8.12.04

Det grå

Etter ein god middag på det eg trudde var ein av byens betre restaurantar, hadde eg natt til i går ei eksklusiv to-veis dramatisering av Olaugs barnebok på eit hotellrom i Krakow (for dei av dykk som ikkje umiddelbart skjønar kva det dreiar seg om: de vil ikkje vite), noko som sette meg i dårleg stand til dei tre flyturane som måtte til for å bringe meg trygt heim til Bergen. Men eg kom fram. Og no er eg tilbake i det grå. Nokon vil kanskje seie at det er ein paradoksal ting å seie når ein kjem tilbake frå Aust-Europa, men til det er det berre å seie at Polen ikkje er i Aust-Europa, men Sentral-Europa, og medan himmelen der var blå, så er den ikkje blå her.

Ein må finne håp, og det må vel då vere nettopp i det grå. For å sitere meg sjølv, og det må jo vere føremålet med å ha sin eigen fristad, at ein kan dyrke sine eigne innfall og tilbakefall, noko eg skreiv ein gong, i ein litt idiosynkratisk artikkel om kulturforsking:

Vi vil ha tak i det grå. Håpet må vere at vi bak dette kvardagslege vil få auge på noko som er endå meir kvardagsleg, ja så kvardagsleg at det ikkje kan la seg oversjå. Håpet om at det bak det fargerike biletet av samtida er eit anna bilete som er så grått at alle moglege fargar potensielt sett er til stades.

Eg veit ikkje om eg tok feil. Kan alle fargar vere til stades i det grå? Kvitt lys inneheld alle fargar, det veit eg, men kan ein dempe det kvite i det kvite lyset og få grått lys? Når ein blandar plastalin av ulike fargar blir det brunt. Men er det kanskje fordi det er ein overrepresentasjon av "varme" fargar i fargeutvalet?

Ved nærare ettertanke: det grå føreset ein minutiøs balanse, digital presisjon, 50% raudt, 50% grønt, 50% blått, eller 50% cyan, 50% magenta, 50% gult, 50% svart, og så vidare, i fleire alternative fargesystem.

3 kommentarer:

Silje sa...

mm. velkommen tilbake, med eller uten ronnys rumpe, for å være siljesubtil. jeg morer meg egentlig med derrida. p de man og co, så hvorfor går det så inderlig tregt. Eneste lyspunkt er i dag "Skolen" og en hjemmelaget pizza som freser i ovnen.


Fine ord, som vanlig.

blågrågul silje

Unknown sa...

Takk for det, Silje. Eg for min del fekk telefon frå forfattarsentrum, der dei spurde om eg ikkje skulle kome på møte i dag. Litt uvanleg, og eg får nesten mistanke om at det var ein grunn til at dei ringte, at dei kanskje har tenkt å kåre meg til årets publikummar på forfattarsleppet. Dette er ein årleg pris som involverer ei flaske vin. I fjor var det Øyvind Rimbereid som stakk av med den.

Silje sa...

Ø: Sounds like fun to me! Jeg har vært aftendriver hele kvelden, men fikk med meg en spennende episode av "Skolen", må vite! Ellers har jeg kommunisert med Chile og Skottland, på messenger beta-versjon. Virkelig moro, med animasjoner og "nudge"-sending. Jeg tror definitivt jeg må finne meg et annet sted å skrive. Men jeg smiler til meg selv der jeg er dekonstuktivist i antiakademiske sammenhenger også..

Håper du vant vin. Vin er betre enn vann.