15.4.05

Situasjonen og hans -istar og -ismer

Susanne tømer sjela si om situasjonistane, og det er sanneleg ikkje lite som kjem ut av det!

Stilla og det som kjem ut av henne

Det har vore litt stille her no. Eg var frista til å seie at det skuldast at eg ikkje har tenkt ein intelligent tanke, sett, høyrt eller lest noko interessant på fleire dagar. Ja, eg var frista til å seie at eg ikkje har tenkt, høyrt, sett eller lest noko som helst. Men det er ikkje sant. Eg leste om ein av tekstane på Åge Aleksandersens nye album, og då tenkte eg at "dette kjem Espen og Tormod til å kaste seg over", og der fekk eg rett. Diskusjonen er i gang borte på Vår blogg. Utfordringa og spørsmålet til Vår blogg blir no: kvar blir det av omtalane av Roger Whittakers siste album?

4.4.05

Eit kort oppgjer med norsk bokdesign (ok, berre ein liten ting)

Eit aspekt ved norsk bokdesign har sett seg fast i halsen på meg. Kva for eit aspekt er det? Det er klaffen. Eller heiter det innbretten? Her får det heite klaffen. Klaffen: ikkje klaffen generelt, for, den er praktisk og fin, på mange måtar. Det er heller ikkje den typiske smussomslag-klaffen eg tenkjer på, sjølv om den ikkje er så praktisk og fin, i og med at den berre tilhøyrer smussomslaget, som har ein tendens til å dette av og knorve seg, som vi seier i ytre strok, ein tendens til å vere for tynt og veldig fort veldig upent. Det kunne eg godt ha kritisert, men det er ikkje det eg skal gjere no. Nei. Så kom til saka då!

Ok! Her er saka: kvifor plasserer norske bokdesignarar biletet av forfattaren heilt til venstre på den første klaffen? Kvifor? Kan nokon fortelje meg det? Resultatet er nemleg at forfattaren blir ståande og stire på meg ut av – det rett og av og til påkosta og nøye innstuderte – biletet medan eg les boka. Greit, Odd Wilhelm, eg likar faktisk smilet ditt! Og det er sikkert ikkje din feil at du har blitt plassert der, men eg klarer ikkje at du sit der og stirer på meg medan eg les boka du har skrive. Det ser nesten ut som om det er meg du flirer av, og eg veit ikkje om det var meininga. Dette handlar ikkje om deg personleg. Ja, eg skulle gjerne ha invitert deg heim til meg for å sitje og stire på meg medan eg les. Det ville jo berre vere hyggeleg! Du skulle ha fått kaffi, te, vin, gin, kva du måtte ønskje. Men sitje sånn, inne i boka og stire, det er jo skummelt! Og du, Lars Ove, du ser då rett koseleg ut der du lener deg med ein arm kjekt opp mot - kva er det du lener deg mot?

Ok. Eg kan la vere å brette boka så mykje ut, og prøve å posisjonere sidene rett, slik at ansiktet ikkje kjem til syne der ytterst til venstre under dei sidene av boka som til no er lest. Men sjå der, kva skjer når eg blar om? Jau, han lurer seg fram igjen. Hei-hei! Titt-titt! seier han. Korleis går det? Les du vidare i boka mi?

Ok. Så skal eg vel ta av smussomslaget medan eg les. Eg kan legge det pent i hylla eller på bordet, så blir det ikkje knorva eller skite heller. Men kva er då meininga med eit smussomslag? Er det ikkje meininga at det skal vere der for å ta seg av smusset? Eller er det eg som ikkje veit? Og kvifor blir boka så naken når eg tek det av, eg blir redd for at ho skal fryse?

Ok. Det var dei spørsmåla eg hadde. Takk for merksemda.