28.12.06

Tekstanneks

Eg stel ideen frå Susanne: Eit knippe bokmeldingar – og andre tekstar – kan lesast her.

Eg hadde også tenkt at eg skulle skrive noko om det å skrive desse bokmeldingane, som om det var ein viktig å gjere, å skrive noko om dei, til dømes om korleis det går til at ein blir så på kant med ein meldar som ein elles ser på som ein av dei beste i landet, Odd W. Surén, men det er ikkje stort anna å gjere enn å slå fast at eg syntest det var stor stas å få eit ironisk-sarkastisk innlegg mot Fosnes Hansen-meldinga (lenke her, men Morgenbladet-abonnement påkrevd).

Ikkje noko meir å seie om dette, men i grunnen får eg litt lyst til å lenke til David Hume sitt essay «Of the Standard of Taste» frå 1757 – der han mellom anna skreiv «Whoever would assert an equality of genius and elegance between OGILBY and MILTON, or BUNYAN and ADDISON, would be thought to defend no less an extravagance, than if he had maintained a mole-hill to be as high as TENERIFFE, or a pond as extensive as the ocean» – utan at eg er heilt sikker på kva det skulle vere godt for. Eg gjorde det visst i alle fall.

Ei helsing med handa


Denne mannen fortener ei siste helsing. Ein gong skriv eg kanskje meir om dét, men inntil vidare: berre ein ublu, rett nok abstrakt honnør og eit bilete.

3.11.06

Mørkret, mellomromma og dei meir enn tusen orda


Kven er alle desse folka?
Originally uploaded by ø.



Ein gong kjem det til å skje noko her.

Ting kjem til å sjå annleis ut.

Og ting kjem til å skje.

Men i mellomtida talar bileta med sine meir enn tusen ord.

Eller – om du føretrekk ei slik omrekning – meir enn 6000 teikn inkludert mellomrom.

5000 utan mellomrom.

Viss du ikkje likar å telje mellomromma.

Eg synst du skal telje mellomromma.

Dei er viktige.


Dette er Norzink (1)
Originally uploaded by ø.


I Odda kino
Originally uploaded by ø.


På ein vegg i eit hus i Odda
Originally uploaded by ø.

21.8.06

It Aint Far to the Bar (But it’s Such a Long Road Back)

... Men Dylan gjer begge vegane kortare? Var det det eg ville seie? Då eg først høyrde at Bob Dylan hadde teke jobb som DJ i ein amerikansk radiostasjon, syntest eg det høyrdest ut som ein litt corny idé. Det eg ikkje visste var at det ikkje var ein litt corny idé, men ein knallidé! Å høyre Dylan grave fram meir eller mindre obskure låtar til klassiske tema som vêret, mødrer, drikking, blomster eller djevelen, og knyte dei saman med tørr humor, poesi og ein gjennomført underleg setningsmelodi, kjennest som ein fantastisk luksus frå ei svunnen tid. Som eit møbel nokon arva ein gong, men sette på loftet og seinare ga vekk til ein loppemarknad der du tilfeldigvis snubla over det og kjøpte det billeg, og difor no kan sitje i det og la nokon andre sine minner strøyme gjennom hovudet og kroppen? Ja, litt slik.

Om du er nysgjerrig og tolmodig, kan du laste ned alle dei hittil 16 radioprogramma her. Og på denne bloggen står det om historia bak det heile.