8.12.04

Min første pris

Den første prisen eg har vunne i mitt liv: prisen som årets publikumar under forfattersleppet i Bergen. Eg held premien opp med den høgre handa mot botnen, og den venstre handa støttande mot flaskehalsen. Eg ønskjer med dette å takke alle gode vener, alle dei eg ikkje kjenner, og dessutan mamma og pappa.

17 kommentarer:

Silje sa...

gratla, som me seie i stavanger. og takk for at du hogsa på meg og.

Unknown sa...

Ja, de seier så mange underlege ting, der nede i tjukkaste Stavanger, eit framandt, for ikkje å seie forgjetta land, så fullt, likevel, stort sett, av løgner og olje.

Susanne Christensen sa...

gratulerer så mange gange, øystein! as they say: you sure is a crowd pleaser. vi vil se dig stagedive næste gang, du

Unknown sa...

Du har nok misforstått, Susanne: I'm not a crowd-pleaser, I am the crowd!

Silje sa...

mm, "løgner og olje", fin sammenstilling.
Ikke la den utslettes i det virtuelle.

Anonym sa...

Som den gamle låter går: "I'm not an actor / I'm not a star / I don't even have my own car"; da er det bra at det finnes noen priser som i stedet går til de trofaste, de stillfarne, de lyttende og de tålmodige, kort sagt: at noen løfter fram de som møter opp når andre løftes fram. Gratulerer! Det ligner forresten et bra forretningskonsept, dette: Å arrangere prisutdelinger til den beste publikummeren på den forrige prisutdelingen, og så videre i en glad og fuktig runddans. (Og nei, dette er ikke det samme som hva T6PC drev med.)

/Audun

Susanne Christensen sa...

å? åja, for vidnes (eller nogen af dine øvrige inkarnationer, du pessoaist) læste slet ikke på forfattersleppet 2004! -- hvordan bliver man nomineret i kategorien "god publikummer" - var det fordi du ikke råbte stygt af knut hoem da han ikke kunne huske hvad din bog hedder, mon tro? gratulations anyways:)

Unknown sa...

Vel, Susanne: ein av føresetnadane for å vere ein god publikumar er at ein ikkje står på scenen. For meg er dette to kunstartar som skal skiljast strengt åt. Det ligg ei stor framtid i publikumskunst. Berre det å vere til stades. Men for å vinne ein pris for dette, gjeld naturlegvis det same som for alle andre prisar: det held ikkje å utøve kunsten, ein må i tillegg tilhøyre ein losje. I dette tilfellet heitte losjen Norsk forfattarsentrum, og prisen blir ikkje delt ut til dei som ikkje er medlemmer.

Silje sa...

kjære sankt publikumst,
nå begynner du å bli eplekjekk.
Synes du kan donere prisen til Garage slik
andre stjerner gjør.

Unknown sa...

Kjære glassdråpe, det har du fan brette meg rett i. Men prisen gjer situasjonen spesiell: skal eg donere ei flaske vin til garage? Det blir for meg ein svært underleg ting å gjere. I staden vil eg donere prisen til deg. Men du må nok dele den med fleire: alle lesarane av denne bloggen er herved inviterte til nyttårsfeiring i Residensen, Professor Hansteens gate 88, Møhlenpris, Bergen, frå klokka åtte til den siste slutt, og der vil prisen bli donert til alle som kan lese!

Silje sa...

hihi. takker, og stiller nok dersom ikke langveisfarende venninner trygler for sterkt om mitt nærvær. denne gang skal jeg sørge for eget fluid-reservoar. det skal mao bli du som må betala!

Silje ( ikke visste jeg at denne pseudopoetiske glassdråpedriten var SÅ klebrig)

mrtn sa...

Hurra for den edle vinner! Og hurra for de edle dråper! Vi sees i residensen.

Unknown sa...

Kjære Silje: langveisfarande venninner er også velkomne! Vi har god plass, og det er høgt under taket!

Unknown sa...

Og kjære Martin: eit takk, eit amen, med folda hender, og eit begeistra ja, til høvesvis den første, den midterste og den siste setninga.

Anonym sa...

Gratulererer, Ø!
Olaug:-)

Malte sa...

Gratulationer, Öystein! Det är mycket svårare att vara publik än att stå på scen när det gäller litteraturuppläsningar.

Unknown sa...

Takk, Malte. Du skjønar kva det dreiar seg om. Det er eit krevande liv, og det er godt å bli sett pris på.