3.11.06

Mørkret, mellomromma og dei meir enn tusen orda


Kven er alle desse folka?
Originally uploaded by ø.



Ein gong kjem det til å skje noko her.

Ting kjem til å sjå annleis ut.

Og ting kjem til å skje.

Men i mellomtida talar bileta med sine meir enn tusen ord.

Eller – om du føretrekk ei slik omrekning – meir enn 6000 teikn inkludert mellomrom.

5000 utan mellomrom.

Viss du ikkje likar å telje mellomromma.

Eg synst du skal telje mellomromma.

Dei er viktige.


Dette er Norzink (1)
Originally uploaded by ø.


I Odda kino
Originally uploaded by ø.


På ein vegg i eit hus i Odda
Originally uploaded by ø.

21.8.06

It Aint Far to the Bar (But it’s Such a Long Road Back)

... Men Dylan gjer begge vegane kortare? Var det det eg ville seie? Då eg først høyrde at Bob Dylan hadde teke jobb som DJ i ein amerikansk radiostasjon, syntest eg det høyrdest ut som ein litt corny idé. Det eg ikkje visste var at det ikkje var ein litt corny idé, men ein knallidé! Å høyre Dylan grave fram meir eller mindre obskure låtar til klassiske tema som vêret, mødrer, drikking, blomster eller djevelen, og knyte dei saman med tørr humor, poesi og ein gjennomført underleg setningsmelodi, kjennest som ein fantastisk luksus frå ei svunnen tid. Som eit møbel nokon arva ein gong, men sette på loftet og seinare ga vekk til ein loppemarknad der du tilfeldigvis snubla over det og kjøpte det billeg, og difor no kan sitje i det og la nokon andre sine minner strøyme gjennom hovudet og kroppen? Ja, litt slik.

Om du er nysgjerrig og tolmodig, kan du laste ned alle dei hittil 16 radioprogramma her. Og på denne bloggen står det om historia bak det heile.

15.7.06

Ekstasar: ei oppsummering

Ekstatisk!
[Karakter: 6]
For en ekstase! For en roman! For en fortelling! Og for en vilje og
evne til å fortelle! For en absurditet! For en eleganse!

Denne korte romanen fra Samlaget er en perle i et grisetryne. Den slår deg overende. Og når du reiser deg har du bare lyst å lese den igjen, lese begynnelsen, lese hvordan det hele startet, nok en gang, lese slutten, lese hvordan det hele endte, nok en gang.
Ekstasar utvider klisjeen om boka en ikke kan legge fra seg, Ekstasar er en bok en har lyst å ta med seg. Ha på innerlomma,på trikken, på skolen, ved middagsbordet, i gymbagen, i kofferten, ha tilgjengelig for alle disse stundene som ikke er bra i livene våre, alle disse stundene en bare ønsker å forsvinne, eller i det minste endevende, forandre, tenke nytt, tenke godt, tenke stort, tenke positivt, tenke svermerisk.
Ekstasar er historien om ordføreren som blir husokkupant, som etter en hallusinasjon ønsker å gjøre byen sin til en anarkistisk stat. Ekstasar er historien om en manns grunnleggende fall og tilværelsesnekt, fortalt med kjærlighet til livet og mulighetene og fjellene og fortauene og menneskene.
Ekstasar er en oppvisning i elegant språkføring, med diskrete anaforer, repetetive tankebaner og et underliggende, nærmeste temmet frustrasjonspotensiale, som forfatteren så behagelig og forførerisk manøvrerer.
Gratulerer.
(Oddmund F. J. Vaagsholm, Spirit)

Absurd tragikomikk
[Karakter: 5]
Nå er han ute med «den vanskelige andreboken», som skal (be)vise at han har mer å fare med som forfatter. Og det har han, teknisk språklig dyktig som han er i romanen «Ekstasar». (...) [D]yktig språkføring og spennende formidling. Samt mange skarpe iakttagelser og fasettert humor, med snert, angående den «glade» galskap.
(Sunnmørsposten – ikkje på nett)

«Eg gjekk heim. Eller gjorde eg det?»
Øystein Vidnes lukkast nettopp av di han er god til å sjå og skildre små, små rørsler og faresignaliserande endringar. (...) Ekstasar har ein konstruksjon som heng godt saman og som heilt til det siste syg lesaren med seg i galskapen og forvirringa som høyrer til.
(Nøste Kendzior, Dag og tid)

Poesi og galskap i roman
Romanen tar fatt i skjeringspunktet mellom utopi (her: anarkisme/anarki) og galskap (ordføraren i ein kommune er eg-person) og poesi/ musikk i menneskeskildringa. Eit herleg skjerings-punkt.
(Helge Rykkja, helgerykkja.com)

Ekstasar
Å gi seg ut på eit så ambisiøst prosjekt som denne boka er, er ikkje mindre enn eit vågestykke. Men Øystein Vidnes kjem godt frå det. Svært godt. For meg er det detaljane som gir mest. Det boblar av fantasi og forteljarglede i eit vell av små , små historier, observasjonar, skisser. Og ikkje berre det: Øystein Vidnes har tillegg både ferdigheit, tolmod og sjølvdisiplin til å nyttiggjere seg desse frodige påfunna - desse mosaikkbitane - på ein måte som gjer at han får sagt ting som vanskeleg kan seiast på anna vis. Og her vil eg seie det såpass sterkt at på dette området pløgjer Øystein Vidnes ny mark. Det vil bli lagt merke til!
(Vidar Parr, Synste Møre – ikkje på nett)

Lunefull rapsodi
Det finnes en såkalt umiskjennelig tone i boken. Det er lun humor, kunne man tenke. Men det er lunefull humor! Ekstasene er overstadige innfall! (...) Vidnes skriver best når han lar assosiasjonsmotoren gå varm, og damper ut gloser i en boklig humor som tigger om å bli lest høyt.
(Espen Grønlie, Morgenbladet [abonnement påkrevd])

Skakt og masete
Forsøkene på skakk humor løper litt for ofte ut i mas og likegyldigheter, språklig og tematisk. Selv ikke skriftmessige og typografiske snurrepiperier tilfører stykkene noe; likevel er det noe eggende ved opptakten til "Fjellet" og "På hi side [sic] av elva" - før tastaturet går amok. (Terje Stemland, Aftenposten)

(Enkelte vil vel hevde at det er litt sjølvoppteke å publisere ei slik oppsummering, det får så vere. Det er jo opplysande, sjølv om det òg er historiereviderande, naturlegvis, uansett om ein tek med fragment både av det positive og av det negative. Men når Olaug kan, så kan eg òg!)

13.7.06