive, noko eg ikkje meiner negativt.

No spring tida igjen, men dette er min stad, eg kan kome tilbake til det. Det eg meinte, var i alle fall å kome med den tanken at Øybø si bok må vere det omvendte av ein parodi, ein omtenksom og varm omvendt parodi på den urovekkande og kalde stemninga eg kjem i når eg les White Noise. Kvifor eg blir varm, og ikkje kald av å lese Øybø, det må bli tema for ein annan dag.

7 kommentarer:

Silje sa...

en liten komparativ hovudfagsoppgave light, der ja. jeg oversender den herved til a.l., så blir han nok vill i blikket av POENGTERT og PREGNANT PROGRESJON:)

Nei. Tilbake fra halvor revolver, dette var virkelig fint å lese. Særlig liker jeg som stundom svømmer tusen meter og lese om marsipanmåten å gjøre det på. Det hele var veldig fint skrevet.

Men fiksjonens logikk gjør det vel litt vanskelig å trekke inn det judisielle, et hvert verk distanserer seg vel fra et annet selv i små vesensforskjeller. Jeg er litt lei tanken om at alt er skrevet før. Et hvert verk er annerledes. Er det A.L Junior som sier så mye slemt om Mattis??

Men nå kom jeg helt bort fra tanken om at dette var veldig fint å lese på en mandag ettermiddag. Godt å se at du er i live til tross for at du ikke svarer på sms-sos!

mrtn sa...

Jeg fikk anbefalt White Noise for noen måneder siden av min særdeles mediakritiske venn Trygve-som-ikke-er-broren-til-Ragnfrid. Han har god smak, så den står på listen et eller annet sted (sannsynligvis over f.eks. å gjenlese Kurt Vonneguts "Timequake," men et godt stykke under å lese "Bondefortellingar." De to står side om side i De Nye Bokhyllene Våre som jeg skrudde sammen i hele forgårs, og sistnevnte har allerede blitt bladd i. Ja, det ville ikke forbause meg om jeg begynte å lese den allerede til helgen).

Når det gjelder disse sammenligninger, så kan man jo komme trekkende med allslags teorier. Arketyper? Tidsånd? Kosmisk terningskast?

Jeg tror for min del at Silje har delvis rett i at alle bøker er litt lik alle andre bøker. Sagt litt annerledes så tror jeg at mennesket kan få alt til å ligne på alt. Det er vel sånn språket vårt fungerer sånn persepsjonen vår fungerer, og det er sånn vi kan få det andre mennesker tenker til å ligne på det vi selv tenker. (Det er også sånn vi får åtte år gamle ostesmørbrød til å ligne på Jomfru Maria, men det er en annen historie).

Sagt på en annen måte igjen, så tar Silje kanskje feil fordi alt er det samme, og kategoriene er menneskelige. Kanskje til og med "alt" og "likt." Altså at ingen av oss har rett i noenting noensinne. Altså det såkalte "ex.phil-studentens dilemma." Denslags kan man kun hevde i fylla uten å bli slått ned, er min erfaring.

Men uansett, så er det akkurat det her jeg liker med litteraturkritikken: denne evnen til å ta frem to verk samtidig, og få dem til å gnisse opp mot hverandre og produsere et tredje verk i leserens hode. Jeg er glad for at du deler det med oss. Jeg har egentlig tenkt lenge på at jeg burde begynne å publisere denslags på bloggen min. Kanskje jeg skal gjøre det.

Nå skrev jeg fryktelig mye, men jeg har nettopp kommet meg over et forferdelig virus-angrep som forkrøplet min datamaskin, så jeg gikk kanskje litt over styr med kommentarens lengde. Fortsatt god aften.

M

Men. Eh. God post altså.

Unknown sa...

Ja, som de seier, begge to, bøker har ting felles. Som Martin seier, vi får ting til å likne. Samtidig er jo ting ganske like òg. På same måten som dei fleste dyr har dei fleste gener til felles, deler karakteristika som likt tal på lemmer, auge og liknande, så er det jo noko likt med alle forteljingar. Ein lesande ape vil sannsynlegvis ha like store problem med å skilje den eine vestlege forfattarskapen frå den andre som vi har med å skilje den lesande apen frå ein som ikkje kan lese.

Hm. Eg veit ikkje heilt kvar eg vil hen her. Det eg eigentleg snakka om, var jo ikkje ein tilfeldig likskap, men ei medviten tilnærming. Uansett, likskapane mellom dei to bøkene eg skriv om vart påpeikte i fleire av meldingane av bøkene, men eigentleg ikkje handsama så veldig inngåande, så langt eg har sett. Kjetil Røed i Vinduet nøyde seg til dømes med å slå fast at White Noise er betre.

Martin: Fint at du har kome deg over det forferdelege virus-angrepet. Ikkje lett å verne seg i den store, stygge Windows-verda. Trygg blir du ikkje før du kjøper deg ein mac, veit du.

Susanne Christensen sa...

Mens vi taler om DeLillo: hvis nogen vil låne 12 siders grisebank af "Cosmopolis" så er det mig de skal tale med. Den ene af årets eksamensopgaver lød: "Cosmopolis" - en vurdering ... Øystein, er du snille at fixe linket til min blog, by the way? Tak!

Susanne Christensen sa...

znille-dille. måtte bare sige det

Unknown sa...

Susanne: Sorry. Fiksa no.

Susanne Christensen sa...

Øystein, tak. Har lyst til at sige at verden kan vente sig superflotte BG-bøger snart! Det tog virkelig form igår, superbra!